Abrakadabra

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-06-02


Fossen skreiv:

"I steinalderen kunne sikkert alle salte og/eller tørke kjøttet, det
behøver vi ikke i dag. Like lite trenger alle og plukke fra hverandre
motorer.
De vi må klare er å starte den."

I og for seg sant - med eit viktig atterhald. Om du skal ha andre folk med
deg ut i båt, er du ansvarleg for tryggleiken deira. Også om motoren
sviktar. Det er nok å kunna starta ein motor om du held deg på landjorda.
Om ein bilmotor stoggar, er det nok å køyra til sides og ringja Falken. Om
ein båtmotor stoggar, kan du hiva ut drivankeret. Då får du ein frist. Om du
ikkje kan noko om motorar, kan du ikkje bruka denne fristen til noko. Ofte
er det ikkje stort som skal til - td. kan det vera nok å lufta ut
tilførselssida på ein dieselmotor. Men du må vita litt om motoren for å
gjera dette.

Nokså mange tusen nordmenn synest det er kjekt å koma seg ut på sjøen. For
desse er det ikkje nok å berre kunna starta motoren.

Vidare:

"Jeg håper ikke du her påstår at sjarkfiske er mer produktivt enn trålfiske?
Helt fra debatten om sjarkfiske vs. trålfiske begynte å rase i SF mellom
Løfsnes&Co mot Brox&Co på 60-tallet har jeg pr. dags dato ikke lest at et
argument for sjarkfiske er at det er mer produktivt."

Til å bruka så mykje energi på å polemisera mot Brox, har Fossen gjort
usedvanleg lite for å setja seg inn i kva diskusjonane går ut på. Omgrepet
"produktiv" er heilt malplassert i samanhengen - omlag som å påstå at
Nationalteateret er meir "produktivt" enn Den Norske Opera. Korkje trålarar
eller sjarkfiskarar produserer fisk. Om årsmøtet i Norges Fiskarlag gjorde
eit samrøystes vedtak om å dobla produksjonen i norsk fiske, ville ikkje
dette hatt noko å seia for realitetane - bortsett frå at dei kanskje kunne
tvunge gjennom eit samanbrot.

Fiske er ei næring som haustar. Det grunnleggjande omgrepet for å forstå
slike næringar vart utvikla av David Ricardo tidleg på 1800-talet. Omgrepet
er grunnrente, som i sosialøkonomien er omgrepet for naturen si
produksjonevne. Naturen produserer - vi haustar. Grunnen til at det bur folk
i Nord-Noreg, er at naturen utanfor kysten er særs produktiv - og i
utgangspunktet har gjeve høve til å henta inn grunnrente.

Tidleg på femtitalet skildra Scott Gordon korleis grunnrenta i ein
allmenning kan gå tapt. Dette blir kalla "allmenningens tragedie". Poenget
er: Med liten innsats av kapital hentar du ut maksimal grunnrente.
Fangsmengdene påverkar i liten grad bestandane. Om du aukar fangstinnsatsen,
vil du kunna nå det optimale ressursuttaket, der total fangstmengd er
høgast. Om du held fram med å auka fangstinnsatsen, vil ressursuttaket, og
dermed grunnrenta, gå raskt ned. Til slutt når du den grensa der kapital- og
driftskostnadene til fangstleddet er lik verdien av det som blir hausta. Då
vil desse kostnadene vera svært høge, og totalmengda med fisk nokså mykje
under det optimale uttaket. I ein allmenning der det er "fritt fram", vil
grunnrenta difor til slutt gå tapt.

Eg vil hevda at alle med eit visst innsyn i norsk fiskerihistorie frå
Trollfjordslaget til i dag utan vidare vil sjå at ei flåte basert på
kystfiskarar gjev langt større grunnlag for optimalt ressursuttak, medan
trålflåten dreg i retning av å øyda bort grunnrenta. Trålflåten har derimot
hatt eit visst hell med ei tredje løysing: Å lukka allmenningen, og gjera
ressursane til omsetteleg privateigedom. Den som utan å betala får eit stort
stykke produktiv natur til odel og eige ("Omsetteleg kvote"), vil utan tvil
tena på det. Nett som eg utan tvil ville kunne tena godt om eg fekk alle
tomtene i Oslo sentrum utan å betala ei krone. Men ein diskusjon om kva som
er mest "produktivt" av trålfiske og sjarkfiske er og blir meiningslaus.

Til slutt:

"globaliseringen av økonomien er selvfølgelig
konjunkturbestemt, men prosessen er irreversibel. Bl.a fordi det er skapt
felles finansnettverk som ikke lar seg dekonstruere. Bl.a fordi det er skapt
globale produksjonsnettverk som heller ikke lar seg dekonstruere."

No forlet vi politikken, og tek steget over i religionen. At framveksten av
eit samanvevd globalt finansnettverk er irreversibel, er sjølvsagt rett nok.
Alle historiske prosessar er irreversible. Du kan oppdaga Amerika, men du
kan ikkje ta det med deg i grava, som Børretzen seier. Men ingen historiske
prosessar er determinerte. Du har sjølv hatt ein viss suksess med å påvisa
at økologar tidleg på syttitalet gjekk for langt i å påstå at ein del
trender dei såg var del av determinerte prosessar. No gjer du nett same
feilen sjølv. Vårherre har av gode grunnar løynt framtida for oss, slik at
vi i alle historiske situasjonar blir konfrontert med val. Vi ser ikkje
konsekvensane av vala, men kan likevel velja ut frå det vi veit. Ved å
velja, skapar vi i smått og stort framtida.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST