Utmelding frå debatten

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 20-05-02


Og der for slåmaskina, ein bolt knakk...
Praktiske gjeremål hopar seg opp, og eg melder meg ut av debatten når den
verkeleg byrjar bli god. Eg kjem tilbake når eg får tid, om ei veke eller
to.

Braanen er ærleg - og eg trur det er føresetnaden for at debatten skal bli
god. Men Braanen manglar ein metode for korleis avisa skal koma i kontakt
med "det skjulte Norge", for å låna Bukdahl/Johansens omgrep. Du bør tenkja
litt høgt her om kva du trur er mogleg - ikkje berre om kva som ikkje er
mogleg.

Eg er usamd med Hermann Hansen når det gjeld å byggja "lokalkontor", men
samd i svært mykje av kritikken hans. Hansen seier han har røynsler frå
Framtid i Nord - eg har i periodar vore ein ivrig FiN-lesar (eg har ein
svigerfar med røter i Nord-Troms), og synest den avisa ein periode var eit
svært interessant avisekperiment. Burde ikkje Hansen ved eit eller anna høve
bli invitert til å fortelja om røynsler med "alternativ" avisdrift utanfor
det kulturelle "ground zero" i Oslo?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST