Ordre frå Kalifen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 03-07-02


Det har vorte gjort mange forsøk på å finna "materialistiske" forklaringar
til den valdsame krafta i ekspansjonen til Islam i århundret etter Muhammad.
Eg trur likevel ikkje det er mogleg å forklara denne ekspansjonen utan at
ein først forstår den andelege energien Islam utløyste. Eg trur heller ikkje
det er mogleg å forstå dagens politiske Islam utan å sjå dette. Den ordren
ein av dei tidlegaste kalifane - Omar bin al Khattab - gav til sin hærførar
Sa'ad bin Abi Waqqas før han skulle erobra Jerusalem trur eg er eit
glimrande glimt inn i dette:

"Eg gjev deg og hæren din ordre om å frykta Allah heile tida. Å vera from er
det beste våpenet mot fienden og den beste strategien i slaget.

Og eg gjev deg og soldatane ordre om å frykta ulydnad mot Allah meir enn de
fryktar fienden. Om ein hær fryktar syndar meir enn fienden, vil Allah gje
dei siger. Muslimsk siger vil vera resultatet av at dei vantru ikkje lyder
Allah. Det finst inga anna makt enn Allah som kan gje oss siger, for dei er
alltid langt fleire enn oss og har betre våpen og hjelpemiddel. Om vi blir
like ulydige mot Allah som dei, vil dei erobra oss på grunn av at dei har
meir makt. Om vi ikkje kan sigra gjennom vår rette ferd, kan vi ikkje slå
dei med makt.

De må læra dykk at de har nokre englar med dykk som vernar dykk og gjerninga
dykkar. Vær forsiktig, og synd ikkje medan du slåss for saka til Allah. Og
sei aldri at fienden vår er verre enn oss og at dei ikkje kan vinna sjølv om
vi syndar. Mange nasjonar har kome under andre som var mindre rettrugne,
slik Zaratustristane vann over Israels born då dei synda.

De må be Allah om siger over dykkar eige ego på same måte som de bed om
siger over fienden. Be Allah om dette for oss og dykk."

For gamle maoistar kan det jo vera ein ide å samanlikna med dei tre
hovudboda og åtte reglane for den kinesiske raudehæren.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST