Krigen mot mørkret

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 04-06-02


Krigen mot mørkret

Karsten skriv:
”Man trenger såvisst ikke være en galning, anlagt som
"konspirasjonsteoretiker" eller lign., for å fatte en del mistanker ved
følgende opplysninger som stammer fra Newsweek, her gjengitt i dagens
Aftonbladet: (sitatet gjeld at CIA visste av to av kaprarane to år før
åtaket).

Og sant nok – det er all grunn til mistanke. I den halvverda som heiter
etterretningsorganisasjonar, spionasje og konspirasjon er mistanke Moses og
lova. I denne samanhengen er også tilhøvet mellom Israel og USA nokså
komplekst.

Samstundes er verda full av merkelege samantreff, som td. den leiande
FBI-tenestemannen som hadde vore leiande i etterforskinga av al-Qaida, og
som sa opp i protest. I staden var han tryggleikssjef på WTC – og forsvann
ut or historia.

Det viktigaste sporet er likevel framleis Saudi-sporet. Bush peikar ut
stadig nye land som ”ondskapens akse”. Men flykaprarane var ikkje
nordkoreanarar. Dei var stort sett frå Saudi-Arabia. Dette er ikkje spor som
ligg gøymt i mørkret, men framme i dagen.

Alle andre større makter har tapt på 11. september. Pakistan har tapt mest,
saman med Kina. Russland har tapt, men har fått kompensera lokalt i
Kaukasus. Berre ei regional makt – Israel – har tent på åtaket. Også dette
ligg framme i dagen. Eg trur ikkje det treng tyda på nokon konspirasjon.
Truleg er det slik at Israel vil kunne tena på alle dramatiske hendingar av
dette slaget. Det er interessant i seg sjølv – konspirasjon eller ikkje.

Mest interessant er likevel det verdsbiletet Bush formulerer. Delinga av
verda mellom absolutt lys (USA), og absolutt mørke (Vondskapens akse).
Lysets born i ei verd der mørkret rår. I kristen idehistorie er dette
biletet i svart og kvitt ikkje knytt til hovudstraumen i kyrkja, men til det
manikeiske kjetteriet. I nyare tid er det særleg ytterfløyen i
reformasjonen – kalvinismen – som nyformulerer dette biletet. Sjå td. den
presbyterianske ”The Westminster confession of Faith”. Dette var ideologien
til pilegrimsfedrane i USA, som skulle byggja ”ein by på ei høgde” og verta
eit lys for verda. Og som motsett dei franske nordamerikanarane knytta dette
til ein folkemordsideologi der dei innfødde var ”mørkets born”. Du finn det
same kalvinistiske tankemønsteret att i Nord-Irland (td. Paisley) og i
Sør-Afrika. I dette verdsbiletet har Gud på førehand valt ut dei som skal
bli frelst (predestinasjon), og verdsleg suksess er eit teikn på Guds nåde.

I ei avideologisert verd, trur eg det kan vera interessant å sjå nærare på
kva slags ideologiske djupstrukturar i USA Bush manar fram når han deler
verda i lys og mørke. Kan henda er det meir enn kalvinisme her. Og eg trur
dette er meir overkommeleg enn å få fram etterprøvbare fakta frå spioneriet
si skuggeverd.

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST