Star Wars-filmen og KK

From: Karsten Johansen (kavejo@ifrance.com)
Date: 20-05-02


Guri Kulås' artikkel om Star Wars er etter min mening en av den typen
kulturartikler som KK burde prøve å gjøre bedre. Les selv nedenfor. Det
er lite (bortett fra kanskje innledningsavsnittet) i denne artikkelen
som gjør at den ikke like gjerne kunne stått i Aftenposten eller
Dagbladets Magasin osv. De som ønsker slikt kan lese det andre steder -
jeg kan umulig se at KK har noen oppgave i å øke salget eller
oppmerksomheten rundt slike produkter. Artikkelen har liten distanse til
fenomenet, ser det ikke i et videre perspektiv og den framhever som
delkonklusjon den minst like kommersielle og nærmest fascistoide
"Ringenes Herre" som det bedre alternativet for dagens ungdommer.
Artikkelen er nok kritisk, men kritikken er stort sett innafor den
kommersielle horisonten og har ingen mer prinsippiell angrepsvinkel:
"For å bruka Star Wars-mytologiens eigen språkbruk: Den mørke sida av
krafta har teke over. Star Wars er ikkje anna enn eit dårleg produkt i
ei alt for påkosta innpakking og seld av ei alt for «tunglabba»
marknadsavdeling." Altså: "et dårlig produkt". Kom med en bedre vare av
samme slag: "Star Wars danna skule for science fiction på film. Men
lærlingane er i dag betre enn Lucas. Han har store problem med å vera
original." Dette er det ikke mye perspektiv i.

Det som mangler er et videre kritisk-historisk perspektiv på denne
sjangeren og dens voldsomme nåværende popularitet. Hva er det uttrykk
for? Hvilken funksjon har det for "brukerne"? Hvilken slags kulturell
tendens er det uttrykk for? Gi oss noe Broby-Johansensk kulturanalyse!
For meg representerer disse verkene noe som ligger nært opp til
dataspillenes og tidligere ridderromanenes verden: en innelukket,
barbarisk og umenneskelig verden av idealisert krig (alt handler jo om
krig) hvis hovedformål er virkelighetsflukt i en labyrint av
oppkonstruert og verdensfjernt vrøvl uten minste "livsutforskende"
verdi. Typisk deler omverdenen seg i de frelste som er med i en slags
pseudoreligiøse fanklubber (Kulås: "Star-Wars-kulten") rundt f.eks.
"Star-Wars-verdenen", de utgjør som Kulås er inne på et stabilt
kundegrunnlag som kan forsynes med en uendelighet av effekter. Men
fenomenet at de utfolder en virtuell parallelltilværelse av programmerte
dagdrømmer i dette fluktuniverset sier Kulås intet om. Hun er inne på at
handlingsmønsteret i såvel Star Wars som annet av samme sjanger er
stereotypt og platt effektmakeri og at figurene ikke rommer menneskelig
dybde, at det er en tegneserieverden av laveste kvalitet, men dette
burde vært utdypet.

Ridderomaner var utrolig populære i tiden umiddelbart før nazismen i
Tyskland, det ligger en interessant historisk parallell her. Guillou
prøver med sine middelalderomaner å utgjøre et slags mer lødigt populært
alternativ - hva med det? En annen parallell er tidens religiøse
fundamentalisme. Osama bin Laden kunne såmenn vært med i en slik
Star-Wars-klan, både hans og deres verden har det samme lummert-umodne
og innelukkede over seg, røper den samme narsissistiske mangel på
livserfaring og personlighetsdannelse, som jeg tror henger snevert
sammen med den prefabrikerte tilværelsen slik den former seg i vår tid,
hvor mulighetene for rikere sanselig erfaring og personlighetsutvikling
har tørket inn for store menneskemasser.

Karsten Johansen

 Den mørke sida av krafta
For dei som har gode barndomsminne med Star Wars er det best å liggja
unna «klonene».

 Av Guri Kulås, torsdag 16. mai, 2002

Klonene angriper er tittelen på den nest siste av Star Wars-filmane som
har verdspremiere i Oslo i dag. For dei som i ung alder såg dei fyrste
tre filmane, laga frå 1977 til 1983, er det Star Wars anno 2000-talet
som er dei kunstige «klonane».

«Før og etter Star Wars» er ikkje berre uttrykk for eit skilje i
filmteknologi: overgangen til den moderne spesialeffektsfilmen. For
publikum over heile verda uttrykker det også meir enn vasskiljet då den
amerikanske filmindustrien på nytt festa grepet om kinoverda, punktet då
dei globale marknadsføringskampanjene og salsstrategane tok styringa
over filmen, då «romertalfilmane» byrja å dominera Hollywood-tenkjinga,
då video og fjernsynsdistribusjon, leikety, spel, snacks, klede – og
alle tenkjelege og utenkjelege produkt – vart viktigare for produsentane
enn filmen. Star Wars-konseptet er ynskedraumen for dei store
underhaldningskonglomerata, der leiketysdesignarane kan få eit ord med i
laget om figurane i filmen.

Manglar sjel
Men: Publikumssuksessen hadde aldri vorte noko av hadde det ikkje vore
for at Georg Lucas greidde å fanga, ikkje berre den spanande strukturen,
men også noko av essensen i velkjend, urgammal mytologi om kampen mellom
dei gode og vonde kreftene i mennesket. Og han presterte å transformera
det velkjende til ein ny populærmytologi som transporterte oss gjennom
«hyperspace» til denne «galaksen langt, langt unna», der eventyra si
verd opna seg for ein ny generasjon som hadde lagt bøkene på hylla.

Det var ikkje berre eit imponerande univers, men ein uimotståeleg
ungdommeleg filmskaparenergi som møtte ein i kinosalen. Prinsesse Leia
med sine kringlefletter, den barske Han Solo og jamvel den mutte Luke
Skywalker, den vise Obi-Wan og dei morosame androidane C-3PO og R2 D2
hadde ein ting sams: sjarm. Det var lett å engasjera seg i og
identifisera seg med deira lagnad. Og om romskipet «The Milennium
Falcon» såg ut som det var skrudd saman i Lucas' eigen kjellar, så var
det ein del av sjarmen det også. Det er i alle fall noko sanning i
dette, jamvel om 70-tals-utsjånaden på alt frå sminke og kostyme til
interiør og teknologi sjølvsagt gjev ei varm kjensle av nostalgi ved
gjensyn.

Manglar spaning
Handlinga i dei nye filmane går føre seg før den i Star Wars-filmane som
vart laga for 20-25 år sidan. Det er minst to problem med dette. Den
utrulege teknologien, som Lucas sjølv har vore ein av hovuddrivkreftene
bak, har kome så langt at det blir ei estetisk utfordring å få desse
filmane til å sjå ut som dei er frå ei eldre tid enn dei første, rett og
slett fordi det teknologiske uttrykket og designen lyser av 2002 medan
dei andre, som sagt, har eit umiskjenneleg 70-talsstempel. For det
andre, og kanskje viktigare: Det er ingen overraskingar her, vi veit jo
kva som kjem til å skje, sidan vi alt har sett Episode IV, V, VI.

Klonene angriper er forteljinga om den unge Anakin Skywalker, med
skuggen av den komande Darth Vader hengjande stadig mørkare over seg,
samstundes som han forelskar seg i den unge dronning Amadala. Og det er
forteljinga om korleis den galaktiske føderasjonen byrjar å gå i
oppløysing, men årsakene til det er så vagt framstilte at det er
vanskeleg å få grep om «politikken» her. Star Wars II manglar rett og
slett ei interessant historie. Då hjelper det ikkje med små godbitar som
bakgrunnshistoria til Boba Fett og stormtroppane og å få sjå Yoda svinga
lasersverdet.

Uoriginalt
Star Wars danna skule for science fiction på film. Men lærlingane er i
dag betre enn Lucas. Han har store problem med å vera original. Det
komande imperiet blir varsla gjennom 30-tals retro-futurisme og
scenografiske hint til tysk alpenatur og totalitær estetikk. Her er også
tallause referansar til andre filmar, frå Metropolis og Blade Runner til
Det femte element, X-files og jamvel Sound of Music. Det er som om Lucas
vil seia med Annie Okley: «Anything you can do, I can do better!»
Resultatet er at Star Wars II er som ein pompøs nær to og ein halv time
lang reklame for tenestene til (det rett nok svært dyktige)
spesialeffektsselskapet hans, Industrial Light & Magic.

Skodespel er det ikkje rom for i kryssklippinga mellom alle dei ulike
jaktscenene i det eine meir fantastiske landskapet etter det andre. Men
myten er borte. Det blir berre tom, visuell gigantonomi, der tablåa slår
kvarandre i hel. Det er ikkje berre nostalgi over dei gamle filmane som
ligg bak denne spådommen: for dei som er i dei tidlege tenåra i dag, vil
Ringenes herre gjera eit langt sterkare inntrykk.

For å bruka Star Wars-mytologiens eigen språkbruk: Den mørke sida av
krafta har teke over. Star Wars er ikkje anna enn eit dårleg produkt i
ei alt for påkosta innpakking og seld av ei alt for «tunglabba»
marknadsavdeling. PS: Er det noko ein kan vera trygg på, er det at Star
Wars-kulten vil reagera sterkt på omsetjartull. I den digitalt oppfriska
versjonen av Edisode IV var «your fathers light sabre» omsett med «din
fars lette sabel». Når Anakin i Episode II seier han vil bli den største
jedien nokon sinne, og at han då vil bli «invincible», meiner han ikkje
at han blir «usynleg», men uovervinneleg. Det burde kanskje omsetjaren
ha forstått av samanhengen om ikkje anna.

 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST