Demokratisering i Israel

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-05-02


Eigentleg er vel "demokratisering" feil ord - den israelske fascismen
fungerer vel best så lenge han kan byggja på eit stort fleirtal i val der
over tre millionar av innbyggjarane i det som de facto er landområdet under
israelsk kontroll ikkje har alminnelege borgarrettar. Ein slags demokratisk
fascisme, der undermenneska er "midlertidig" okkupert i påvente av ei meir
"permanent" løysing (etnisk reinsing? bantustanar? Noko heilt anna?)

Skullerud har sjølvsagt rett i at det jødiske ekstremhøgre står sterkare i
USA enn i Israel - men i kor stor grad er det israelske samfunnet i stand
til å kontrollera td. settlarane på Vestbreidda? Vil ikkje same mekanisme
koma i funksjon om den israelske regjeringa freistar bruka makt mot
settlarane, som når USA freistar bruka makt mot Israel: Brooklyn vil vera i
stand til å intervenera på settlarane si side, og stogga slike initiativ.
Dette er ein konflikt der alle er redde for å konfrontera makta - og makta
ligg vel ofte i Brooklyn? Brooklyn er heilt upåverka av røyndomen, av krisa
i Israel, og står saman som ein mann. I grunnen er vel staten Israel eit av
dei særaste politiske fenomena i verdshistoria.

Slik det ser ut for meg, er ei løysing bygd på den internasjonale
konsensusen (to statar, med den grøne lina som grense)i ferd med å bli knust
i småbitar. Rett nok trur eg kan henda at du vil få ei mobilisering for den
grønne lina både i den verkelege (Gush Shalom) og den meir tvilsame (Peace
Now) israelske fredsrørsla. Men eg trur den grøne lina er i ferd med å bli
viska ut. Dei israelske fredsrørslene greier ikkje mobilisera entusiasme og
verkeleg makt.

Etter Sharon kjem Benjamin - anten Ben-Eliezer eller Netanyahu. Båe vil på
mange måtar vera verre enn Sharon. Ingen av dei vil vera i stand til å
skriva under på noko meiningsfull fredsavtale. Ingen av dei vil vera i stand
til å finna ei militær løysing - sjølv om båe vil prøva (Ben-Eliezer:
"Einsidig separasjon", Netanyahu: Langsam fordriving?). Eg trur vi går mot
ei slag politisk oppløysing av same slag som ein såg i Frankrike mot slutten
av Algeriekrigen. Det finst inga styring - ting berre driv i veg. Det som
finst av styring, finst i hæren. Mossadsjefen Efraim Halevi er vel like
mykje israelsk utanriksminister for tida som Peres. I Frankrike greidde De
Gaulle i ein liknande situasjon å ta tak i takraset sopass at Frankrike
greidde å koma seg ut av Algeriekrigen. Eg ser ikkje for meg noko liknande i
Palestina.

Robert Fisk meiner det finst ein veg utanom katastrofen: Utanlansk
okkupasjon av Vestbreidda og Gaza. Eg trur det kunne vore ei redning, men at
det er heilt urealistisk. Altso trur eg katastrofen held fram - heile tida
med jamn, umerkeleg opptrapping.

Etterkvart som tostatsløysinga blir smadra, meiner eg ein er nøydde til å gå
til åtak på ideen om ein eksklusiv, jødisk stat. Peace Now er svært uroa av
at ein ikkje grip til ei løysing bygt på ei deling etter den grøne lina no.
Om ein ikkje gjer det, vil ein anten gå mot den "umoralske og
upraktiserbare" fordrivinga av palestinarar, eller den "anakronistiske og
fårlege" visjonen om ein binasjonal stat. Og eg trur denne "anakronistiske
og fårlege" visjonen vil vera eit meir og meir relevant svar på problema
etterkvart som sionismen freistar løysa uløyselege problem med å driva
hærverk på Vestbreidda og Gaza.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST