røter og føter

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-06-02


Never ending world tour

Bob Dylan reiser framleis rundt i verda, og er framleis poeten til ein heil
generasjon. ”Mennesket har ikkje røter, det har føter” seier ein annan
vismann frå same generasjon – Salman Rushdie, og gjev presist uttrykk til
kva det dreier seg om. Då Dylan dukka opp i skiftet mellom femti- og
sekstital, var han røysta til eit anna USA. Nokre såg den store sosiale
omveltninga mellom linene i songen hans. Men det var ikkje revolusjonen han
song om, men den store opprøtinga. I dag vil vel alle med litt sans for
segner kjenna att Ahasverus, Jerusalems skomakar. Og i dag sit Dylans
generasjon att i dei konfliktfyllte verknadene av den store opprøtinga.

For det er ikkje alle menneske som manglar røter. Dei fleste har historisk
vore menneske i eit landskap, i landskap der dei har slått djupe røter.
Hamsun budde på Nørholm ved Arendal stordelen av livet, etter først å ha
flakka rundt i verda. Men litteraturen hans veks fram i eit landskap – og
det er i dette landskapet at han greier gje ideane sine liv. Likeeins med
Olav Duun, som var lærar på Austlandet medan han skreiv bok etter bok om
ytre Namdal. Opprøting tvingar fram trong til å uttrykkja kva som ligg i
desse indre, rotvaksne landskapa våre.

I Norden er vel likevel Paulus Utsi den store opprøtingspoeten. Utsi har vel
i stor grad gått Oslo hus forbi, men han er omsett til mellom anna kurdisk.
Og eg er viss på at dikta hans treff ein nerve i flyktningeleiren i Jenin, i
ein favelas i Rio eller hjå ”det flytande folket” i Kina. Utsi var ikkje av
ei bufast slekt, men frå ei slekt som hadde føter. Men røtene i det
landskapet føtene gjekk gjennom var ikkje mindre for det, og det ligg ei
desperat livstrong i poesien til Utsi når han skildrar korleis dette
landskapet blir øydelagt. Men også ei slags forsoning når skildrar korleis
livet går vidare i

Farvel til mitt hjemland

I mitt varme, milde morsmål
tar fremmede ord plass.

Farvel mitt hjemland.
Stiene er blitt smale.
Motvillig, med tunge steg
må jeg forlate mitt fødested.
I mitt varme milde morsmål
tar fremmede ord plass.

Bli i minnet, boplass
min barndoms lekeplass.
Klangen av bjeller på min fars kjørerein
hører jeg i dypet av min sjel
Ser for meg reinmerket
har visshet i mitt hjerte

Jeg vil minnes min fars vandringsstav
sener, tau, pulken med teltutstyret
I tankene mine går flyttingen med reinfølget
Ved bekken ligger halve kløvbøra
ferden går med halve kløvsalen gjennom dalen.

Gi ikke slipp på det livet du har arvet
hold fast ved det, med hele deg
Retten til landet har du mistet.

No går ein del tapt på vegen frå Utsis samisk til norsk. Likevel trur eg dei
fleste får med seg kva poetisk kraft som blir slept laus når ei tusenårgamal
livsform her syng sin siste song, Og dei fleste av oss lever i tida etter
dette oppbrotet frå buplassen, når ferda går vidare med berre halve
kløvsalen.

Vanskane har sitt eige innfløkte rotnett. Høgg du over, visnar du meir –
seier Arnljot Eggen i ein av aforismane sine. Og dei vanskane som følgjer
etter den store opprøtinga nyttar det sjølvsagt heller ikkje å hogga over
med øks. Men skal du greia flokane, må du først sjå at dei er der. Det litt
primitive bygdehatet som td. Erling Fossen gjev uttrykk for, er ei primitiv
løysing på ei kulturell konflikt, og ei oppskrift på å visna. Og det er eit
uttrykk for ein tenkjemåte der ein gjer seg ferdig med kristendomen på to
minutt, og marxismen på fem. Som når du går i klesbutikken og tek fram plagg
og veg dei i handa før du hengjer dei tilbake på plass. Skal du ha ting som
høver til å visa seg fram, kan dette vera godt nok. Men skal du ha idear du
kan bruka til å tenkja, må det framleis skreddarsøm til. Det er eit
møysommeleg arbeid – der du heile tida må følgja rottrådane til dine eigne
flokute vanskar.

For rotløysa har sine eigne vanskar, der sentimentaliteten sjølvsagt ikkje
er noko løysing. Men vi må ha heile biletet med. I går dukka det opp vitjing
her på øya – ei dame i femtiåra, slekt av kjeringi som kom frå Nord-Dakota
for å sjå på heimstaden til forfedrane. Eg trur ho trivdest som plommen i
egget som farmar på den store sletta. Sjølv om det kravde at du hang med: ”
You got to listen to the news”! Men ho mintest eldre slektningar som vart
tungpusta og fortvilte når dei tenkte tilbake. Dei hadde vorte so heimlause
ute på den store sletta – utan vatn og sjø som opna landskapet, utan fjell å
kvila auga på.

På båe sider av Atlanteren har ei historie gått i familiane om ei lita
jente – mor hennar – som hadde ei dukke og ei dukkeseng ho ville ha med seg
til den nye verda. Men då kofferten var pakka, synte det seg at det ikkje
var plass. Og trass i all gråting, vart løysinga at dukka vart med, medan
senga stod att. I dag byrjar endeleg senga på den lange vegen til
Nord-Dakota

Dei fleste av oss kan likevel ikkje følgja Ahasverus på hans ”never ending
world tour”. Vi kan møta opp når han kjem til ein stad nær oss, få med oss
konserten, og ta musikken med heim – forma han om til vårt eige landskap.
For også Dylan representerer også ei eldgamal livsform – ulik vår, men ikkje
verdlaus av den grunn.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST