Brox på fisketur

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-05-02


1.Mustafa Hussain: Nei - eg er ikkje svarting som deg - i følgje manntalet i
Kautokeino er eg vel heller ein slags lappjævel, for å halda meg innanfor
terminologien. Og eg brukte i første omgang det rasistiske omgrepet "neger"
for å syna til ei verd av buskagitasjon som td. Erling Fossen freistar slå
Brox i hartkorn med (i staden for å diskutera dei sentrale usemjene).

2. Innvandrarar har ikkje skulda for nedbyggjing av velferdsordningar eller
noko anna. Innvandring skjer berre etter vedtak frå norske politiske
styresmakter - og det er der ansvaret for verknaden av desse vedtaka ligg.
Om innvandring bidreg til ein dynamikk der du byggjer ned velferdsordningar
er dette ikkje "innvandrarane" si skuld - men skulda til dei som brukar
innvandring til å betra marknadsbalansen når det gjeld arbeidskraft.
Hovudproblemet når det gjeld "innvandrarar" sin posisjon i det norske
samfunnet er at dei møter eit for dårleg skuletilbod, for mange
eksklusjonsmekanismer i arbeidsmarknaden, og i stor grad får for dårleg løn.

3. Hussain meiner løysinga må vera at "LO blir meir attraktivt". Det vil
ikkje skje. Om ein les boka "THE LOGIC OF COLLECTIVE ACTION" av Mancur
Olsson, vil du sjå kvifor interessegrupper ikkje evnar gjera noko med slike
problem. "THE RISE AND DECLINE OF NATIONS" tek ikkje beinveges for seg
migrasjon - men eg meiner teoriane Olsson nyttar for å forklara kvifor
samfunn "forkalkast", og kvifor du historisk har større vekstrate i
amerikanske sørstatar enn i nord, gjev eit brukbart teorigrunnlag for å
skjøna kva verknader migrasjon har i samfunnet.

4. Historisk har du hatt eit sterkt LO og sterk utbyggjing av det sosiale
tryggjingsnettet i periodar med kronisk mangel på arbeidskraft (50- og
60-tal). Sidan 80-talet er det ført ein medviten politikk for å ikkje ha
full sysselsetjing ("unngå press i arbeidsmarknaden"). Denne politikken har
ført til ei svekkjing av både LO og av dei sosiale tryggleiksnetta.

5. Arbeidsmarknadspolitikk dreier seg sjølvsagt om meir enn migrasjon.
Distriktspolitikk er like viktig - og i prinsippet er det sjølvsagt det same
om det er finnmarkingar eller pakistanarar som bidreg til
arbeidskraftoverskot i Oslo. Men eg meiner NHO fører ein medviten politikk
for å a) få liberalisert innvandringspolitikken b) avvikla den norske
modellen for sosiale tryggleiksnett med alternativ som liknar meir på USA c)
større lønsskilnader. Slik det ser ut for meg, er det god samanheng i denne
politikken. Det er den motsette politikken av det eg ynskjer meg.

6. "Innvandrarar" som har lovleg opphald i Noreg har ingenting med denne
diskusjonen å gjera - dei er ikkje berre "menneske", men borgarar som har
krav på same velferdsnivå som andre borgarar. Det har dei ikkje i dag - og
det er viktig å gjera noko med.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST