Re: Under pari

From: oddm@altern.org
Date: 16-06-02


Eg veit ikkje heilt kva som er poenget med å så tvil om, eller dekkje
over det faktum at verda er inne i ei kaotisk klimautvikling. At dette
er resultatet av menneskeskapte faktorar, har til og med
Bush-administrasjonen no innrømt (jf EPA-rapporten som nyleg blei
publisert: www.epa.gov/globalwarming/publications/car/).
Problemet med Bush II og lanseberarane hans er at det sjølvsagt ikkje
finst noka mogleg alternativ utvikling. Det er "Business and TINA as
usual". I følgje Bush-administrasjonen må menneska berre akseptere denne
utviklinga og "tilpasse seg".

Om lag same tendensar finst i debatten om det urbane optimum. At
landsbygda blir liggjande brakk p.g.a. den økonomiske politikken, er ein
slags lagnad ein berre må innsjå og føye seg etter. Likar ein ikkje
dette, skal "lykkepiller" liksom vera løysinga...

Eg byggjer mykje av det eg veit og meiner om klimautviklinga på empirisk
observasjon. Lever ein nær naturen, og har ein høve til å observere dei
minste endringar kvar dag, blir ein etterkvart nokså immun mot
bortforklåringar og ullen tale. Ser ein på naturen som ei livsnødvendig
kjelde, eit vilkår for menneskeleg liv og utvikling, kan ein lett bli
nedstemt og fortvila over den tida ein lever i. Orkesteret spelar for
harde livet, medan skuta seglar rett fram utan omsyn til alle dei
trugande teikna som finst. Dei siste åra har det blitt lettare å få auge
på desse. Problema er blitt meir openberre, og alle som vil sjå, er i
stand til å oppfatte at situasjonen er unormal. Likevel finst det folk
som brukar tid på å strø sand over røyndomen.

Eg har den pedantiske vanen med å skrive dagbok - ikkje lange epistlar
om sjelekvaler og anna, berre knappe observasjonar av vêr,
skyformasjonar, temperatur, månefase, i tillegg til detaljar omkring
planting, hausting og andre gjeremål. Innimellom ei og anna teikning og
eit og anna sitat frå ei bok eg var i ferd med å lesa, eller noko eg
høyrde på radioen, oppskrifter og smarte knep for å halda parasittar og
sjukdom borte utan å forpesta seg sjølv, osb.

Desse detaljane frå det landlege livet kan verka banale og heilt
uinteressante samanlikna med dei store og opprivande kampane og
(kultur)debattane til "den kritiske offentligheten" i t.d. det norske
centrum (denne oppbåste tettstaden dei kallar hovudstad). Men det gjer
ikkje noko. Over tid er det lite att av både det eine og det andre.
Berre naturen held fram. Berre naturen overlever og gjer livet mogleg.
Også komande generasjonar vil måtta observere hav,
himmel og jord for å klara å seg.

Eg har tidlegare skrive om ekstreme vêrforhold på mine kantar. Tendensen
er klår, og eg kanhalda fram. Me har ikkje årstider lenger, heller
ikkje stabile periodar. Vêrmeldinga tar alle no med ei klype salt. Det
er bortimot umogleg å gi værvarsel lenger fram i tid enn 3-4 dagar, og
sjølv det har ein tendens til å gå over styr.

Me hadde kontinuerleg regn i april og delar av mai, då me i tillegg
opplevde fleire stormar. I byrjinga av juni blei det slått opp
flomvarsel på rådhusporten. Flom i juni? Det har vore svært få av slike
- sist i 1958. Dei siste par vekene har det vore kaldt til her å vera,
ned mot 10 grader om natta, og opp mot 15-16 på dagtid (medan det var
over 25 i Noreg!) Men så kome varmebølgja. Dei siste dagane har det vore
mellom 30 og 35 grader i skuggjen, lenger sør rundt 40. Denne varmen
kom over oss som ein sekk.

Det er desse kontrastane som er unormale og urovekkjande. Det er ikkje
så interessant å diskutere om ein skogbrann t.d. har blitt påsett, eller
om det har byrja å brenne av andre årsaker. Det er omfanget av desse
skog- og savannebrannane som er verd å leggja merke til, og som viser at
noko gale er fatt.

Er ein så heldig at ein er kopla på internett, kan ein finna haugevis av
dokumentasjon om dette, alt frå måleresultat og statistikkar til
diagram og satelittbilete. Ein kan såleis ikkje med handa hjartet i
framtida ein gong seia at ein ikkje visste.

Om ein strekk dette synet litt lenger, blir ein straks stempla som
moralist, for ikkje å seia dommedagsprofet. Men det får så vera.
Eg vil heller vera moralist enn å delta i eit kollektivt sjølvmord.

Oddmund Garvik

PS: "Kontoret" mitt er ei grotte med glasfasade øvst i grønsakhagen.
Murane stammar frå romartida då gallarlandsbyen var "oppidum".
På veggen over eldstaden heng desse orda (eg treng ikkje
sterkare "lykkepille"):
ds.

To see a world in a grain of sand
And a heaven in a wild flower,
Hold infinity in the palm of your hand
And eternity in an hour.

William Blake



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST