Elitenes forræderi mot samfunnet

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 17-06-02


Takk til Karsten for langt og grundig svar.

Eg tek ting litt punktvis:

1. Klima og mat

Det er vel ingen som tvilar på at Johansen har eit betre fagleg fundament
enn underskrivne akkurat her. Og Johansen ryddar dei fleste spørsmåla nokså
effektivt til sides - men eg noterer at vi er samde om å vera litt varsam
med bruk av forsikringsstatistikkar.

Det vi då står att med, er eit metodeproblem. Dei klimaendringane Johansen
skildrar, får i neste omgang tyding for produksjonsevna til dei
jordbrukssystema som produserer maten vår. Dette er den viktigaste risikoen
ved klimaendringar.

I tidlegare tider var det ei direkte tilbakekopling mellom jordbruk og
samfunn: Om eit samfunn gjennomførte tiltakt som sette ned produksjonsevna i
jordbruket, kom dette til uttrykk i sult, uro og bondeopprør. Den globale
handelen med mat, særleg korn, gjer at du ikkje har ei slik lokal
tilbakekopling. Dei finanselitane i New York som har ei tung hand over dette
handelsmønsteret kan i prinsippet leggja øyde verdas produksjonsevne, utan
sjølve å sjå noko til katastrofen. Sveltkatastrofar kan eksporterast! Det er
dette "krig mot terror" dreier seg om.

Det blir sagt om franske kokkar at dei kan bruka alt på grisen, unntatt
skriket. I dei stadig meir trøysteslause samfunna i den delen av verda der
utviklinga stagnerer, kan dette seiast om folk - berre motsett: Ingen av
dei ressursane dei har kan brukast til noko - unntatt skriket. Det er dette
sjølvmordsbomber handlar om.

Difor er jordbruksspørsmål så kompliserte - avdi det ikkje dreier seg berre
om produsert mengd, men også om kven som produserer. Det samfunnet som
produserer eigen mat er fritt på ein annan måte enn det samfunnet som må
kjøpa all maten.

Utan å opna den store diskusjonen om den russiske revolusjonen:
Hungersnauden i Sovjet i første helvta av tjuetalet var etter det eg kan sjå
alt for liten for dei styrande elitane i vest. Desse elitane - og særleg
USA - pressar på for å få eit handelssystem med mat der komande opprør blir
umoglege, avdi samfunn som freistar bryta lekkjene sine blir konfrontert med
umiddelbar og omfattande svolt. Alle som har opplevd matmangel, veit kva
makt handa som held maten har.

Difor er det ei stor forenkling - og ei på mange måtar tvilsam forenkling -
å rekna totalavling i verdas landbruk. Slike bruttotal reknar mellom anna
ikkje inn varig øyding av produksjonsressursane, som jomfrulandprosjektet i
Sovjet på femtitalet, som gav ein kortvarig avlingsauke, men til gjengjeld
øydela svære område for generasjonar. Men kva veit vi om totalavling i
verdas landbruk - og om utviklinga i dei store produksjonsområda? Kva skjer
i den amerikanske "dust bowl"? Ha ikkje amerikanske styresmakter svekka
tiltaka som vart innført etter katastrofen på tredvetalet? Kva skjer i
Russland, Argentina, Kina? Avisar og andre media er ikkje interessert i
slikt - men burde vi ikkje grava litt og få fram slike nyhende, som er langt
viktigare enn genmodifiseringsidiotiet - som jo tyder svært lite for
tilgangen på produksjonsressursar?

Og: Veit vi om produksjonsområde som opplever lokale kriser på grunn av
klimaendringar. Flaumane i Kina kan umogleg verka positivt på totalavlinga i
Kina. Nord-Korea fekk øydelagt tre avlingar på rad for eit tiår sidan - men
greidde likevel å overleva på eit vis. Veit vi om andre slike område med
jordbrukskrise?

2. Vidare skriv Johansen:

"Alt som foregår i verden i dag er for så vidt hallusinasjoner i de
mektigstes hjerner - og disses mer og mer katastrofale følger. Det Marx
kalte ”forhistorien” går dermed videre og videre og videre, som et
spøkelsesopptog som aldri stanser, en plate som sitter fast i samme
rille, og vi er ved å ende opp i karikaturen av Armageddonvisjoner osv."

Heilt samd. Framlegg til eksperiment: Gje 15 norske fjortenåringar av
hannkjønn(ikkje utdanna middelklasse og andre som skal opp og fram, men eit
alminneleg gjennomsnitt) tilgang på like mange datamaskinar med
nettoppkopling. Gje dei oppgåva "gjer det de har lyst til"?

Eg vil vedda på at utfallet i over helvta av tilfella vil vera at desse
femten etter ei viss tid sit og spelar spel som går ut på å gå rundt som
einsam kommandosoldat i ørkenaktige landskap, og skyta på alt som rører seg.
Har dei først kome dit, vil bli verande i dette endelause spelet.

Og dette dreier seg sjølvsagt om hallusinasjonar i hjernane til dei mektige.
Eller for den del avspeglinga av desse hallusinasjonane i hjernane til dei
makteslause. Som Fossen så råkande sa det: "De internasjonale
finansnettverkene lar seg ikke dekonstruere. Period." (Han har lese dette på
engelsk).

Men hallusinasjonar er mogleg å dekonstruera - men det krev først og fremst
at du menneskeleggjer deg sjølv. Vi er fanga inn i tankemønster der vi ser
på andre menneske som fiende, konkurrent, trugsmål. Sjølv "venstresida" er
det slik. Om nokon stiller spørsmål ved heilage kyr som td. "generøs
innvandringspolitikk" (generøs mot kven?), vil hundrevis av folk huka seg
saman i redsle for at dette i neste omgang fører til frislepp for frådande
irrasjonalitet og menneskefiendtlege valdsgorillaer. Kvar kjem denne redsla
frå?

Altso må vi ut or den tilbakelente posisjonen der vi sit med fingeren på
fjernkontrollen, klåre til å trykka "delete" kvar gong nokon seier noko vi
ikkje likar. Det er ein krevjande, men naudsynt prosess å opna ordskiftet.
Fyrste bod er at alle er velkomne - sjølvsagt ogso Erling Fossen, som er ein
triveleg fyr avdi han diskuterer ope, i staden for å lukka ordskifta.
Velkomen tyder sjølvsagt ikkje at ein slepp unna med alt ein påstår.

3. Til slutt skriv Johansen:

"Hvis vi tolker diverse gudsforestillinger som menneskenes tro på sin
kollektive positive skaperevne, "gode genius" eller det grekerne kalte
"demiurgen", må vi konstatere at dette nå har sviktet fatalt i minst
henved hundre år. Menneskene har som kollektiv, som art betraktet blitt
gamle og mentalt forstyrrede av sin ubearbeidede arv mens de har jaget
videre og videre fra "seir" til "seir". Deres onde genius/dødsdriften er
dermed alive and kicking som aldri før. "Utviklingen" har aldri vært
annet enn en hjelpesløs snublen framover for ikke å falle pladask, men
menneskenes selvutnevnte diktatorer, våre supergorillaer, nekter å se,
hvor komiske de egentlig er."

For eiga rekning vil eg kanskje leggja til eit par hundreår til. Eg trur
ikkje den klassiske "framstegstrua" er til å redda - til det er det litt for
mange teikn på at ho er i ferd med å møta veggen. Men eg trur vi klarar oss
utan henne - ein treng ikkje vera pessimist, sjølv om ein ikkje trur på
"framsteget" som naturlov.

Eg trur som Johansen at dei gudsforestillingane som om lag alle
menneskesamfunn med unnatak av det vestlege dei siste vel hundre åra har
halde seg med uttrykkjer "meir enn pålydande". Og ei side er at religionane
uttrykkjer tru på kollektiv, positiv skaparevne, "demiurgen".

Men dei fleste religionane trur ikkje på dette utan atterhald. Alle har ein
plass for diabolismen - og alle ser på det djevelske som dyrking av egoet på
tvers av det kollektive. Les den buddhistiske forteljinga om Buddha og
Angulimala, eller diverse kristen eller muslimsk tenkjing om synd, og du vil
sjå at mange av dei "verdiane" dette samfunnet dyrkar er det som alle
samfunn til alle tider har rekna for å vera øydingskrefter. Ortodoks kristen
tenkjing uttrykkjer ofte dette genialt enkelt. Der er ikkje helvete noko
straff for synd. Synda er straffa. Den som ikkje ser andre menneske som anna
enn objekt, som reiskapar han kan bruka til eiga vinning, lever alt i
helvete. Han har mist kontakt med det som gjev livet meining. Den som ikkje
greier snakka sant, kan ikkje lita på nokon. Og lever difor i sitt
sjølvskapte helvete.

Men det er på individplanet. Verre er det når dette sjølvskapte helvetet av
herskar og slave, allmektig og avmektig, blir gjort til utopi for elitane i
verda.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST