Ordskiftet

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 10-07-02


"Kinas kommunistiske parti har foretatt en klartskuende vurdering av den
internasjonale og hjemlige situasjon på grunnlag av marxismen-leninismens
vitenskap, og har sett at alle de reaksjonæres angrep ute som hjemme ikke
bare måtte knuses, men også kunne knuses. Når mørke skyer samlet seg i
horisonten, pekte vi på at det var bare et midlertidig fenomen, at mørket
snart ville vike og solen trenge fram."
                Mao Zedong: "Den nåværende situasjon og våre oppgaver" (25. desember 1947)

Kjensla av å leva i dei siste tider er ikkje ny, du finn ho før andre
verdskrigen, under reformasjonen og i seinjødedomen. I slike tider er ikkje
oppgåva berre å sjå dei mørke skyande som samlar seg i horisonten. Dei ser
alle ærlege folk. Poenget er å peika ut ein sti vidare - ut i ukjend mark.
For det er i slike tider du må nyskapa på grunnlag av det gamle. Det er
dette som gjer folk som Paulus, Luther og Mao til nøkkelpersonar i historia
vår - dei er fakkelberarar inn i nye tider.

Det er ei anna rolle enn den intellektuelle i vesten til vanleg dyrkar. Det
som skal til for å hevda seg i den alminnelege diskursen er det negative:
Kritikken, avsløringa, avdekkinga. Og det interessante blir eit mål i seg
sjølv. Målestokken på eit arbeid eller ein debatt blir kor interessant det
var. Det er ein målestokk som i lengda utholar seg sjølv. Vi menneske er
moralske vesen - og det moralske er den einaste målestokken du kan døma
menneske etter.

I kristendomen heiter kjetteriet manikeisme, etter perseren Mani, som levde
i Babylon på 200-talet. Manikeismen er eit strengt dualistisk system:
Lysfaderen og Mørkets fyrste ligg i strid med kvarandre. Mørkets fyrste har
skapt mennesket, og gjeve det kvinna for å binda dei lysglimta han har
erobra til denne verda. Men Lysfaderen sendte Urmennesket (Jesus) for å
befri desse glimta frå denne verda.

Manikeismen er eit tidleg uttrykk for den einsidige dyrkinga av medvit og
intellekt - i motstetnad til det jordbundne. Det himmelvendte, kroppslause
mannlege mot det jordbundne og kvinnelege. I stor grad hadde kyrkja
overvunne dette kjetteriet på 900-talet.

Opplysingstida er innleiinga til ei liknande historisk rørsle. Marxismen var
på mange måtar det store idesystemet som kom ut av 1800-talet. Han var eit
produkt av si tid, naturlegvis, og hevda å vera eit "vitskapeleg" verdssyn.
For å legitimera seg, understreka han motsetnaden til religion. Difor
definerte dei første generasjonane marxistar seg som "materialistar". Den
dialektikken mellom medvit og materie du trass alt finn hjå Marx gjekk tapt.
Marxismen var heilt enkelt å koma til medvit om korleis verda var - og alt
anna var fordomar og hindringar.

Revolusjonen i Sovjetunionen skapte difor ein uhyggeleg, manikeisk
situasjon. Leiarane og apparatet trudde på den nye, "vitskaplege"
verdsåskodinga, medan landet stort sett framleis var eit ortodoks land.
Desse religiøse tankemønstra og forestillingane vart difor sett på som ei
trugsmål, som eit mørke som truga med å bryta ut kvar som helst. Mykje av
den totalitære logikken som låg i systemet, var knytt til denne trongen til
å gje det "verkelege" verdsbiletet overtaket. Mange andre sider av
revolusjonen var populær - antireligiøsiteten var einast repressiv.

Ser ein bort frå den maoistiske bølgja, har seinare marxistisk tenkjing
difor hatt sterke manikeiske drag. Ein dyrkar ein bysantinsk, skjematisk
analysemodell, der poenget er å nå fram til "rett svar" (det marxistiske).
Denne prosessen kan vera rimeleg upåverka av røyndomen. Det som vart vunne
med oppgjeret med den gamle teismen - å sjå Gud som forklaring på alle
ting - gjekk tapt etterkvart som generalforklaringane - imperialisme,
kapitalisme og borgarskap - forklarte alt, uansett. Den levande dialektikken
du finn i historieskrivinga til Marx gjekk tapt.

Men dette har også samanheng med ei djupare rørsle i vestleg tenkjing. I den
mest lesverdige boka om postmodernisme eg har vore borti på norsk - "Det
forseglede budskap" av Stein Mehren, skriv Mehren:

"Trancendentalfilosofien konstituerte den mannlige tanke som bevissthetens
primat. Fordi tenkerne i definisjonen av bevisstheten hadde sjaltet ut alt
som ikke var tenkende jeg-bevissthet, hadde de sjaltet ut det meste av det
som gjør et jeg til et jeg. I løpet av to hundreår ble en rekke åndelige og
psykiske fenomener reduktivt fjernet fra tenkningen og postmodernistene står
tilbake med språket som eneste tilflukt for den mannlige tanke. Og fordi
denne tanke forveksler en språklig problematisk identitet med den
subjektivitet som frembringer den som selvbilde - fornekter den muligheten
for virkelig transcendentalitet og identitet. Dermed blir jeget fullstendig
irrasjonelt, noe fremmet og uforutsigbart fra følelsenes rike som ikke
inneholdes i oss som tenkende individualitet.

Allerede i romantikkens reaksjon på opplysningstiden melder
"underbevisstheten" sin ankomst i den europeiske tanke. Vi ser det først i
romantikkens litteratur som er fyllt av dobbeltgjenger-motiver, av personer
som "overtas" av gjenferd og demoner uforståelige for dem selv. Og som
driver dem til fantasktiske handlinger. Det de har skjøvet ut av
bevisstheten vender tilbake som demoniske krefter."

Det er same manikeiske biletet vi ser i dag. Vi, lysets søner, skjelv i
frykt for mørket: Trugsmålet frå Islam. Trugsmålet frå den religiøse
fundamentalismen i USA. All slags verdsflukt og nyreligiøsitet og
hindunasjonalisme. Og valden - i det små, men kanskje først og fremst i det
store. Slik blir den mannlege fornuftsdyrkinga fanga i seg sjølv. Nett som
all slags menneskelege eigenskapar: Seksualitet, maskulinitet osb. riv seg
laus frå dei menneskelege samanhengane, og lever ein lausriven eksistens i
populærkulturen. Det skal litt til å forklara denne verda i dei gamle
skjemaene: Imperialisme, kapitalisme, borgerskap. Ikkje det at det gamle
skjemaet er galne - det er berre at det finst viktige ting dei ikkje fangar
opp. Korleis skal vi så analysera, for å syna at dei mørke skyane som samlar
seg i horisonten berre er eit mellombels fenomen, og at dei reaksjonære
åtaka både heime og ute både kan og må knusast?

Fridom

Frigjering, sa ein mot slutten av sekstitalet - "Om nødvendigheten av å leve
inautentisk" av Dag Solstad som viktigaste programartikkel. Det skulle vel
ikkje vera noko problem å leva inautentisk i Noreg i 2002 - det autentiske
er vel vanskelegare. Men kva er so fridom? Den finske, ortodokse forfattaren
Tito Colliander seier det slik:

Underkastelse og frihet

Uten frivillig underkastelse er der ingen frihet. En eldgammel setning, men
gyldig fremdeles.

Så snart læreren forstår å frivillig underkaste seg elevenes krav på den
kunnskap han kan tilby, og så snart eleven frivillig har underkastet seg
lærerens krav på oppmerksomhet, har de friheten i sikte. Hverken for
lærerene eller eleven blir skolearbeidet til tvang.

Dette gjelder allesteds i menneskets innstilling til omverdenen - den plass
det inntar i samfunnet. Det gjelder ekteskapet, i forholdet mellom foreldre
og barn, i direktørens relasjon til sine underordnede og i deres relasjon
til ham.

Underkastelse er frihetens vilkår. Også i menneskets stilling til slikt som
sykdom, ulykker, sorg, armod, ensomhet og alt annet i dets øvrige, intime
sjelsliv. I det å holde ut kroppens smerter er underkastelse den eneste
mulige hjelp til frigjørelse, og på samme måte er det med alle de
tvangssituasjoner vi ikke selv behersker.

Underkastelse - men aldri påtvungen. En påtvungen frihet er jo nonsens. En
underkastelse av frykt for straff eller repressalier, eller den krypende
tjenerens underkastelse i håp om belønning, mangler enhver mulighet til å
skjenke frihet. Der sitter nok mennesket ubehjelpelig bundet.

............

"Fridom" i rein form finst såleis ikkje. Men vi kan gjera som Oddysevs:
Vinna fridom gjennom å binda oss til masta. Vera det vi er - og halda oss
til det. Eg seier ikkje at dei tradisjonane eg reknar som mine - mellom anna
maoismen - er uproblematiske. Men problema løyser ein ikkje med å gå i
forsvarsposisjon, men ved å opna ordskiftet, slik at folk kan koma til orde
som det dei er - anten dei er kommunistar, liberale eller kristne.
Underkastar vi oss då nokre elementære krav til respekt for folk sine
utgangspunkt, er fridomen i sikte.

Når det gjeld Karsten Johansen, ser eg jo at dette ikkje er mogleg. Han er
på ein måte avhengig av å kunne stilla folk fødd på syttitalet moralsk
ansvarlege for brotsverk som skjedde 40 år før dei vart fødde. Han meiner av
ein eller annan grunn at han har moralsk rett til å krevja at folk skal "ta
avstand" frå dette og hint. I alle fall når det gjeld andre. Når det gjeld
sitt eige, er han sentimentalt eigenkjærleg, ned i detaljane - ned til
mellomnamnet. Karsten Johansen, stakkar, han kan ein ikkje eingong stilla
til ansvar for det han gjer her og no.

For han er jo så interessant, må vita, so intelligent. Han bidreg jo så
mykje. Det kan henda. Eg har fått ei kristen og sosialistisk oppdraging, og
det er målestokken eg dømer etter. Oppfører folk seg skikkeleg, er dei
intelligente nok for meg. Og problemet mitt med Johansen er at han
utrøytteleg insisterer på å tvinga folk i forsvarsposisjon. Og soleis er han
eit uoverkommeleg hinder for eit fritt ordskifte.

Eg har ikkje tenkt å "ta oppgjer" med noko som helst. Det bør ein ikkje.
Arnljot Eggen seier: "Vanskane har sitt eige, innfløkte nettverk. Høgg du
dei over, visnar du meir". Vanskane er der av ein grunn - og difor treng vi
det opne ordskiftet. Men det opne ordskiftet kjem ikkje om mønsteret er
sjølvhevding og sjølvforsvar. Det er eit påtvunge mønster som aldri kan gje
fridom.

I eit tidlegare innlegg spurde eg:

KJ:"Jeg vet at det er uhyre vanskelig å se sine egne feil i øynene".

HOB: Eg forstår ikkje heilt kva du meiner, Karsten. Kva er det du "veit".
Veit
du at eg har vanskar med å sjå eigne feil i augo? Eller veit du at du sjølv
har uhyre vanskar med det?

Karsten svara ikkje på dette. Han reknar det for å vera i sin skjønnaste
orden å påstå at eg har vanskar med å sjå eigne feil i augo (og der trur eg
sant å seia at han bommar litt). Medan hans eigne feil og manglar er
unemnelege. Han er fanga i eit mønster av eigensentimentalitet og
aggressivitet. Det mønsteret har historisk eit namn.

Men nok om det. Johansen vil ha det til at eg " er blitt så utrolig
personlig olm" på han. Eg trur dei som les ordskiftet ser at dette er ein
merkverdig konklusjon. Men eg har teke meg same rett til å diskutera hans
personlege posisjon, som det han meiner han har rett til i sine utrøyttelege
åtak på mine posisjonar. Det tolkar Johansen som at eg er "olm". Nok
eingong: Den bortskjemte ungen trur at all kritikk kjem av hat.

Men heilt realistisk: Dette er frukteslaust. I min kultur brukar vi å bryta
med folk, om vi meiner eit vidare hopehav berre er øydeleggjande. Og difor
trur eg det er like greitt å bryta her, i staden for å føra vidare eit
ordskifte som eg ser får Johansen til å gå i heilspenn. Frå no av går alle
innlegg frå Johansen uleste i papirkurven.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST