kritikk av islamismen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 11-06-02


Takk til Karsten for formidling av ein svært opplysande samtale.

Sjølv deler eg vel langt på veg Marx sin kritikk av opplysningstida, og kan
difor ikkje godta Wilhjelm si grenseline mellom opplysing og mørkemakter.
Men diskusjonen er naudsynt, og viktig.

Eg meiner tradisjonelle samfunn hadde mekanismar som held religionen på
plass i samfunnmønsteret, og som til ein viss grad fungerte siviliserande.

I eit hundreår med kapitalistisk vekst og velstand vart trua på humanisme og
opplysing dyrka som ei litt for optimistisk overtru, slik at ein no sit litt
hjelpelause og ser på at dei religionane ein trudde var døyande igjen
revitaliserast - no også på felt som tidlegare var tabu for desse
religionane.

Innanfor jødedomen gjeld dette dyrkinga av sekulær makt. Innanfor islam
gjeld det m.a. nytolkinga av sverdets jihad sidan midten av syttitalet.
Innanfor kristendom gjeld det straumdrag som det Pat Robertson
representerer.

Skal vi forstå desse fenomena, meiner eg vi må bruka svært kvasse
skalpellar, og vera heilt konkrete. "Politisk islam" er eit alt for vidt
fenomen til at det kan underkastast ein diagnose. Og årsakstilhøva er
samansette, som td. i det ulukkelege Algerie. I Algerie meiner eg Europa har
vore garantist for sekularistane sitt bilete av uhandterlege mørkemakter -
og difor i stor grad har gjeve initiativet til slike som GIA, som eg meiner
er mørkemakter som bør uskadeleggjerast med politi og strafferett. I staden
kunne ein gjeve makta til FIS, som hadde fleirtalet av folket bak seg i val.
Det ville ført til eit vanskelegare klima for sekulære intellektuelle - men
så måtte ein i tilfelle gått laus på den oppgåva. Og FIS ville ikkje brukt
terror i ei fredeleg maktovertaking - eg er nokså viss på at ein kunne spara
mange menneskeliv i Algerie om ikkje Europa hadde gjeve det sitjande regimet
blankofullmakt.

Difor ønskjer eg ikkje ein debatt om "islamismen", men konkret diskusjon om
kvar einskild rørsle, og eventuelle overstrukturar som knyter mørkemaktene
saman, slik "jihadist"-strukturen til CIA kring Afghanistankrigen gjorde.
Dette må ein kunna gjera utan å fordøma alt og alle - Hizbollah og GIA
tilhøyrer etter mitt skjøn totalt ulike verder. Nett som Gush Emunim og
Neturei Karta tilhøyrer ulike verder innanfor jødedomen.

Eg trur imperialismen no går inn i ein fase der folk flest får det trist. I
denne stoda er venstresida globalt nokså ryggknekt. Då vil det oppstå
religiøs-politiske rørsler. Eg meiner det vil vera gale å avvisa alle slike
usett. Vi må vurdera kvar for seg, halda avstand - men ikkje fordøma utan
vidare, sjølv om ikkje alle doktrinane ikkje er like glimrande. Dette er
folk som freistar å finna ein veg ut or mørkret - og fordøming hjelper
ikkje. Og vi må i tillegg ha antenner andsynes td. tendensane til å gjera
"islam" til fiende. Dei tre abrahamittiske religionane har vakse av same
rot. Det finst ikkje nokon "jødisk-kristen" sivilisasjon. Det er
kristendomen og islam som liknar kvarandre mest - med jødedomen som eit
avvikande søsken i familien.

Og for å halda fram med bokreklame: "Kristendommen og vår tid" av Ronald
Fangen er ei svært spanande bok, der Fangen formulerer eit politisk
verdsbilete ut frå ein religiøs synsstad. Og han gjer det innanfor ein
kulturkrins vi kjenner - vår eigen. Difor blir tankemønstra lettare å gripa.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST