Hva er kapitalisme - slengkommentar

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-05-02


Eg er i all hovudsak samd med det Karsten skriv i siste innlegg. Ikkje minst
det skiljet han dreg mellom kontroll og eigarskap er viktig. Opp mot nyare
tid hadde kapitalismen eit ekstern forhold til mange samfunnsformer - ein
dreiv handel, og handelen følgte eit mønster der kapitalismen ikkje
akkumulerte på grunnlag av lønsarbeid, men i prinsippet utbytta ei heil
samfunnsform. Dei samfunnsformene som stod i eit slikt tenartilhøve til
kapitalismen, vart etterkvart utarma og braut saman. Slik var i stor grad
økonomien i slavehandelens Afrika, og i ein stor del av Aust-Europa opp mot
nyare tid. Likeeins kan sjølveigarar heilt mangla kontroll over eigen
produksjon - småbønder er eit godt døme - Marx har ein epistel om
"parsellbonden" som er bortimot profetisk.

Skal ein gå til åtak på dette med absolutte skilje, endar ein i nokså steril
utopisme. Utgangspunktet vårt må vera å gradera mellom td. ulike
eigarskapsformer. Kollektive eigarformer (td. samvirke, som er
eigarskapsforma i ein stor industri her i landet) er betre enn privateige.
Personleg privateige er betre enn anonymt. Statleg kan i nokre høve vera
betre enn ikkje-statleg. Innanlandsk eigarskap er betre enn fjerneigarskap.
Men i alle høve er dette eit spørsmål om kontroll og dominans - og det er
dette spelet om kontroll og dominans som følgjer av kapitalforholdet.

Eg trur likevel kontrollen med marknaden er like viktig som eigarskap i
produksjonen. Eg kjenner ikkje så godt andre marknader, men i
matvaremarknaden er marknadsreguleringa nøkkelen til kontroll, og nøkkelen
til lønsemd. Her har vi ulike system å samanlikna: Det norske blir regulert
gjennom jordbrukstingingane (tingingar mellom stat og landbruk) og forvalta
av landbrukssamvirka (dominerande marknadsposisjon + politisk
prisfastsetjing). I EU ligg makta over marknaden i den sams
landbrukspolitikken (CAP). Alle perversjonar i EU-systemet (primært
overproduksjon kombinert med brakkleggjing) er knytt til reguleringsmåten. I
USA er landbruksmarknaden regulert av private monopol (Cargill o.a.) med
sterke eksportinteresser (CIA + WTO). Så lenge vi ikkje greier å utfordra
ideologisk det "frie" valet mellom ulike varer, er vi fanga i den logikken
som krev ekspansjon. Samstundes reiser Brox viktige spørsmål når det gjeld å
halda liv i "nasjonale" industriar i kronikken på fredag.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST