Ei fiskehistorie

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-06-02


Litt om kunnskap og meistring

Ein eldre nabo var ute på Ramsøyfjorden og fiska kveite for nokre år sidan.
Han har vore fiskar all sin dag, men har måtta ta det med ro dei seinare åra
avdi han er plaga med angina. Han gjekk ut sjølv om det blåste nokså friskt.
Og litt utpå dagen renner han borti to storkveiter.

Den eine finn han ut er for stor til at han maktar å få henne opp i båten. I
staden set han nokre ekstra onglar i henne, og gjer henne fast langs
båtsida. Men den andre finn han ut at han vil ha ombord.

Det har friskna til ein del no, og det går nokså store båror. Han blir difor
nokså plaga - og når han får henne opp, kjem ho med fart. Han hamnar på rygg
på dekk, med kveita over seg. Og nett idet kveita kjem seglande, kjenner han
det høgg i anginaen.

Vel, vel: Det er berre eitt å gjera. Han legg seg for mesan, gjer ende på
kveita og tuslar seg fram i lugaren. Medan båten høgg og skumpar i sjøen med
ei kveite langs båtsida hiv han innpå ein kopp kaffi og litt nitroglyserin,
og legg seg litt nedpå for å roa litt ned, slik at hjartepumpa skal koma seg
att. Han ligg ein halvtime - tek seg eit par turar ut for å sjå at alt står
bra til. Vinden frisknar framleis. Etter ein halvtime har han kvikna til, og
går tilbake til Kvenværet og leverer to storkveiter.

Eg fortel denne historia for å illustrera eit poeng. Eg reknar med at
Ramsøyfjorden i kuling ville vore sveitt nok for Erling Fossen. For min del
kryssar forteljinga mi panikkgrense i alle fall to stader. Og det er
livsfårleg å vera på feil side av panikkgrensa på sjøen - uansett kva som
skjer, skal du handla nøkternt og gjenomtenkt. Då er det ein ting som tel:
Røynsle.

Nokre slag meistring må du læra svært tidleg. Folk som berre har gått på
asfalt, har vanskar med å ta seg fram i terreng. Folk som aldri har vore på
sjøen, treng tid for å læra seg å oppføra seg fornuftig på havet. Eg veit
det - eg hadde knapt nok vore i båt då eg kjøpte første sjarken min for
nokre år sidan.

Det er rett og slett ein stor fordel å kunna ausa av eit hav av kunnskap om
du skal kunna utnytta fordelane av å bu utanfor Oslogryta. Men det
formaliserte, spesialiserte utdanningssystemet bidreg i liten grad til det.
For ein mannsalder sidan hadde ein noko som heitte sløyd, der du lærte
teknikkar du treng om du skal gjera noko med treverk sjølv. Det er nyttig
når du har hus. I tillegg lærte du deg å sy ein rett søm på symaskin. I dag
er det så ymse om ungar kan å kutta eit bord til med rett lengde, eller sy
ein rett søm.

Eit sveiseapparat kostar no nokre tusenlappar. Apparat med automatisk
trådframtrekk er svært enkle å sveisa med. Eg ser ingen grunn til at ikkje
alle nordmenn skulle læra å sveisa i grunnskulen. Ikkje nødvendigvis for å
laga dei store konstruksjonane - men i alle fall for å kunna gjera enkelt
bøtearbeid om noko går sundt.

I staden rår eit reindyrka akademisk kunnskapsomgrep, ispedd litt
kreativitet, dans og drama. Dette blir alt for einsidig. Og resultatet blir
deretter. For ein generasjon sidan trong det ikkje vera nokon skandale om du
gjorde det dårleg på skulen - mange som ikkje klarte seg godt på skulen
kompenserte ved å vera kløpparar i praktisk arbeid. I dag får du i staden
ungdomar som ikkje kan nokon ting: Ikkje teori, ikkje praktisk arbeid.
Ingenting.

Det er fali, det

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST