Hva er kapitalisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-05-02


Trond Andresen meiner vi må fokusere på akkumulasjonen, at det sentrale i
kapitalismen sin reproduksjon av makttilhøve mellom menneske er
rentesrentemekanismen. Og at kollektivt eigarskap til produksjonsmidla vil
kunne sjalta ut akkumulasjonsmekanismen.

Eg trur dette blir for enkelt. Makttilhøvet mellom menneske under
kapitalismen blir forkledd gjennom eit abstrakt verdibegrep. I staden for
føydalbonden si betaling av tiende og jordleige under trugsmål om utkasting,
aukar kapitalisten verdiane sine gjennom ein serie tilsynelatande
likeverdige transaksjonar, der ein byter varer i pengar, og pengar i varer
eller tenester. Og dette spelet vil dei som sel arbeidskrafta si aldri tena
meir på enn at dei som gruppe har det han treng for å overleva og
reprodusera seg. Dei vil aldri koma inn i spelet som eigarar.

Og om dei så "overtek" produksjonsmidla, vil dei likevel mangla den
kunnskapen, det nettverket og dei handelskanalane ein treng for å gjera seg
nytte av "eigedomsrett til produksjonsmidla". Det kan godt vera at
arbeidarane i Høyanger som leverer til Mercedes kan vera "like gode" eigarar
som andre - men det er ikkje sikkert at Mercedes er interesserte likevel. I
alle fall ikkje om det er sosial uro.

Dette er enno vanskelegare når varekretsløpet er internasjonalt, og
produksjonen kompleks, slik at kvar del i eit samansett produkt blir
produsert over heile verda. Skal du bli rik i eit slikt spel, er det ikkje
nok å eiga produksjonsmiddel. Det er lett å berre sjå varer og varebyter -
men i røyda er det dei sosiale nettverka knytt til produksjon og handel vel
so viktige. Og desse sosiale nettverka er knytt til politikk og makttilhøve.

Det mest sentrale makttilhøvet her, er kva som er felles målestav for alle
desse varebyta. Den som sit med patent på målestaven, vil kunne kontrollera
straumen av enkle varebyte. Dei som har spela ulike slag strategispel vil
sikkert sjå teikninga: I alle slike spel er det nokre grep du bør gjera for
å dominera (frå sjakk via monopol til Axis and Allies). Og alle slike byte
har globalt ein felles referanse: Dollar. Den som sit med verdsvalutaen,
styrer spelereglane (svært forenkla).

Og då er me attende til utgangspunktet: Økonomi dreier seg tilsynelatande om
handel, produksjon og fordeling. Men bak alle desse tinga dreier det seg om
makt. Til sjuande og sist fysisk makt. Og eg trur ei svak venstreside må
fokusera på den fysiske makta bak kapitalismen - i praksis den amerikanske
drapsmaskinen. Den "usynlege handa" på marknaden fungerer berre saman med
den "løynde knyttneven". Men for at spelet skal fungera, er det viktig at
knyttneven er løynt - valdsmakt er avgjerande viktig, men bør vera
sofistikert og mest mogleg "løynd". Spørsmålet blir korleis ein skal
eksponera den valdsmakta som held ved like dei spelereglane som gjer at
nokre heile tida tapar i spelet. For eg trur som Andresen at det er mogleg å
bruka både marknad, pengar og handel i eit anna system som tener folk flest.
Eg trur til og med at det er mogleg å bruka privat eigedomsrett til
produksjonsmidla i eit anna system. Men forutstetninga er at ein endrar
makta, endrar ein del viktige spelereglar - mellom anna makta til ein fritt
flytande, anonym "kapital" som ein slags samfunnets almennvilje: I praksis
den mest innskrenka og ansvarslause egoisme i rein form.

Hans Olav Brendberg, Hitra.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST