Jødisk makt?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 11-06-02


Jødisk makt?

For nokre år sidan kom romanen "Mitt navn er Asher Lev" ut i norsk
omsetjing. Eg tilrår boka sterkt - det hadde forresten vore kjekt å få
oversyn over andre skjønnlitterære bøker med same tema.

Boka handlar om å veksa opp i ein ghetto. Og om korleis Asher Lev etter å ha
vakse opp i ein jødisk ghetto i USA blir tvunge til å bryta med ghettoen og
familien avdi han som kunstnar går ut over tabua for kva som kan uttrykkjast
i ghettoen.

Då jødane kom til USA, kom dei til eit samfunn som var annleis. USA hadde
ikkje nokon sterk antisemittisme som i sentral- og austeuropa. USA før andre
verdskrig var ikkje noko lukkeland, men på visse måtar var det eit generøst
samfunn. Dette førde igjen til ei kløyving i det jødiske folket i USA.

For nokre braut ut or ghettoen, knytte band til andre, og tillot etterkvart
at ungane fekk gifta seg med andre enn jødar. Dei vart amerikanarar, slik
nordmenn og italienarar har vorte amerikanarar.

Dette førde til ein sterk motreaksjon, der delar av det jødiske samfunnet i
USA kapsla seg inn.

Eg meiner det er dette Anti Defamation League og liknande organisasjonar
handlar om: Å reprodusera ein kollektiv frykt i eit samfunn som er
innestengt utan alt for mange kontaktpunkt mot verda utanfor. Eg meiner at
Holocaustindustrien og Holocaustmusea i alle amerikanske storbyar handlar om
det same: Kollektiv frykt. Og det verkar - på turane gjennom verdsveven
møter du folk som snakkar om traumene til andre- og tredjegenerasjons offer
for Holocaust. Frykt er mogleg å overføra frå generasjon til generasjon.

Sidan tidleg i tenåra har eg visst at det er tabu å seia noko ufordelaktig
om jødar. Sant nok leikar folkehumoren med tabu - anten det gjeld
biafraungar, jødar eller pedofili. Men i all hovudsak meiner eg
antisemittismen i Europa vart utrydda med rottegift etter krigen, i alle
fall den delen av Europa der du hadde eit fritt offentleg ordskifte.

I dag trur eg alle jødar som lever innanfor det lukka jødiske samfunnet i
New York veit at det berre gjekk femti år før "Europa" byrja kasta seg over
jødane. Land som Noreg og Frankrike er særleg ille - i Noreg tek
Landsorganisasjonen til orde for å boykotta jødane slik nazistane gjorde,
medan ein brenn synagogar i Frankrike.

Slik eg ser det, dreier dette seg om eit grovt manipulert verdsbilete. Og eg
meiner manipuleringa har eit mål: Å underbyggja makta til ein sjølvutnemnt
jødisk leiarskap, som held dette verdsbiletet ved like. Og folk som er
innestengt i dette samfunnet, er avhengige av denne leiarskapen: Utan desse
mektige leiarane som kan driva lobbyverksemd eller avsløra antisemittismen
blant europeiske politikarar er dei verjelause. Utan desse vil nasjonane -
goyim - kasta seg over dei, slik dei alltid har gjort.

Difor meiner eg det er på tide å bryta eit av tabua knytt til frykten for
"antisemittisme", og byrja snakka om jødisk makt. Som først og fremst dreier
seg om jødisk makt over andre jødar, prisgjevne leiarane sine anten det er i
Palestina eller Brooklyn. Men i neste omgang også over andre: Palestinarane,
sjølvsagt, men også over grasrotrørsler i USA, slik Hunterbear skriv om.

Og når eg då snakkar om makt, meiner eg ikkje å spekulera i all verdas
samansverjingar eller konspirasjonar. Dei fleste maktmønstra finst heilt
ope. Vi må berre edrueleg setja saman tilgjengeleg dokumentasjon, og
undersøkja godt før vi seier noko. For nokre av desse maktmønstra må
brytast, og då må vi bli medvitne om korleis dei fungerer. Og det er ikkje
nok å stirra blindt på bulldozarane som raserer oliventre på Vestbreidda -
han som køyrer bulldozaren er like fanga i dette maktmønsteret som han som
får oliventrea sine øydelagt.

Så treng ein også ein rett metode for å arbeida på eit minefelt der det er
lett å trø over. Om nokon kjem med ting som verkar dårleg underbygd, må ein
undersøkja og kritisera. All slik kritikk er av det gode. Men ikkje bruk
stempling som metode. Det er legitimt og viktig å undersøkja desse tinga, og
det er sjølve atmosfæren rundt som har ført til at dette har vorte gjort i
alt for liten grad. Drepande sakleg kritikk: Ja. Stempling: Nei. Og så bør
mineryddarane arbeida på ein open og liketil måte.

Igjen vil eg understreka kor viktig boka til Israel Shahak er:

http://abbc.com/historia/shahak/his-rel

Boka verkar enkel og liketil - men har enorm tyngde.

I neste veka trykkjer Klassekampen eit lengre stykke eg har skrive om jødisk
historie og konflikten i Midt-Austen. Men hovudsporet trur eg ligg i USA, og
i mørklagte delar av det politiske landskapet der. Eg trur israelarane blir
brukt nokså kynisk i eit spel som ikkje handlar om kontroll med olja i
Midt-Austen, men om at nokre av dei mest reaksjonære politiske kreftene i
vesten brukar dei avdi dei no synest dei har maktposisjonane innanfor
rekkevidde. Le Pen er sjølvsagt ille, men sjølv som fransk president kan han
ikkje gjera stort samanlikna med kva desse folka kan få til, om dei lukkast
med å festa grepet i USA.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST