Klassekampen som lokal- eller riksavis

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 19-05-02


Hermann Hansen og Hans Olav Brendberg skriv om kvifor Klassekampen er ei
lokalavis for Oslo-området meir enn ei riksavis. Hansen meiner avisa må kome
seg ut or byen for å bli annleis. Brendbergs syn er at problemet er
journalistutdanning og –rekruttering. Han skriv: ”Mi oppleving av stoda
etter 1997 er i alle fall at problemet ikkje er uvilje, men at vi manglar
ein journalist med god kunnskap som kan gjera denne typen stoff til sin
teig.”

Eg er meir samd med Hansen enn med Brendberg, og vil i dette innlegget blant
anna bruke personlege røynsler for å grunngi kvifor.

I fleire tiår skreiv eg med ujamne mellomrom i Klassekampen. Det var
kommentarartiklar og reportasjar, det meste om bygdenorske forhold. Ein gong
eg var pengelens, bad eg om honoraravtale og fekk det med Allern. Eg nytta
meg av det ein gong, men stort sett skreiv eg gratis.

Inntrykket det meste av tida var at avisa var så passeleg interessert. Dei
tok inn stoff eg sende, det skorta ikkje på det. Brukte eg store ord, fekk
det også førstesideoppslag, for både før og etter palassrevolusjonen har
Klassekampen likt store ord. Dei spurde sjeldan etter stoff, følgde sjeldan
opp og viste i det heile liten interesse ut over at stoffet hjelpte dei med
å fylle avisa og gav ein passeleg dash bygde-Norge. Etter redaktørskiftet
til Michelet vart den før labre interessa labrare.

Det inntrykket eg sit med, er at redaksjonane, anten redaktøren var Allern
eller Michelet, hadde vore på studiesirkel om einskapsfront og skjønte at
dei måtte ha noko bygdenorsk stoff. Men sjølve var dei framande for stoffet,
og dei hadde ei viss redsle for at slikt stoff skulle prege avisa, slik at
ho ikkje vart tilstrekkeleg urban for dei lesarane som heldt til i
Oslo-området og hadde urbane og caferadikale livssyn og kunne reagere på at
avisa lukta fjøs eller fiskeslog.

Sjølv har eg etter kvart gått lei. Det er ikkje ein bevisst boikott, og det
kan nok tenkjast eg sender eitt eller anna også i framtida dersom eg vil nå
fram til Klassekampens lesarar. Men vanlegvis tykkjer eg det er fornuftigare
å nytte mi ledige tid til anna arbeid. Eg trur ikkje det i lesarkrinsen
finst såpass mange i aktuelle målgrupper for min tenkjemåte at ho bør ha
prioritet. Eg opplever det slik at Klassekampen har gjort sitt redaksjonelle
val og difor også sitt val av lesarar. Dei vil vere ei avis for dei
byradikale med nogo attåt. For venstresida altså.

La meg ta eit eksempel til: Svein Lund held til i Finnmark, Kautokeino trur
eg. Nokre år sidan, etter at Michelet hadde vorte redaktør, søkte han på
jobb i Klassekampen. Han meinte avisa treng stoff frå Nord-Norge og sette
som vilkår at han ikkje skulle flytte. Søknaden ligg forresten einkvan
staden på dette forumet, for den som vil leite. Lund hadde skrive mykje før
og vist seg å vere ein dyktig og kunnskapsrik skribent, ein skribent av det
slaget arbeidsfolks avis kunne trengje. Men nei, så vidt eg skjøner vart han
forbigått. Iallfall dukka han ikkje opp i spaltane.

Eg har altså grunn til å tru at avisa ikkje har vore særleg interessert i
min penn og heller ikkje i Svein Lund sin. Eg veit ikkje, men eg tippar ho
gjennom tida har fått fleire tilbod av liknande slag. For det finst mange
skriveføre, radikale folk rundt om i landet. Mi vurdering er altså at når
Klassekampen primært er ei Oslo-avis meir enn ei riksavis, er det fordi
avisa ønskjer ein slik profil.

Dette blir skrive 19. mai. To dagar sidan stilte Vardø kommune med flagg på
halv stong og sørgjebind på armen, og politikarane der har kunngjort at dei
trekkjer seg frå sine verv og overlet staten ansvaret for å administrere
kommunen. Det er ikkje eit tilfeldig og lite gjennomtenkt opprør, det er ein
del av ein norsk og finnmarksk opprørs- og sjølvstendetradisjon. I Finnmark
går trådane attende til storminga av Svend Foyns kvalstasjon i Mehamn i
1903, til dei mange streikekampane på Syd-Varanger, til gjenreisinga i 1945,
då folket i Finnmark og Nord-Troms trassa alle ordrar frå regjeringa i
London og seinare Oslo og drog attende i den største sivile ulydnaden i
norsk historie, og til det kontinuerlege venskapsarbeidet med sovjetfolk som
har vorte drive trass i motstand både frå norske og sovjetiske styresmakter.
Dei fekk ikkje og ventar ikkje i dag heller særleg hjelp frå Oslo, heller
ikkje frå den radikale intelligensiaen der. Dei opplever som eit problem at
deira markeringar og opprør blir tagde i hel, men tenkjer neppe tanken om at
Klassekampen skal vere ei motvekt og eit organ for å nå ut. Kvifor skulle
Klassekampen vere det?

Eitt deler seg i to, som Mao stadig poengterte. Slik også med radikal
tenking i Norge. Det eine miljøet er den Oslo-sentrerte
tertiærnæringstradisjonen, knytt til politikarar og akademikarar og
mediefolk og somme attåt. Dette er venstresida, dei som har valt å sitje på
venstre side i møtesalen der avgjerdene blir tekne. Det andre miljøet er
arbeidsfolks, bygdefolks, utkantfolks miljø. Der er den finnmarkske
opprørstradisjonen. Der er småbrukarar som klorar seg fast med sau med ei
årsinntekt på 100 000 kroner i trass mot makta, og som nok synest ulven er
eit fint og fascinerande dyr som vi bør ha plass til, men som også kan ta
heimevernsmauseren i bruk og stillteiande steine dyrekadaveret ned dersom
han gjer sauehaldet endå vanskelegare. Ikkje fordi dei har lyst til det
eller tykkjer det er ein god framgangsmåte, men fordi naturen dessverre må
forvaltast slik når styresmaktene ikkje er utstyrde med lytteevne. På same
måten som at då tyskarane var trengde attende frå Finnmark og Nord-Troms,
måtte husa gjenoppbyggast og jorda takast i bruk att og fisken hentast frå
havet, same kva dei meinte i London og Oslo. Der er mangsyslarane blant
arbeidsfolk, snikkarane og røyrleggjarane som doblar timetalet på rekninga
når dei arbeider på hytta til ein pengegauve og som halverer timetalet når
dei hjelper ein som sit trongt i det.

Vi har altså venstresidas miljø og arbeidsfolks miljø. Vi treng å utvikle
begge desse radikale miljøa om vi skal få skikk på dette skakkøyrde
samfunnet. Og vi treng eit samarbeid mellom dei. Men av desse to miljøa er
det arbeidsfolks miljø som er det viktigaste og som kan føre oss framover.
Ein aksjon som den som startar i Vardø no kunne ikkje ha skjedd på Sagene
eller i Drammen og heller ikkje i sentralstyra til SV eller RV, til det er
opprørstradisjonane for veike og banda til og respekten for makta for
sterke.

Det ville gle meg om eg tek feil, men slik eg oppfattar det, har
Klassekampen valt sin redaksjonelle profil bevisst. Dei har valt å arbeide
for at dei først og fremst skal vere venstresida, det radikale by- og
politikarmiljøet, si avis. Det er etter mitt skjøn eit uklokt val dersom
målet er å rette det som skakt er i dette landet. Dei burde i staden ha valt
å arbeide for å bli arbeidsfolks og småkårsfolks avis. Avisa for oss som
ikkje høyrer til på venstre side i salen der avgjerdene blir tekne, men
utanfor denne salen. Men eg har lita tru på at dei vil velje om att. Alt
tyder i staden på at dei under Michelet og Braanen heller stadfestar valet
dei har gjort.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST