Fleire lause påstandar om migrasjon

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-05-02


I følgje fleire på denne lista er det ein laus påstand at kronisk mangel på
arbeidskraft er ein fordel for dei som som står veikast på
arbeidsmarknaden – som i slik høve kan gjera som oss velutdanna: Å velja
mellom ulike tilbod, etter kva slags arbeid vi ynskjer. Nei – dei er
sjølvsagt best for dei om dei må ta det dei får.

På sekstitalet hadde industrien på industristader som Mo i Rana kronisk
arbeidskraftmangel. Det førte til ein mekanisme som også er kjent frå
Sovjetunionen: Hamstring av arbeidskraft. Ein tilsette dei ein fekk tak i –
det var betre å tilsetja ein for mykje, enn ein for lite. På lasset kom ein
del originalar som truleg ville vore klientisert i dag – eg arbeidde saman
med eit par av dei på sommarjobb på 80-talet, og har vakse opp med historier
om desse typane.

Men migrasjon dreier seg ikkje berre om den lovlege innvandringa, like lite
som arbeidsmarknadspolitikk berre dreier seg om migrasjon. Så lenge du
globalt har eit regime for vekst i sentrum, stagnasjon eller tilbakegang i
periferien, vil sterke krefter driva migrasjonsrørslene.

Ein av følgjene av dette er at du etterkvart fær ein illegal, rettslaus
arbeidsstyrke. KK hadde ein reportasje om dette frå Frankrike – men dette
vil bli eit veksande problem i heile Europa. Eg går ut frå at det berre er
ein laus påstand om ein seier at slik rettslaus arbeidskraft etterkvart slær
hol i alle minstestandardar for arbeidstid og betaling, og gjev større og
større delar av økonomien eit halvkriminelt preg. Og at respekten for dei
som blir utnytta i denne trafikken etterkvart vil forsvinna til fordel for
rasistisk kynisme, og at ein ofte får utvikla system der illegale
immigrantar må betala mafiøse ”beskyttelsespengar”. Ein har jo ikkje sett
noko slik utvikling i USA, der denne typen rettslaus arbeidskraft har vore
vanleg i nokså lang tid....

No vil vel ein del hevda at EU byggjer murar kring ”Festung Europa” for å
stogga desse innvandrararane – i Ceuta og Melilla er det jo dei reinaste
Berlinmurane som blir bygd kring dei spanske enklavane. Men kvifor skal
marokkanarar symja over Gibraltarstredet, når dei i staden kan kjøpa
flybilett til Sarajevo?

Det er i det heile påfallande korleis Nato-protektorata på Balkan – Bosnia
og Kossovo – er transitthamner for all slags illegal trafikk. Bosnia har av
naturlege, delvis påtvungne grunnar nære band til den muslimske verda, og
nokså mange tusen muslimar valfartar til Bosnia utan returbillett kvart år.
I tillegg skjer ein god del av transittrafikken i prostituerte frå
Aust-Europa gjennom Balkan – delvis via den store lokalmarknaden som
Natostyrkane i landa gjev. I tillegg kjem den albanske heroinmafiaen, som
fungerer som ei slags alternativ statsmakt i Kossovo.

Problemet til venstresida er at denne trafikken grip inn i dagleglivet til
folk, og at dette i neste omgang fører til at folk røyster på Haider, Hagen
og Le Pen. Avdi desse snakkar om kriminalitet, utryggleik og anna som folk
opplever. Og du stoggar ikkje denne rørsla med moralske appellar. Når norsk
politi går ut og seier at folk frå det tidlegare Jugoslavia er
overrepresenterte når det gjeld narkotikabrotsverk, fører det heilt
forutsigbart til at nokre rykker ut og seier at dette er stigmatisering av
ei gruppe (noko det sjølvsagt er). Det er dette spelet som Hagen er so
dyktig til å profittera på. Spørsmålet blir: Kvifor går ingen ut og seier at
dette er ein logisk konsekvens av at du: 1. Øydelegg det økonomiske
grunnlaget for samfunna på Balkan 2. Gjev ein mafia høve til å skaffa seg
kontroll over narkotikatrafikken 3. Gjev militært vern og ei ”trygg hamn”
for denne mafiaen, som i tillegg får spela ei ”politisk” rolle.

So kan ein jo leggja til at USA òg intervenerte når råvareproduksjonen var
truga på grunn av Taliban sitt forbod mot opiumsdyrking (nei, eg seier ikkje
at dette var hovudgrunnen til USA sin krig i Afghanistan).

Eg trur me er nøydde til å peika på årsaker og samanhenger når folk opplever
at tryggleiken bryt saman kring dei, og du i staden får vekst i
narkotikabruk, maifiaverksemd, prostitusjon og ein lovlaus arbeidsmarknad.
Det nyttar ikkje berre å seia at du ikkje skal stigmatisera – så lenge det
er samanheng mellom kriminalitetsmønster og etnisitet. Med det seier eg
ikkje at stigmatisering, straff og politi er noko løysing på desse
problema – det er tåpeleg Frp-retorikk. Tvert om trur eg det som trengst er
at minoritetsgrupper i Noreg blir betre integrert, får eit betre
skuletilbod og på ulike måtar får styrka posisjonen sin på arbeidsmarknaden.
I tillegg må ein få fram intellektuelle og offentlege personar med
minoritetsbakgrunn, slik at denne diskusjonen i Noreg ikkje blir ein
diskusjon om ”dei andre”. Og so trur eg arbeidsmarknadspolitikk er viktig,
og at ein syter for ein situasjon der det er permanent mangel på
arbeidskraft, særleg i låglønnsyrke.

Men dette er ikkje noko fasit. Og eg trur venstresida kollektivt manglar
kunnskap og kreativitet når det gjeld å møta desse problema, som vil veksa i
åra som kjem. Grunnen trur eg er ein inngrodd moralisme som gjer alle
diskusjonar til eit spørsmål om haldningar og løynde motiv. (”Kan du
dokumentera at det er dei som står veikast på arbeidsmarknaden som tener på
arbeidskraftmangel...”). Skal vi få fram desse diskusjonane, og utvikla
kunnskapen vår, må dei moralistiske hindringane bort. Sjølvsagt må det vera
lov å seia frå om at td. framlegg om kopling av manglande oppmøte på
norskkurs og fråtrekk i sosiale støtteordningar er feilaktig og tåpeleg
politikk. Men eg synest ikkje det er rett å driva stempling som td. at dei
SV-arane som står bak slikt ”dansar med feiaren”. Det har ingenting med saka
å gjera – vi diskuterer politikk, ikkje smittevern. Vi kjem ingen veg med
munnbind og sterile hanskar.

(For dei som vil ha fleire lause påstandar, hadde Robert Fisk ein god
artikkelserie om Balkan og transitt i Independent i fjor. Når det gjeld
Taliban og opium, har FN-sambandet og The Guardian hatt gode artiklar om
emnet, i tillegg til at Taliban sin ambassadør i Pakistan la fram ei ”
kvitbok” før krigen. Påstandane om arbeidsmarknaden i Mo i Rana manglar
sjølvsagt akademisk fundament – eg har aldri lese ein einaste
forskingsrapport om Mo i Rana)

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST