"Vi" (var Re: Karsten Vedel Johansen)

From: oddm@altern.org
Date: 10-07-02


Brendberg skriv:

> (...) Eg synest
> du skal ha respekt for integriteten til folk, og diskutera sak i
> staden.

Javel, men då skyt du deg vel i foten med dette svaret ditt?

>
> HOB: Nei, eg trur ikkje Johansen er diabolsk - det trur eg i grunnen
> om få folk.

Det er heilt uinteressant kva du tykkjer om Johansen eller "folk",
Brendberg. Me er ikkje her for å diskutere kvarandre, eller måten me
diskuterer på. (Det er i det minste ei heilt underordna side).

> Den typen diskusjonar KK-forums skrekk, kaptein Vedel Rødskjegg som
> siglar rundt på dei sju polemiske verdshav, alltid med sabelen klar
> til hogg når han luktar stalinistars blod, og med svart lapp framfor
> det eine auge - det ein ser seg sjølv med - meiner eg dreier seg om
> noko anna enn å søkja sanninga saman. Det dreier seg om å vinna
> imaginære sigrar i ein idekrig mellom ljos og mørkre. Resultatet er at
> KK-forum til slutt blir ein lang monolog.

Du sit vel i glashus i så måte? Eg var på reisefot ei stund, og kom heim
att til lange tiradar om religion og liknande. Eg ser faktisk ikkje på
det religiøse som eit sentralt tema, men fann det ikkje spesielt
problematisk. Det var heller ikkje problematisk å la vera å kommentere
"religionsdebatten". (Ein må dessutan aldri gløyme at ein i verste fall
har <Del>-knappen...).
 
> Problemet er ikkje at Johansen er "vond" på noko vis. Problemet at han
> ikkje har lært seg å sjå grensa mellom sitt eige, og den andre. Han
> ser ikkje nesten sin - berre motstandaren. Og som den litt bortskjemte
> ungen, trur han all kritikk er eit uttrykk for hat. Eg likar Johansen
> - men eg synest han har nokre uvanar han bør leggja av seg.

Eg veit ikkje kva du vil fram til, men her bablar du i veg nok ein gong
utan å sjå bjelken i ditt eige auge, for å halda seg til ein "religiøs"
metafor. Alle har uvanar, deg og meg inkludert. Men er det verkeleg noko
å "diskutere"? Kan ein ikkje vera som ein er?

Framstellinga av Karsten er heilt feilaktig, spør du meg. Eg har ved
fleire høve krangla med han, men det er ikkje noko problem, for me har
langt meir til felles enn det som skil oss. Og det han skriv er meir
interessant enn mykje anna som kjem på trykk her (eg snakkar nok ein
gong på eigne vegne).
 
> Eg er samd med Trond Andresen i at litt frisk polemikk røskar opp i
> klam stemning. Men det finst måte på alt. KK-forum er ein glimrande
> ide - og takk og lov for at Andresen har drive det fram. Men eg trur
> det er på tide å skifta kurs litt. Slik det har vore til nyleg, har
> det vore ein kombinasjon av Johansen sin monolog og utklypp frå den
> liberale presse. Få har tort å opna kjeften sjølve. Det at ordskiftet
> stoggar og frys fast, er nettop totalitarismens vesen, Karsten! Og du
> kan ikkje leggja skulda på dette på resten av verda. Du må sjå deg
> sjølv også, og tenkja gjennom om noko av det du gjer er ein del av
> problemet.

Nok ein gong er eg heilt usamd i framstellinga di. Eg har ikkje deltatt
i det siste, først og framst fordi eg har drive med andre ting. Forumet
har vore nokså aktivt, ser eg, ikkje "fastfrose", eller spesielt prega
av monolog. Når det gjeld det siste, forstår eg som sagt ikkje heilt
korleis du kan oppkaste deg i høve til Johansen. For meg har det aldri
vore noko problem at nokre skriv meir enn andre, enda mindre når det som
blir skrive, er interessant.

> Dette med å sjå nesten sin er heilt grunnleggjande i all menneskeleg
> åtferd. Eg tek ein klassikar frå Buddhistisk tenkjing - historia om
> Angulimala:

Dette blir pompøst laussnakk i samanhengen, Brendberg.

> Ta deg ein tur ut i godveret, Karsten! Vi synest du er ein verdifull
> kar - det er berre synd at du brukar evnene dine så dårleg.

Det er vel "naturleg" at du endar opp slik - ved nedlatande å snakke om
"vi"... Kven er "vi", Brendberg? Ser du ikkje kor pompøst dette er? Kan
du ikkje snakke for deg sjølv, i staden for å oppkaste deg til
(skinheilag) domar på vegne av "alle"? Slike metadebattar er diverre eit
tilbakevendande fenomen, men fører sjølvsagt ingen veg.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST