Armageddon no?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 11-06-02


Litt om Pat Robertson og hans muntre gjeng

Pat Robertson og hans kristne koallisjon er eit interessant ”parti i
 partiet”. I 1997 skreiv den republikanske veteranen John Moran eit brev til
leiande bidragsytarar til den sentrale partikomiteen der han bad dei gje
pengane til andre føremål, avdi organisasjonen var i ferd med å koma under
ekstremistisk kontroll. Pat Robertson sin politiske dagsorden er eit typisk
produkt av Reaganepoken. Under papa Bush vart desse folka halde utanfor, men
dei har arbeidd ganske medvite for å sikra seg makt i partiet. Utnemninga av
John Ashcroft til justisminister var truleg ein god gradmålar på kor stor
makt denne gjengen har innanfor det republikanske partiet.

Den kristne koallisjonen vart skipa i 1989 som grasrot- og kamporganisasjon
for kristenhøgre innanfor det republikanske partiet. Pat Robertson har hatt
ei nokså vanleg karriere som TV-evangelist, men har brukt dette som
plattform for ei politisk karriere. Han er pinseven, og reknar ikkje folk
som ikkje er døypt i anden for å ha særleg autoritet når det gjeld kva
kristendom er. Som pinsevener flest trur han på nådegåvene, som profeti og
tungetale. Truleg har han og ei viss tru på eigne profetiske evner, også i
politikken.

Tidleg på nittitalet gav han ut sin fyrste roman. Boka selde godt, utan å få
alt for mykje omtale. I boka vil Armageddon koma i 2007, i forlenginga av
ein krig i Midt-Austen. Robertson og folka hans ser den jødiske erobringa av
heile Palestina som eit steg på vegen mot Armageddon og Kristi gjenkomst.

Kva han elles har i skreppa skulle vel gå fram av sitata under. Men det kan
vera verdt å merka seg at Kristen Koallisjon for tida brukar Robertsons
høgre hand, Ralph Reed, som fasade. Medan Robertson talar til forsamlinga,
er Reed andletet ut mot verda. Reed er ein dyktig teflonpolitikar som veit å
uttrykkja seg rundare enn Robertson, i tillegg til at han har ein viss
taktisk teft. Når det gjeld perspektivet på kva han held på med, sa han
dette til Los Angeles Times i 1992:

”Det er som ein geriljakrig. Om du avslører kvar du står, gjev det berre
motstandaren høve til å treffa betre med artilleriet. Det er betre å flytta
seg stille og forsiktig i nattemørkret. Du må velja: Anten må du ha
kamuflasjeklede og krypa på magen, eller du kan ta på deg ein raud drakt og
reisa deg slik at alle ser. Det spørs om du ynskjer ha rolla til den
britiske hæren under den amerikanske revolusjonen, eller om om du vil vera
Viet Cong. Historia fortel kva taktikk som var effektiv.” (Ralph Reed)

Men går du bak fasaden, fortel Robertson heile tida til flokken kva det
dreier seg om:

”Feministane sin dagsorden dreier seg ikkje om like rettar for kvinner. Det
dreier seg om ei sosialistisk, antifamilie-rørsle som oppmuntrar kvinner til
å forlata sine menn, drepa sine born, praktisera hekseri, øydeleggja
kapitalismen og bli lesbiske”
(Pat Robertson i pengeinnsamlingsbrev 1992)

“Korleis kan det bli fred når fyllikar, narkohandlarar, kommunistar,
ateistar, New Age-satandyrkarar, sekulære humanistar, undertrykkande
diktatorar, grådige pengevekslarar, revolusjonære drapsmenn,
ekteskapsbrytarar og homofile er i leiinga?”

(Pat Robertson i boka ”The New World Order)

Eit glimrande uttrykk for verdsbiletet finn du i dette sitatet:

“Det er interessant å notera seg at termittar ikkje byggjer noko, og at dei
store bygningsmennene i vår nasjon nesten utan unnatak har vore kristne,
avdi kristne har trongen til å byggja. Kristne er motivert av kjærleiken til
menneska og Gud, og difor byggjer dei. Dei folka som kjem inn i
institusjonane vår i dag er for det meste termittar. Dei ynskjer å
øydeleggja institusjonar som har vorte bygd opp av kristne, anten det er
universitet, regjering eller det er snakk om tradisjonane våre... Termittane
er i leiinga no, og det er ikkje slik det burde vera. Tida er inne for ei
gudeleg skadedyrneddreping.
(Pat Robertson, New York Magazine, 1986)

Dette er altså ei av dei sterke maktene bak Bush, og ei av dei maktene som
grip inn når Bush blir for “blaut” i Midt-Austenpolitikken. Robertson har òg
hatt ein del kontakt med leiarskapen i Likud.

Robertson og folka hans er avhengige av å operera med ein ”løynd” dagsorden,
og av å henta sigrar på einskildsaker medan dei forskansar seg bak den
republikanske fasaden. Palestinakrigen er truleg svært viktig for dei, og ei
sak der dei er viljuge til å konfrontera, avdi dei ikkje er på
kollisjonskurs med amerikanarar flest på same måte som i ein del andre
saker.

På nettet er ”The anti Pat Robertson site” ein fin stad å byrja,

http://www.geocities.com/CapitolHill/7027/patrobertson.html

I tillegg sjølvsagt heimesidene hans, fjernsynsstasjonen hans og heimesidene
til Christian Coalition.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST