Desentralisering?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 18-05-02


Herman Hansen tek for seg eit viktig problem - sjølv om eg trur han
skisserer feil løysing. Det er nokså mykje her i landet som ligg utanfor
synsfeltet til avisa. Det gjeld heile kysten - og særleg Nord-Noreg. Det
gjeld stort sett samiske spørsmål. Det gjeld mange ulike emne innanfor det
som blir kalt "distriktspolitikk".

For ein del år sidan hadde KK ei brukbar dekning av landbrukspolitikk. Eg
trur ikkje det var avdi redaktøren eller redaksjonen prioriterte dette
spesielt. Det var avdi avisa hadde ein journalist - Vermes - som hadde
brukbar kunnskap om emnet. Han arbeidde i Oslo, og følgde med det som
skjedde i maktsentra. Så bytta han til Nationen, og vart etter det eg har
sett en enno dyktigare landbruksjournalist.

Det som manglar slik det ser ut for meg, er kunnskap. Det nyttar ikkje å
prioritera eller desentralisera, så lenge du ikkje har ein journalist med
god kunnskap og oversikt over nokså store og vanskelege emne. Og det manglar
naturlege rekrutteringsmiljø for slike journalistar - det er variabelt kor
mykje kunnskap om verda utanfor Oslo folk i politiske ungdomsorganisasjonar
har. Likeeins er me som sit med litt oversikt nokså fragmenterte - og bør
gjera noko for å organisera det som finst av radikal, distriktsorientert
politisk interesse. Mi oppleving av stoda etter 1997 er i alle fall at
problemet ikkje er uvilje, men at vi manglar ein journalist med god kunnskap
som kan gjera denne typen stoff til sin teig.

Og når det gjeld ulveforvaltning: Sjølv om delar av miljørørsla lir av
pandasjuke - er det sikkert at KK skal vera limt til eit bestemt standpunkt
i slike saker, der det er ulike interesser mellom dei som naturleg soknar
til avisa? Eg er av og til rasande usamd med Braanen - men eg synest han
spelar ei rolla der han bryt med den feigskapen som ligg i å alltid ta
førehandsprogrammerte standpunkt. Og om det ikkje er rom for slikt - så trur
eg avisa vil få meir og meir tunnelsyn.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST