Holocaust

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 06-06-02


Holocaust

tyder brennoffer, og har på merkverdig måte vorte ordet for folkemordet på
jødar under andre verdskrig. Det kom til oss med ein amerikansk TV-serie på
slutten av syttitalet, og Elie Wiesel har hevda at han står for farskapet
til ordet. Det er eit ord vi bør sjå på med svært stor skepsis. Av fleire
grunnar.

1. For det fyrste avdi det er sterke grunnar til å ikkje skilja ut
folkemordet på jødar som noko heilt spesielt i historia om andre verdskrig.
Europa har historisk to ikkje-territorielle etniske grupper – jødar og roma
(”sigøynarar”). Nazistane freista utrydda båe, og tapstala til romafolket
var like store i høve til folketal som tapstalet for jødar. Men medan du
kan laga filmar om Schindler og svenske diplomatar og andre som redda
tusenvis av jødar frå dauden, ville ei liknande historie om romafolket vore
ei løgn. Historia om folkemordet på romafolket er heilt enkelt nattsvart.

Og det er ho framleis, avdi romafolket er retusjert bort frå den alminnelege
kunnskapen om dette. ”Hitler drap 6 millionar jødar”. Punktum. Då ei stor
gruppe bulgarske romafolk kom for å søkja asyl i Noreg for eit par år sidan,
signaliserte den politiske leiinga utan å snakka i klårtekst at dette neppe
var ”verdige” asylsøkjarar, og at den ”individuelle” handsaminga i stor grad
gjekk ut på at sakshandsamar skreiv under på kvart avslag for seg, i staden
for å bruka kopimaskin.

Når ein veit litt om kva romafolk er utsette for av tvangssterilisering,
innesperring i ghettoar, drap, terrorisering og rolle som ålmenn syndebukk
i Aust-Europa, er dette sjølvsagt heilt horribelt, og eg skulle likt å sjå
den regjeringa som hadde gjort det same med ei gruppe jødar frå Bulgaria.

2. Episenteret for den verdskatastrofen som heiter andre verdskrig er områda
aust for Tyskland – Polen, Kviterussland og Ukraina. Her har ein i tre år
den einaste fronten av noko tyding. På tysk side av fronten har du ei
heksegryte av vald. I Polen vart omlag tre millionar sivile utanom jødane
drepne under krigen – mellom anna heile intelligensiaen. I Kviterussland og
Ukraina har du heile tida ein flakkande partisankrig bak dei tyske linene,
og millionar av ukrainarar og kviterussarar blir avretta på mistanke om at
dei stør partisanane. Og her har du eit anna bilete enn i vest, der jødane
blir skilt ut og sendt med kuvogner. I det vestlege Sovjet var jødane i stor
grad ein del av ein sams motstand, og deltok i same partisankrig mot
tyskarane. Dei vart sjølvsagt prioritert av einzatsgruppene når desse ”
reinska opp” i eit område. Men det er ikkje noko ”unikt” med historia deira.

Ukraina, som var det landet der tvangskollektiviseringa i Sovjet fekk dei
verste utslaga, hadde 42 millionar innbyggjarar då krigen byrja. På slutten
av krigen var dette på ymse måtar redusert til 27,4. Denne delen av
historia, og den liknande heksegryta i Balkanfjella, bør ein òg ha med –
ikkje berre historia om at Hitler drap jødar ”utan at europearane gjorde
noko for å hjelpa” – til Uncle Sam kom og ordna opp. Den
utryddingspolitikken som jødar og roma i ekstrem grad vart utsette for i
episenteret for andre verdskrig er ikkje noko ”unikt”, men ein del av eit
mønster som også galdt austeuropeiske slavarar. Ser du folkemordspoltikken
under eitt, og reknar frå militære tap, vart 26 millionar drepne under andre
verdskrig, av desse seks millionar jødar.

3. Men så er det også sjølve ordet – ”brennoffer”. Dette går inn i ei
forestillingsverd som bør vera framand for oss. For kven vart desse folka
ofra til? Og kva skulle ein få att for offeret? Forestillingar om at desse
folka vart ”ofra” for at staten Israel skulle få velvilje frå oven er etter
mi meining nokså langt over kanten for det perverse. Og ein bør vera svært
mistenksame til slike tankemønster i dagens klima. Ein amerikansk ekstremist
som Meir Kahane ønskte å ”reinsa” jødedomen for ”hellenisme” (vestleg
intellektuell tradisjon). Og det er mange slike merkelege idear ute og går.

4. I tillegg er Holocaust ein stadig ”mediehappening” – der det er spørsmål
om fornekting eller tru, kvitt eller svart. Eg er ikkje i tvil om at det er
mykje humbug ute og går blant historiske ”revisjonistar”. Men det er det
sanneleg også innanfor holocaustestablishmentet – mellom anna retusjeringa
av romafolket. Og skal ein få bukt med denne humbugen, trur eg ikkje det er
andre måtar å få til det på enn i prinsippet å bruka dei same metodane som i
anna historisk ordskifte. Revisjonistane og den amerikanske
holocaustindustrien bidreg her gjensidig til å mørkleggja eit viktig
historisk felt – og det mønsteret bør vi ikkje gå inn i. For min del er
talet 6 millionar jødar heilt OK til eg ser godt dokumenterte arbeid som
seier noko anna. Men det er ikkje noko eg ”trur” på.

5. Og difor er det òg viktig å sjå at andre verdskrig er noko anna for
amerikanarar enn for oss. Sigurd Hoel refererer i eit essay undersøkjingar
som var gjort i USA i 1943, der ein bad folk forklara kva nazisme var for
noko. Nesten ingen greidde det – det einaste ein var samde om, var at det
nok var ”anti-amerikansk”.

I Europa var andre verdskrig ein veldig idèkamp, med panser og automatvåpen
som argument. Då russarane i 1944 bomba flyplassen på Høybuktmoen rett før
dei gjekk inn i Sør-Varanger kom ein tysk soldat midt i treveåra halvfull
opp til huset til besteforeldra mine i Bjørnevatn. Med bombedrønna som
bakgrunnsmusikk heldt han knyttneven i veret og song ”internasjonalen”.

Slik opplevde heile Europa krigen som ”den store alliansen” mellom Churchill
og Stalin, mellom den liberale og den sosialistiske tradisjonen. Det er
svært viktig å sjå at det ikkje var slik i USA, der folk var svært skeptiske
til å gå inn i krigen, og der dei japanske gulingane var hovudfienden. Det
er dette tomrommet den amerikanske ”holocaustmyten” går inn i – ”a just
cause”. Amerikanarane har ikkje berre vore skeptiske til kommunismen – men
til politiske doktrinar av alle slag, også nazismen. Dette går langt tilbake
i tid, de Tocqueville skriv om det same frå USA på 1830-talet. ”Ideologienes
død” er berre eit uttrykk for at dette særamerikanske fenomenet har vorte
globalt.

Difor gjer vi klokt å halda fast på vår eiga forståing av desse hendingane,
i staden for ein ”ideologilaus” amerikansk versjon. Som ein del av dette bør
vi kanskje liksågodt berre droppa ordet ”holocaust”?

(delar av ressonementet har eg lånt frå ”Assaults on Truth and Memory” av
Ward Churcill, som ligg på heimesidene til Romafolket – ”Patrin web
journal” – www.geocities.com/Paris/5121 )



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST