Aksjelag?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 18-05-02


Jonasson sitt framlegg om aksjelag for KK-forum er glimrande. Eg ser ingen
grunn til å gå utanfor krinsen av ivrige deltakarar på forumet for å laga
eit "elitelag" - tvert om synest eg det er eit poeng at ei initiativgruppe
bør plukkast frå kjernekaderen på forumet. Eg er difor så fri at eg foreslår
Karsten Vedel Johansen saman med Trond A og Anders E.

Så synest eg ei initiativgruppe bør tenkja litt på prosedyrer. Ein
fullmaktsring som skal senda folk på generalforsamlinga bør nytta tida før
til å diskutera prioriteringar og politikk på generalforsamlinga. Dei som
vil stilla frå KK-forum-aksjelaget bør ha idear som overlever open holmgang
på forumet. Men ein bør vel utvikla ein eller annan avstemmingsprosedyre når
folk skal veljast til å representera desse fullmaktene? Dette kan bli eit
artig eksperiment i elektronisk demokrati.

I alle fall: Eg forslår at Trond Andresen, Anders Ekeland og Karsten Vedel
Johansen kokar i hop ei ideskisse og presenterer for diskusjon her. Etter
ein open runde her, kan dette aksjelaget presenterast i KK - og folk her kan
spytta i tusenlappar. Så kan jo redaksjonen velja å oversjå ei slikt
initiativ, om dei synest det er klok politikk (det er det ikkje).

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST