Predestinasjon

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-07-02


Ein hyggeleg kar sende e-post til meg, og hevda at eg tok feil når eg sa at
predestinasjon var knytt berre til kalvinismen. Etter å ha tenkt meg om, må
eg gje han rett i det. Utanom kalvinismen har du såvidt eg veit desse tinga
innanfor kristendomen som har med predestinasjon å gjera:

1. Kva med heidningelanda? Om ikkje kristen misjon har kome til eit land,
kan ein jo neppe bli døypt eller frelst? Eg veit ikkje kva kyrkja seier -
men dette verkar som ein slags "indirekte" predestinasjon. Her er kanskje
kristendomen mindre universalistisk enn Islam (som so vidt eg veit berre
reserverer helvta av plassane i himmelen for muslimar - det finst jo berre
ein gud, dei kristne dyrkar jo også denne eine guden, sjølv om dei har
vrengt litt på bodskapen).

2. Og kva med dåpen som nådemiddel? Katekisma gjev oppskrift for nauddåp - i
lutherdomen er ikkje prestetenesta sertifisert, lekmannen kan døypa når det
trengst (eg hadde ein fritenkjar i slekta eit par generasjonar tilbake som
døypte i ein slik situasjon, der eit vettskremt, kristeleg og ugift par fekk
ein unge som ikkje levde over. Det var vanskeleg å få prest til gards over
nordnorske fjordar i den tida).

3. Så vidt eg veit (korriger meg om eg tek feil) er det slikt som dette som
ein trygt skal overlata til Gud, og ikkje spekulera seg i hel på innanfor
ortodoksien. Ortodoksien er meir ritualistisk, mindre skolastisk enn
katolisisme og ulike slag reformert kristendom.

4. I den seinmiddelalderske, katolske kyrkja får ein utvikla føydale
klasseideologiar der dei fattige er predestinerte til fortaping (eg trur
dette er noko av opphavet til reformasjonen). Den anglikanske kyrkja er her
kløyvd mellom høgkyrkjeleg adelsideologi og ulike slag lågkyrkjelege,
folkelege retningar. Korleis dette er innanfor den katolske kyrkja i dag
veit eg ikkje.

5. Eg trur dette er ei innebygd spenning i kristendomen. Kristendomen, som
forkastar lova til fordel for evangeliet, har lett til å igjen bli ein
sjølvrettferdig, fariseisk religion som fordømer syndarar og rosar seg av
eiga frommheit når han får ein etablert maktposisjon. Og då er ein snart på
veg mot predestinasjonen - og evangeliet blir viska ut.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST