menneskemateriale?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-06-02


Fossen skriv:

"Ditt og Andresens sidepoeng kan jeg dog være enig i. Det finnes mye bra
menneskemateriale i distriktene. Men jeg er ikke uten videre med på at
mennesket degenereres hvis de flytter til
byen."

Når Fossen ser ut over verda, ser han to ting: For det første globaliserte
finansnettverk som for lengst har teke makta på alle felt. Og desse let seg
jo ikkje dekonstruera - då får ein heller la desse dekonstruera dei
kulturane og livsformene menneska har brukt nokre årtusen på å utvikla. Alle
variasjonar blir tilpassa den globale einsrettinga: Det er liten vits i å gå
og kikka i butikkar når du er på ferietur i Helsinki - dei har same
butikkjedane og same vareutvalet som i Trondheim (derimot har dei Zetor, som
er ein artig plass med god mat).

Men i desse prosessane treng finansnettverka råmateriale. Og Fossen er ikkje
fordomsfull: Det finnes mykje bra menneskemateriale i distrikta. Og ikkje
berre i distrikta - skummer du fløyten av td. Afrika, vil du kunna henta
mykje bra materiale der. Likeeins i Latin-amerika.

Og når ein er ferdige med å henta ut det brukbare menneskematerialet, er det
på tide å få opp dei elektriske gjerda, for å hindra at det ikkje fullt så
brukbare menneskematerialet følgjer etter. Og det må sjølvsagt vera opp til
arbeidsgjevarane å gjera sorteringa.

Det er dette meir "liberal" arbeidsinnvandring går ut på (til skilnad frå
asylpolitikken, som er eit anna felt).

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST