Nidskrift om "den kritiske offentligheten"

From: oddm@altern.org
Date: 16-06-02


Når Klassekampen no lanserer seg som sjølve organet til dei
framtidige samfunnsstormarane frå eliteskiktet - dei som skal opplyse
almugen og endre framtida ein gong for alle - verkar det som om ein
overser at denne oppblåste klikken berre er som eit piss i havet, for
ikkje å snakke om i historia og i kulturen. Likeins med den norske
hovud(tett)staden. Ein står sjølvsagt fritt til å velja det livbeltet
ein vil, men eg vonar at arkitektane bak dette ikkje gløymer at
utgangspunktet er noko snevert, og at resultatet risikerer å bli
likeins.

I mellomtida kan den " kritiske offentligheten" pusse på argumenta,
medan dei smører ryggane til kvarandre, og bles seg opp til dei mest
sprekk. Den "kritiske offentligheten" pratar, diskuterer, skriv lange
tiradar i akademisk sjargong. Trylleformlane er talrike, nombrilismen
lyser, for ein er i centrum av verda, og det ein driv med, er summum av
det eit menneske kan få til.

Slik pissar ein på ein seg sjølv. Det blir mest i varmaste laget medan
det står på. Etterpå blir det som vanleg kaldt og trist som faen,
for å nytta ei kongeleg frase.

Korleis kan ein tru at livet og kulturen i Oslo er så framifrå? Korleis
kan ein la seg fascinere av noko så kortvarig og flyktig som det denne
pariabyen representerer? Det er ei gåte for meg. Finst det noko
originalt i Oslo (bortsett frå at naturen er noko nærare enn i dei
fleste andre vestlege hovudstader)? Skjer det noko originalt i
kulturlivet i Oslogryta? I forlagsverda? I teatera? I musikken? Blir det
utgitt originale og interessante bøker? Blir det laga god film? Blir det
tenkt originale tankar? Finst det noka breidde, eller folkeleg
engasjement i denne såkalla kulturen?

Eg har ikkje svar, enda svara mine kanskje ligg mellom linjene einkvann
staden. All denne intellektuelle verksemda (les: navleskodinga) er berre
ein distraksjon for dei velfødde, dei som har alt, kanskje bortsett frå
freden med seg sjølve. Eg har aldri høyrt til i dette selskapet, og kjem
heller aldri til å gjera det.

Reiser ein rundt i verda med jamne mellomrom, forstår ein at det ikkje
finst navlar, eller sentrum, eller "kritisk offentlighet". Livet er
overalt. Og mange stader er uttrykka langt meir verdige og talande enn i
det fiktive og sjølvproklamerte intellektuelle "centrum". Det er ofte
stader der det materielle livet har store manglar, der dei mest
elementære ting som mat og vatn framleis er mangelvare.

Eg har i nokre år drive med friviljug arbeid av forskjellig slag, m.a.
organisering av solenergiløysingar i Sahel-området i Afrika. Dei siste
åra har "solpumper" blitt eit svært nyttig middel til forbetring av
livet for dei som bur der. Det er langt fram enno, men av små dråpar
blir det eit hav til slutt, sjølv i ørkenen. Det er ei svært gjevande og
lærerik verksemd. Og nyttig.

Kvar gong ein kjem attende til Europa, er det som å få ein knytteneve
midt i fleisen. Dette blir ikkje betre med tida. Eg har diverre inntrykk
av at kontrasten blir større og større.

Det er med denne bakgrunnen at eg tillet meg å søle litt eddik i den
søte vinen. Eg kjem sikkert til å skrive ein og annan epistel i
Klassekampen også i framtida. Men ikkje meir. Eg har diverre vanskeleg
for å la meg fascinere av det noverande eliteprosjektet.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST