Meir krig mot mørkret

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 04-06-02


Den amerikanske ideologien

I USA er ikkje idekampen på same måte ein strid mellom formulerte, politiske
doktrinar som i Europa. Dei religiøse djupstrukturane er mykje viktigare. Og
skal du forstå den dominerande, amerikanske ideologien, kan det løna seg å
sjå på to immigrantgrupper. Den første, pilegrimsfedrane, kom til Plymouth,
Massachusets, i 1620. Den andre, puritanarar, til Massachusets Bay i 1630.

Ingen av desse gruppene praktiserte religiøs toleranse, men utviste alle som
ikkje hadde opplevd personleg omvending. Desse gruppene vert kalla
kongresjonalistar, til skilnad frå presbyterianarar, som også er
kalvinistar. Båe står sterkt i USA.

På denne religiøse grunnmuren reiser det seg eit knippe idear som er svært
interessante i dag. På den eine sida dei ideane desse har med seg frå
Europa, om ei verd der lyset lever midt mellom mørkret sine søner. Og ideane
om predestinasjon, og om verdsleg suksess som teikn på Guds nåde. Men i den
amerikanske konteksten kom det fleire ting til.

For dei las gamaltestamenetet, og fann ut at Amerika er det lova landet – ”
Gods own country”. At dei som budde der frå før, var kaananittar, som måtte
utryddast på same måte som i Josva. Dette gudsoppdraget var sjølvsagt ikkje
avslutta før ein hadde nådd Stillehavet. Det Europa dei hadde flykta frå,
var eit Egypt som ein skulle snu ryggen til. Der rådde vantrua – og ideane
som kom derifrå var ”anti-amerikanske”.

To hendingar har bidrege til å festa grepet til dette verdsbiletet. Først
den store vekkjinga, som byrja på 1730-talet. Ho byrja blant
kongresjonalistane i Massachusets, og spreidde seg som ei mektig bølgje
gjennom alle kyrkjesamfunna i koloniane – heilt fram til ”the frontier”. Den
store vekkjinga parkerte tradisjonelle autoritetar på sidelina, og gav
predikantar som sementerte og radikaliserte lys/mørkrebiletet ein veg fram
til makt og posisjon. Den amerikanske revolusjonen følgjer for ein del same
biletet – det var slett ikkje nokon mektig majoritet i koloniane som var for
lausriving. Men dei som var det, var svært entusiastiske, og såg krigen som
ein kamp mellom det gode og det vonde.

Den andre hendinga som har grunnfesta amerikansk manikeisme, er
framvoksteren til Hollywood frå om lag 1910. Gjennom Hollywood blir den
amerikanske ideologien eit globalt fenomen.

Den lutheranske ideologien er annleis her. Bjørnsons fader opnar seg for
sanninga først når sonen har drukna. I ”Juvikfolket” til Duun ofrar helten i
siste akt livet for å berga livet til fienden sin. Slikt skjer ikkje i
amerikanske filmar.

I amerikanske filmar er helten fødd til helt, og skurken fødd til skurk.
Handlinga er predestinert. Jo lågare budsjett, jo lettare å gjennomskoda –
jmf. ”Kvite hattar og svarte hattar” i dårleg førtitalswestern. I påkosta
filmar kan ein ta mange omvegar før lysets born finn saman – men dei gjer
det til slutt. Mønsteret er grunnleggjande det same.

Det andre som skil seg frå europeisk tenkjing, er utgangen av dramaet.
Amerikansk film dyrkar sjangrar der løysinga for mørkets born er å døy,
eller i det minste å bli bura inne. Og det er skurkar som stengjer helten
inne i all slags reglar og byråkrati i jakta på vondskapen, td. ”dirty
 Harry”.

Tilhøvet mellom Israel og USA er såleis eit døme på delt ideologi, meir enn
delte interesser. For det er svært mange parallellar mellom nordamerikansk
kalvinisme og sionistisk jødedom, langt fleire enn dei eg teiknar opp over.

Er så USA berre kalvinistisk lys/mørkeideologi? Slett ikkje. Og mange av dei
ideane som står mot dette, har religiøs farge. Det som gjer at Johnny Cash
ruvar slik i terrenget, er at han lagar eit motbilete – mest tydeleg i
fengselsplatene (Folsom Prison Blues, San Quentin), men òg i andre
samanhengar. Og medan han uttrykkjer draumen om frelse for alle dei
amerikanarar som ”are held back”, kallar han seg ”man in black”. Ja – han
kallar seg ikkje berre ”man in black” – han er det: Alltid i mørke klede,
alltid med eit blikk svart som natta. Alltid på sida til ”det andre
amerika” – i kamp mot ”lyssønene”.

Men også det svarte amerika – baptisme, nation of islam – er døme på slike
motbilete.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST