holocaust - romafolket

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 06-06-02


Artikkelen til Morten Levin synleggjer glimrande kva slags fenomen dette er.
Når det gjeld talet på drepne romafolk blir likevel anslaget hans litt for
lågt. Eg er ikkje sjølv inne i kjeldeproblematikken her, men eg meiner dei
seriøse opererer med tal mellom 750 000 og vel ein million av eit folketal
på 2 millionar i tyskokkupert Europa.

Desse tala er vanskelege. Det er slett ikkje alle folketeljingar før krigen
som opererer med roma som eigen teljekategori, og ein veit ikkje nøyaktig
kor mange roma det var i Europa i 1939. Når det gjeld drapstala, er tala frå
utryddingsleirane til ein viss grad pålitelege. Problemet er
einzatsgruppene, som ofte ser stort på det og rapporterer samla tal for
jødar og roma - slik at talet på drepne jødar blir litt for høgt, medan
talet på drepne roma blir for lågt.

Eit apropos her er det norske systerfolket til roma - romanifolket
("Tatere"). Desse etablerte seg i Noreg på femtenhundretalet, og har/hadde
eit språk i slekt med roma. Det norske NS diskuterte å "deportere til
Polen". Men av litt tilfeldige grunnar vart saka ståande i byråkratisk ro. I
stor var det lovverket som vart brukt mot romanifolket for å sikra
rasehygiene vedteke tidleg på tredvetalet, og var nokså upåverka av krigens
gang. Dette vart skjerpa først etter krigen. Med lovforbodet mot at folk av
romanislekt kunne eiga eigen hest av 1952 kom siste spikeren i kista til den
omreisande livsforma, og eit påfølgjande samanbrot godt hjelpt av
institusjonar som Svanviken på Møre og anna lovgjeving, mellom anna ein
hårreisande bruk av barnevern. Men også sjølvsagt av at den økonomiske
omlaginga av bygdene i Noreg tok bort grunnlaget for ei slik livsform.

Så vidt eg veit vart romanifolket såvidt med i forprosjekta til det norske
"Holocaustmuseet" i Villa Grande, men har vorte sett på sidelina undervegs.
Dette er ei folkegruppe som har vorte tråkka på med piggsko, og har små
ressursar til å følgja opp sjølve. Absolutt ei sak å nøsta i for folk som
vil ha eit heilt bilete av historia.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST