Re: "Normale prosedyrer"

From: oddm@ifrance.com
Date: 07-05-02


Her om dagen kommenterte eg:

> > En feil ved beltene på en stridsvogn var årsak til at israelske
> > soldater skjøt og drepte en kvinne og hennes to små gutter utenfor
> > Jenin på Vestbredden søndag.
(...)
> Slike brotsverk "fortener" ikkje større omtale enn dette - rundt 10
> linjer.

Snautt ti linjer att om eit anna mord i skuggjen. Det er "berre" ein
øydelagd innvandrarfamilie det handlar om...

http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article.jhtml?articleID=327623

<<<<<<<
Belgisk pensjonist drepte innvandrere

Et marokkansk innvandrerektepar ble drept og to av barna deres
såret, da familien ble skutt av en pensjonist i Belgia tirsdag.

79-årige Hendrik Vejt var kjent for sine rasistiske holdninger og sa før
drapshandlingen at han var skuffet over Jean-Marie Le Pens
valgnederlag i Frankrike i helgen.

79-åringen ble selv drept i en skuddveksling med politiet etter at han
hadde satt fyr på boligblokken der han bodde.

(NTB-Reuters)
>>>>>>>

Eg har mange såkalla innvandrarar i omgangskrinsen, og eg er det som
sagt sjølv. Etter dei 14 dagane me heldt pusten, er ikkje livet lenger
det same. Fleire og fleire eg snakkar med, seier no at framtida ser
usikker ut: "kanskje Frankrike likevel ikkje er landet ein kan reikna
med å leva i så mange år til". Ein marokkansk kollega av kona mi seier
ho har byrja på engelskkurs, for ein veit aldri kva som kan skje...

Slike episodar som den frå Belgia eg siterte ovanfor, finst det mange
av, men dei blir ikkje stigmatiserte i hovudavisene. Korte telegram frå
pressebyråa er som bakgrunnstøy. Ofte kjem dei ikkje ein gong på trykk.
Den moralske standarden har to nivå: eit for "oss" og eit for "dei".
Og det er denne løynde rasismen som er den aller verste, for det er
framfor alt den som er med på å banalisere desse haldningane, og i
større og større grad er med på å legitimisere den opne og miltante
rasismen.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST