Den sionistiske labyrint

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 03-07-02


Osloavtalane og oppfølgjinga skapar ein komplisert labyrint som er perfekt
tilpassa den sionistiske maktstrukturen. I framtida ein gong skal vi få ei
glimrande løysing - men dette er frykteleg komplisert. Og medan vi ventar,
må vi berre øydeleggja nokre hus og skyt nokre tenåringspøblar. Vi må tenkja
på tryggleiken vår! Slik har det vore sidan femtitalet.

Dette er - slik eg ser det - den viktigaste grunnen til å byrja leita fram
løysinga med ein stat for alle religionar. Du treng ikkje vera ekspert i
Midt-Austen-historie for å diskutera med sionistar om du tek utgangspunkt i
ei ei-statløysing. Du forenklar diskusjonen, som med rasistregimet i
Sør-Afrika. Dermed kan du bryta maktstrukturane til sionismen. Dette er ei
standardoppskrift for ein slik diskusjon mellom palestinavenen A og
sionisten B:

A: Aksepterer du prinsippet om like rettar for alle menneske - jødar og
ikkje-jødar?

Om B ikkje godtek dette prinsippet, kallar du han nazist og antisemitt og
ringjer politiet. Om han godtek det, går du vidare:

A: Ein mann vart fødd i byen X i landet Y. Har han rett til å bu der, ha
sitt eige hus og reisa bort og koma tilbake som han sjølv vil?

Om B meiner det ikkje finst ein slik rett, konfiskerer du huset hans på
Nordstrand. Om han meiner det, kan palestinarane reisa heim til Jaffa og
Netanya, og du held fram:

A: Bør alle vaksne ha lik rett til å røysta i parlamentsval i landet dei bur
i?

Om B er usamd kallar du han ein fiende av demokrati og bed Bush om å bomba
han. Om han er samd, har du like rettar for alle i Palestina.

Eg trur dette er enklare og meir realistisk enn det ein held på med no. Det
er viktig at folk forstår kva kampen handlar om.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST