Vår ære og vårt samvit

From: oddm@ifrance.com
Date: 04-05-02


Ein god kommentar: http://www.dagogtid.no/arkiv/2002/18/roald

<<<<<<<
Dag og Tid nr. 18, laurdag 4. mai 2002

Roald Helgheim:
Vår ære og vårt samvit

Det har oppstått ein uheldig allianse i norsk politikk, skriv
Dagsavisens politiske seniorkommentator Arne Strand. Alliansen har i det
siste vist seg ved at Ap og SV har alliert seg med Frp i saker som
barnehagesatsane og tippenøkkelen (om kvar tippepengane skal gå).
Uansett sak er ein slik allianse prinsipielt forkasteleg, meiner
kommentatoren. Like før hadde LO-leiar Valla fridd til landsmøtet i Frp,
og leiar i aksjonen For velferdsstaten, Asbjørn Wahl, skreiv i 1.
mai-nummeret til Klassekampen at arbeidarrørsla leikar med elden. Men i
den same avisa har Jan Myrdal endå eit oppgjer med kulturradikalismen,
og skriv om Le Pen-skredet i Frankrike at «jamført med det som kallar
seg venstre i landa våre, talar han for folk». At dei kulturradikale
foraktar Le Pen, gjer han endå meir populær hos folket, skriv Myrdal,
som meiner innvandrarspørsmålet ikkje var det avgjerande for utfallet.
Det har vore der heile tida, men «Le Pen tok opp dei tryggleikssakene i
kvardagslivet som angår folk», skriv Myrdal, mens dei som kallar seg
venstre tek seg stadig betre betalt for å arbeide med avviklinga av
dei sosiale velferdssystema som folket har kjempa fram sidan det førre
hundreårsskiftet.

At det er dei «gode» sidene ved høgreradikalismen som gir han
oppslutning, er ein forførande tanke. Slik var det i Tyskland på
trettitalet også, sjølv om Hitler fekk ekstra vind i segla ved å snakke
om «Lebensraum» og oppgjer for freden i Versailles. Ein dag var det for
seint å snu, og utryddinga var den logiske konsekvensen av eit program
Hitler hadde staka opp for alle som hadde lese Mein Kampf. Tyskland fekk
eit traume dei strir med den dag i dag. Det er glitrande godt analysert
i boka Tyskt trauma av den austerriks-engelske historikaren og Albert
Speer-biografen Gitta Sereny.

I dag er det politiske sentrum like mykje rasert i Norge som i
Frankrike. Makta ligg til høgre, og i kåtskapen etter i alle fall å få
vere med på noko som liknar politisk handling, smir ein populistiske
alliansar av det mest bisarre slaget. Den meste skremmande gjeld ikkje
barnehagesatsane, men innvandringspolitikken. Ikkje berre frir SV til
Frp om framlegg som er ein blåkopi av den danske innvandringspakken. Det
har oppstått politisk kappestrid om å vere «tøff» mot innvandrarane.
Før kunne både media og politi vere atterhaldne med å oppgje etnisk
bakgrunn i kriminalsaker. I dag blir kvar einaste kriminalsak som
personar med innvandrarbakgrunn er involvert i, gjort til eit
innvandrarspørsmål som det trengst særskilde tiltak for, berre retta mot
innvandrargrupper.

Eit av dei siste utspela i «ver streng mot innvandrarane»-tevlinga har
kome frå kvinnerørsla i Ap. Men den bisarre rekorden vart sett denne
veka av ein innvandrarrepresentant i det kriminalitetsførebyggjande
rådet. Innvandrarar (les: muslimar) som vitnar i retten må sverje ved
Koranen, for då vågar dei ikkje å lyge, sa rådsmedlem Abid Q. Raja, og
fekk toppoppslag i Aftenposten. Før dei fekk tenkt seg om, gjekk fagfolk
ut og støtta framlegget. Ein dommar sa: «Jeg tror tiltaket vil ha større
effekt på muslimske vitner enn den forsikringen de i dag avgir i retten.
For mange betyr den ingenting. Den volder neppe samvittighetskvaler om
de lyver»! Vi snakkar om det Aftenposten kallar «en av landets fremste
dommere», som nytta høvet til å kalle ei gruppe meir løgnaktig enn
andre, før ein pakistansk jurist dagen etter kunne fortelje Aftenposten
at sjølv i Pakistan har dei slutta å bruke Koranen i rettssalen. Den
kjende Ap-politikaren Aslam Ahsan sa at «jeg tar avstand fra at man
islamiserer den kristne retten på denne måten».

Men også «den kristne retten» er historie. Ingen treng sverje ved
Bibelen eller andre heilage bøker lenger, og sjølve eiden er i røynda
oppheva i norsk rett. Eit vitne må forsikre om at det vil tale sanning,
og å vitne falskt i retten er straffbart uansett. Justisministeren heldt
hovudet kaldt nok til å avvise det groteske framlegget, men blesten og
nokre av reaksjonane det fekk elles, seier mykje om den hysteriske
tidsånda og den hovudlause vankunna, som politikarane har eit stort
medansvar for både å utnytte og underbyggje. Kor mange gode nordmenn
laug i retten i Orderud-saka? Med dommen i handa kan vi gå ut frå at dei
ikkje kan ha vore få.

Den 18. april nytta statsminister Bondevikm i sin eigen
Aftenposten-kommentar «Klarere asylpolitikk» dørvakt-drapet i Moss til å
proklamere ein hardare kriminalpolitikk mot innvandrarar og
asyl-søkjarar. Vi har før kommentert utspelet her, men i Dagsavisen 26.
april får både Bondevik og resten av politikarkorpset gjennomgå av
integreringsekspert Loveleen Kumar. Ho er indisk-fødd kristiansandar.
«Min identitet som kristiansander er aldri blitt brukt mot meg på grunn
av voldtektene og drapene i Baneheia. Drapene utløste ingen debatt om
kristiansandere er mer voldelige eller har større problemer med
seksuallivet enn andre nordmenn», seier Kumar. «Bondevik knytter alle
tiltak for å forebygge kriminalitet til innvandrere og asylsøkere, mens
generelle tiltak om skatter, avgifter, likestilling, skole og
fredsarbeid retter seg mot alle i Norge. Hvorfor misbruker han sin
definisjonsmakt på denne måten?», spør Kumar, som skuldar
statsministeren for å bruke «en sårbar krisesituasjon til å hetse
innvandrere og kreve spesialtiltak».

Det gjeld ikkje berre statsministeren. Det har blitt den mest populære
kappestriden i landet, og dei nye politiske alliansane er berre
byrjinga.

Roald Helgheim

© Dag og Tid
>>>>>>>
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST