USA og paranoia

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-05-02


Karsten Vedel Johansen skreiv:

"Som angsten hos tyrannen Damokles vokset for sverdet over hans hode, jo
mer hans egen makt vokste, vokser den amerikanske verdenstyrannens angst
for sin egen overveldende makts vekst og virkninger på en absurd måte.
Et regime på vei stadig lenger inn i sin egen variant av obskurantismens
og den uendelig selvtilfredse galskapens mørke, kun omgitt av "allierte"
rævdiltere, men dessverre utstyrt med makt til å utslette oss alle
utallige ganger."

Eg synest det er poesi i dette - og kom til å tenkja på eit kjent sitat av
Al Capone: "Du kjem lenger med ein revolver og eit smil, enn med berre eit
smil". Teddy Roosevelts: "Snakka høfleg, men med eit stort balltre i handa"
er jo i same gate.

Og då tenkte eg: Tru korleis det er å stå der med revolveren - og berre møta
smil, uansett kvar du snur deg? Sjølv dine verste fiendar har ikkje anna enn
smil og godord å koma med. Er det rart at dei forsvinn inn i paranoiaen og
facistoid terror?

Eg heng difor på ei lita formøving om allmakt og paranoia:

Duellen

Visst er det Lucky Luke,
alle sansar opne, nerver
musklar i heilspenn
ventar, men vent litt,
kva skjer eigentleg her –
på plankegjerdet løyser
skuggen seg langsomt opp,
kryp saman
forsvinn
Lucky snur seg, men
nei, helvete, kor er –
det smell, han fer saman,
blod renn over skjorta
helvete – kvar er du:
Feiging,
kom fram!

Dei endelause slettene
sola som steiker,
men skuggen?.
Lucky skyt og skyt
kjenner blodsmaken i munnen,
augo i nakken,
og so: Pang!
Poor lonesome cowboy.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST