Tilbake til religionen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-06-02


Kan religiøse idear frå femtenhundretalet påverka hendingar i dag?

Femtenhundretalet var eit svært viktig århundre. På det religiøse feltet
sette Luther i gang ein reformasjon som kløyvde vestkyrkja i to
hovudretningar. Den reformerte delen kløyvde seg straks i tre særprega
retningar: Kalvinisme, lutheranisme og anglikanisme.

For dei fleste er dette eit århundre som ligg i mørkre, og dei diskusjonane
som kløyvde Europa ser i ettertid ganske sære ut: Er det Kristi kjøt og blod
du får i nattverden, eller er nattverden berre eit minnemåltid? Og om det er
Kristi kjøt og blod: Blir den synlege forma til kjøtet og blodet omskapt i
ritualet, medan essensen framleis er den same? Eller er dette noko du ikkje
skal tenkja på?

Slike spørsmål brukar dei fleste av oss ikkje så mykje tid på. Men vi bør
truleg gjera det meir enn det vi gjer. For dei religiøse doktrinane styrer
oss på meir enn ein måte.

For å få fram korleis, skal eg ta i bruk ein analogi henta frå eit anna
felt, men same tidsperiode.

Temperert skala

På femten- og sekstenhundretalet utvikla ein etterkvart den tempererte
skalaen, med fast inndeling av oktaven, for å løysa to problem: Samklang
mellom mange instrument i orkester, og nedskriving av musikk for trykking i
større opplag.

Alle som har spela på ei seljefløyte veit at den tempererte skalaen ikkje er
den einaste du kan bruka til å laga musikk. Skalaen seljefløyta er bunde
til – naturtoneskalaen – er ikkje noko problem nå du skal spela ”Pål sine
høner” eller ”Mitt hjerte alltid vanker”. Tvert om kling desse melodiane
betre på seljefløyta si såre blanding av dur og moll.

”Ja vi elsker” er derimot umogleg å spela – den er laga ut frå det
variasjonsrommet som finst i ein temperert skala. For dei som er
interesserte i sær spekulasjon, kan ein jo vidare freista finna ut kvifor
amerikansk musikk ofte er mogleg å spela berre på dei svarte tangentane,
slik som ”Ol` man river” og (nesten) ”Down on the corner” (Foggarty).

Ærendet mitt her er likevel eit anna. For vi har nokså mange tradisjonar som
fortel kva motsetnader som kom opp då den tempererte skalaen vart innført i
Noreg på attenhundretalet. Det var ymse slag instrument som vart forsøkt
brukt for å ”temperera” folket sin musikk. Men det var kyrkjeorgla som
gjorde utslaget. Frå m.a. Hallingdal finst det soger om folk som var faste i
viljen når det galdt å syngja på ”gamalmåten”, men som måtte gje seg i
tvekampen med kyrkjeorgelet.

Er fyrst musikken temperert, held han seg innanfor variasjonsrommet skalaen
gjev. Du kan laga uendeleg mange melodiar med temperert skala. Men om nokon
freistar gå utanfor den faste inndelinga vi er vane med å høyra, blir det ”
falskt” eller ”sært”. Slik reagerer framleis mange på utemperert
folkemusikk – då denne reaksjonen var sterkast, galdt det hovuddelen av
folk. Folkemusikkhalvtimen var ”katzenjammer”.

Skalaen set altså bastante, og umedvitne grenser for eit rom som likevel
gjev høve til uendeleg variasjon. Den som avviker frå det tilvande, vil
setja seg utanfor.

Skalaen bidreg i neste omgang til ei spesialisering og institusjonalisering
av musikk. Folkemusikken sine tradisjonsliner og bruk av musikk i alle
livssamanhengar (trøysting av born, boring i fjell, roing) blir avløyst av
avansert ”musikk for musikkens skuld”, der folket si oppgåve er å vera
publikum. Og den store mengda musikk som folk har i kulturen sin må ”
oversettast” til temperert skala for å kunne hevda seg i den nye
samanhengen. Slikt går på sjølvtilliten laus, og vanlegvis inneber
overgangen til moderne tilhøve ei avmusikalisering. Vaksne folk tør ikkje
eingong syngja med i allsong.

Ideologiske grunnmønster

Eg vil hevda at dei religiøse ”sivilisasjonsområda” som blir skilt ut på
femtenhundretalet blir dominert av liknande grunnstrukturar. I vårt land
gjeld dette på det politiske feltet den tenkjinga som Luther uttrykte,
særleg i skriftet ”Om den verdslige øvrighet” (1523).

Luther meinte sjølv at det viktigaste bidraget hans som teolog var på dette
feltet, ikkje utan grunn. Luther er ein avansert politisk tenkjar, som i
tillegg er flink til å grunngje og uttrykka synet sitt. Sentralt i Luther si
politiske tenkjing står læra om dei ”to regimenta”.

Luther grunngjev ut frå Bibel og tradisjon og med klår logikk at mennesket
står under to ulike slag makt: Det verdslege regimentet, som herskar med
makt og sverd, og det andelege regimentet, som herskar med ord og
overtyding. Grovt sett svarar denne delinga til delinga mellom stat og
kyrkje, men i familien vil famliliefaren utøva båe funksjonane. Og han skal
skilja mellom dei, avdi det er gale å bruka overmakt på feltet til det
andelege regimentet.

Dette grunnskjemaet kan brukast til å formulera ei rad med konsekvensar:
Trykkefridom og fri meiningsutveksling. Protest mot ei ”daud” skule, der
læraren brukar formell makt i staden for å inspirera elevane med ordet. At
ein følgjer lova strengt, sjølv når ein ikkje er enig i henne.
Variasjonsrommet er bortimot uendeleg stort – utan at du treng bryta med den
grunnleggjande tenkjinga til Luther. Det grunnleggjande mønsteret er likevel
at du skal bøyga deg for øvrigheita når ho gjev påbod, men at du aldri skal
bøyga deg om ho freistar binda samvitet ditt.

Og når du bryt grunnskjemaet, som td. aksjonane som brukte sivil ulydnad i
Alta, slepp du samstundes laust mykje sosial energi. Folk synest plutseleg
det er mykje som blir sett på spel, utan heilt å skjøna kvifor. Nett som om
du skulle la vera å synga godnattsong til ungane ein kveld, om det er det
dei er vane med. Det er desse umedvitne strukturane Børretzen leikar seg med
i ”Justisdepartement”:

Man kan jo si at i og for seg var det ikke så alvorlig med disse kolorerte
samene som demonstrerer foran Stortinget i Oslo, men det er ikke lov. Og,
tenk på konsekvensene. Hvis vi tillater samer på plenen foran Stortinget i
Oslo i denne uka, har vi samer foran alle Storting i hele landet i neste
uke, eller på alle gressplener. Er det noe vi alltid har vært redd for, så
er det å få samer i plenen. Jeg mener, en ting er å sove trygt om natta, men
man kan ikke sove hele tiden. Ikke hvis man har barn i skolen. Og katter,
jeg har aldri likt ville katter. De ser på deg, iskaldt, de har ingen sjel,
de er som ungdom på Egertorvet. De gjør ingenting, de vil ingenting, de er
overalt og de forstår ingenting. Det nytter ikke å sette opp et skilt med
"Katter har ikke adgang til plenen".

Poenget mitt er altså: Skal du gjera den umedvitne angsten Børretzen
harselerer med medviten, må du lesa ”Om den verdslige øvrighet”. Om du blir
medviten desse strukturane, kan du også bruka dei.

Medvit og makt

Tidleg på nittitalet proklamerte mange intellektuelle at ideologiane var
daude. Dette var sant – og samstundes usant. På den eine sida er det rett at
det mønsteret du har hatt sidan den franske revolusjonen, der det offentlege
ordskiftet har vore strukturert av ideologiske system, vart trengt tilbake.
Den såkalla ”frigjeringa” av pressa frå partibanda er ein av dei viktigaste
delprosessane i dette, avdi dagsordenfunksjonen blir gjort ”upolitisk”.
Grunnleggjande var likevel det som skjedde at det amerikanske hegemoniet
vart absolutt – og auka det geografiske rommet sitt. Og i USA har
ideologiane alltid vore daude. Dei har vorte avvist ved grensa kvar gong.
Tocqueville forklarte kvifor og korleis i første helvta av attenhundretalet.
I USA finst berre to ideologiar: Sanninga, og anti-amerikanisme. Politiske
ordskifte i USA blir ikkje formulert ut frå ideologiske posisjonar. Dei blir
formulert ut frå kva som er bra for Amerika. All amerikansk ideologi er
grunnleggjande etnosentrisk, til skilnad frå Europa. Då ”ideologiane døydde”
, fekk vi i staden ei ”ideologiløyse” dominert av amerikansk etnosentrisme.

Og dette anti-ideologiske i USA er eit grunnmønster som er ulikt det vi har
i det protestantiske Nord-Europa. Eg har freista forklara hovuddrag i
tidlegare innlegg. Men poenget er at dette grunnmønsteret, denne
nordamerikanske kalvinismen, fungerer like strukturerande på tankemønster
som den tempererte skalaen på musikk. Dei som går utanfor grunnmønsteret,
lagar ”katzenjammer”. Det har dei sjølvsagt lov til – men det er nyttelaust,
avdi du ikkje får folk med deg. Over tid vil systemet vera einsrettande, med
totalitære drag.

Særleg om du får mobilisert lys/mørkrestrukturane. Sett frå USA er det meste
av verda vonlaust ute av takt. Vi ligg i mørkret. Men dei er storsinna – så
lenge ikkje vondskapen vår skvalpar over, slik at bølgjene når USA. Det var
det som skjedde i 1941. Det var det som den kalde krigen gjekk ut på. Og det
er det krigen mot terror går ut på. Og under slike forhold må Uncle Sam ta
på seg sitt åk, og gå rundt i verda og klappa ned bandittane med flat hand.
Slike djevlesøner nyttar det ikkje å argumentera med – dei forstår berre
eitt språk. Skilnaden er berre at dei må gjera det skikkeleg denne
gongen – ”ein gong for alle”.

I ein situasjon der ytre høgre i USA freistar få fram eit mønster med
religionskrig, nyttar det ikkje å appelera til sivilisasjon, eller tru at
religionar er noko vi er ferdige med. Vi må bli medvitne dei religiøse
mønstra som no har teke ideologiane sin plass, men som fungerer som
umedviten tankestyring. Marx kjende både sin Luther og sin jødedom, og kunne
difor nå overskrida båe. Ettertida har trudd det var ein smal sak å avvisa
religion, og har ikkje brukt meir tid på Bibelen etter at dei har lese
Øverland sin lurvete polemikk frå tredvetalet. Dette er som å møta til
doktordisputas med maskingevær. Du er garantert å vinna – men til kva pris?
For det som skjer, er at du i neste omgang at du hjelpelaust appelerer til
fornuften i verda, omgjeve av ”irrasjonelle” krefter. Men det er ikkje desse
kreftene som er irrasjonelle – det er berre at du ikkje ser den rasjonelle
strukturen, slik at du greier å gripa han, og styra han.

Med andre ord: Skal du forstå samtida, er teologien nøkkelen. Ikkje ”
nettverksøkonomi” eller anna slik morosam tidtrøyte. Vi må gjenoppdaga og
forstå dei religiøse sivilisasjonane: Dei tre reformerte, den katolske og
den ortodokse, jødedomen, sunni- og shiaislam, hinduismen, kinesisk
statsideologi (det som upresist blir kalt ”konfucianisme”), buddhisme og
japansk statsideologi (m.a. ”shinto”). Og vi må slutta å tru på ”vesten”.
Dette er i dag ei paraplynemning for amerikansk hegemoni, og dekkjer fleire
ulike religiøse sivilisasjonar. Og noko av målet må vera å bryta opp dette
hegemoniet.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST