Ein ideologisk krig

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 06-06-02


Er det nokon som veit av nettstader der ein kan finna viktige Bush-talar om
utanrikspolitikk samla? Eg trur det blir for enkelt å avfeia Bush som
idiot - det er ikkje idiotar som skriv talane hans. Bush gjev ord til
interesser som er heilt rasjonelle - sjølv om dei kan henda er rasjonelle på
andre måtar enn vi har tenkt?

Eg trur kanskje vi har fokusert for mykje på olja, og på Israel som ein
brikke i USA sitt spel om makt i ein oljerik region. At Israel er ein brikke
er det vel liten tvil om. Men kva heiter spelet?

Til no har USA hatt svært liten nytte av Israel når det gjeld kontroll med
olja. Det er mogleg å argumentera for at alliansen USA - Tyrkia - Israel er
nyttig for USA sin kontroll med regionen. Men det er også argument mot. Og
ville ikkje USA hatt kontroll gjennom allianse med Tyrkia og Saudi - om ein
i tillegg brukte overlegen valdsmakt av og til for å disiplinera, som i
Irak?

I tilfelle Israel er ein del i eit internt, ideologisk maktspel i USA, er
det mogleg å identifisera tre grupper som har interesse av å teikna verda i
svart/kvitt, med dei gode sin krig mot dei vonde.

1. Nykonservative, som representerer eit ideologisk framhald av den kalde
krigen, og som treng fiendar å slåss mot for å halda fast ved makta si over
amerikansk opinion.

2. Det jødiske USA, som treng Israel som ein evigvarande såpeopera og
"reality-TV" for å sementera identifikasjonen med det jødiske, og hindra at
flokken byrjar gifta seg utanfor Brooklyn, slik at jødisk identitet går i
oppløysing.

3. Kristenfundamentalistar som trur på Bibelen som bokstaveleg sanning, og
ser staten Israel som eit teikn frå Gud om at ein går mot endetidene og
sluttkampen mellom Gud og Satan.

Desse spelar på ideologiske djupstrukturar i USA som heng saman med det
kalvinistiske preget USA fekk frå byrjinga.

Vil ikkje ein slik forklaringsmodell gje ei betre forklaring på det som
skjer no enn reine strategiske interesser i Midt-Austen?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST