Teologisk vranglære

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 01-07-02


Eg meiner det både er viktige ting, og mindre viktige ting, som kjem opp i
diskusjonen mellom meg og Harald Fagerhus. Eg konsentrerer meg om det eg
synest er viktigast.

1. Harald Fagerhus (og Jon Michelet) hevdar kristendomen er eit verdsbilete,
og at dette har gått ut på dato.

Eg meiner dette er sludder. Kristendomen er ein to tusen år gamal religion.
På desse åra har verda skifta verdsbilete mange gongar - utan at det har
avgjerande konsekvensar for det eg vil kalla kjerna i kristendomen. I løpet
av første generasjonen - frå Jesu preikargjerning i Palestina til Paulus si
forkynning i Hellas - skifta kristendomen verdsbilete, frå eit judaistisk
til eit hellensk.

Du kan leita fram mange historiske døme på "kristne" verdsbilete - til dømes
Dante sitt. So kan du "prova" at desse er gått ut på dato samanlikna med
vårt. Eg meiner ein slik måte å argumentera på er heilt verdilaus. Med det
avskriv eg ikkje all argumentasjon mot kristendomen, tvert imot. Men poenget
med diskusjonen må jo vera å bli klokare, ikkje dummare.

2. Eg meiner Fagerhus ikkje får auge på den avgjerande, diametrale
motsetninga mellom kristendom og jødedom, i Jesu tid først og fremst ei
motsetning mellom Jesus og farisearane (saddukearane er mindre viktige i
denne samanhengen).

For å gjera historia kort: Judea og Galilea var på Jesu tid eit teokrati,
der prestane i følgje Mosebøkene hadde rett til å ta livet av dei som ikkje
retta seg etter prestane sin dom. Ikring år tredve byrja Jeshua å preika i
medviten og intelligent opposisjon mot dette teokratiet. Opposisjonen var
ikkje med reine ord - slik at dei kunne ta livet av han. I staden piska han
teokratiet med dobbelbotna historier som alle skjøna - men som ingen kunne
setja han fast på. Difor elska folk honom - avdi dei var misnøgde med
maktmisbruket til teokratiet. Du treng ikkje noko "openberring" for å skjøna
desse historiene - litt kunnskap om samanheng er alt som skal til. Nett som
det kan vera ein fordel å vita at Gramschi skreiv for å koma rundt
fengselssensuren i fengselsnotatbøkene sine. I heilt enkel, naken form finn
du konflikten mellom Jesus og farisearane i historia om farisearen og
tollaren, Lukas 18:9-14. I sin finaste form finn du vel motsetninga i
historia om kvinna dei hadde gripe i ekteskapsbrot, Johannes 8:1-11. Men for
å forstå den historia, bør ein vita at ekteskapsbrot er ei av dei tre mest
alvorlege brotsverka i klassisk jødedom - der dauden er viss for den kvinna
som har brote ekteskapet. (Annleis med mann som har brote ekteskapet med ei
ikkje-jødisk kvinne - då skal mannen ha pryl, medan den ikkje-jødiske kvinna
skal drepast).

Kyrkja og synagoga er soleis ein tvillingfødsel i seinjødedomen - men dei
representerer motsette grunnstandpunkt. Dette er svært viktig å skjøna nett
no - avdi folk "trur" at jødedom og kristendom er variantar av same
religion. Det er dei ikkje. Kristendom og islam er nokså like - jødedomen
svært ulik. Eg meiner kunnskap om jødedom er naudsynt for å skjøna det som
skjer i Palestina - og at "religionskritikk" av det slaget Michelet og
Fagerhus driv i staden bidreg til mørkleggjing. Evangelia er den enklast
tilgjengelege kjelda vår til kunnskap om jødedom - og den kjelda som flest
har tilgang til. Folk treng berre eit par, enkle tolkingsnøklar for å gripa
kva dette dreier seg om. Og eg meiner faktisk det må vera rett evangelisk
lære at det klokaste Bondevik kan gjera for å berga si udøydelege sjel er å
ta på seg ein kvernstein kring halsen, og hoppa på havet.

3.Harald Fagerhus skriv: "Trussel om helvete for annerledes tenkende
mennesker. Hva slag frivillig
underkastelse er det? (Jeg skal la friviljesproblematikken i kristendommen
ligge i denne omgang.) Alternativet til frivillig underkastelse burde være å
ikke ha noe med den autoriteten man kan underkaste seg å gjøre. I
kristendommen (og islam) er ikke dette tilfelle, siden man her opererer med
en allestedsnærværende (allmektig og allvitende) gud. Å ikke underkaste seg
er ikke bare "fravær fra gud". Man blir utsatt for en aktiv avstraffelse
fra gudens side, som attpå til skal vare til evig tid. (I islam får man til
og med en ny hud hver gang den er brent opp.) For å trekke en parallel: Noen
setter en pistol til tinningen din og sier at "hvis du ikke gjør som jeg
sier, så skyter jeg". Det står fritt opp til deg å gjøre som du får beskjed
om, eller bli skutt. Det er derfor helt klart at de oppsisjonelle som ble
henrettet i Hitlers Tyskland eller i Stalins Sovjet bare har seg selv å
takke. De kunne jo bare ha underkastet seg frivillig. Når blir
underkastelse ikke frivillig, Brendberg? "Frivillig underkastelse" er et
livsfarlig begrep. Det legitimerer det meste av blod, terror og knuste
hodeskaller."

HOB: Eg trur ikkje Fagerhus blir særleg redd om ein kristen predikant trugar
med ei framtid i helvete. Trugsmålet er ikkje røynleg for dei som ikkje
trur - og soleis blir det ei friviljug sak om du vil tru eller ikkje. Det
blir annleis med Hitler-Tyskland og Sovjet, der trugsmålet mot ikkje-truande
var langt meir konkret og røynleg. Nett difor er "friviljug underkasting"
ufårleg, medan "tvungen underkasting" er fårleg.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST