Noko meir om asyl og innvandring

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 03-05-02


Oddmund Garvik argumenterer godt og emosjonelt for opne grenser. For han er
dette ein del av arbeidsfolks frigjering frå lenkene. Han skriv at eg må ha
endra syn på spørsmålet sidan syttitalet. Det har han rett i. Det var før eg
hadde lese Herman Daly og Vandana Shiva og Lester Brown og reflektert over
at denne kloden er i minste laget til å romme dei seks milliardane menneske
som er her no og iallfall dei mellom ni og tolv milliardane innbyggjartalet
truleg vil flatne ut på. Eg har vorte meir og meir oppteken av at viss det
skal bli ressursar og rom for alle og eit liv innanfor naturens tåleevne, må
vi forvalte fornuftig, og det trengst plan, styring og ei fordeling av dei
seks eller ti milliardane der naturens behov er overordna den enkeltes ønske
til dømes om kvar han vil bu og arbeide. Mykje tyder også på at nye
smittesjukdommar spreier seg og at vår fremste medisin mot skadebakteriar,
antibiotika, mister verknaden pga overforbruk og at grenser difor er viktige
og nødvendige om ei sjukdomsnedkjemping skal lykkast.

Erling Fossen har skrive mykje er er usamd i, men han kan altså med ein viss
rett kalle meg mørkemann. Eg trur ikkje vi og generasjonane etter oss har
ein overflod å forhalde oss til. Vi må forvalte den knappe naturen og den
vesle kloden på best mogeleg vis om det skal bli leveleg her.

Dette er eit spørsmål om å utvikle og kjempe for fornuftige globale reglar
og ikkje eit spørsmål om å skjerme rike Norge. Det kan, som Garvik peikar
på, godt tenkjast masseinnvandring over Gibraltar etter ein tørkeperiode i
Tunis eller over Pasvikelva etter ei atomulykke på Kola. Men det kan også
tenkjast at den globale oppvarminga fører til forørkning i mellom-Europa.
Det kan tenkjast at Golfstraumen snur og at Norge får eit sibirsk klima. Det
kan tenkjast at etter oppvarmingsperioden kjem ein nedkjølingsperiode. Altså
slik at våre nordeuropeiske etterkomarar i tusen- og kanskje milliontal vil
prøve å utvandre til Mozambique eller Mongolia.

Dette er altså mitt utgangspunkt. I ei overflodsverd hadde fri flyt av
personar vore gjennomførbart og kanskje også fornuftig politikk, i vår
knappe verd er det det ikkje. Vi må difor gå konkret til verks, sjå på dei
folkeflyttingane som er og ta stilling på pragmatisk vis.

La meg ta eit konkret døme, masseinnvandringa frå Finland til Sverige etter
krigen. Finland var eit krigsherja og øydelagt land. Krigsskåna Sverige
nytta overtaket for å få til ein snøgg industrivekst med å hente inn finske
arbeidarar. Over 400 000 flytte, halvdelen vende attende og halvdelen vart
verande. Kven tente og kven tapte? LKAB og Vattenfall tente stort. Dei
arbeidarane som kunne få betre betalt arbeid i Sverige, fekk det på mange
vis betre. Nordsvenske arbeidarar fekk ein mindre del av dei verdiane dei
skapte enn dei elles ville ha fått utan tilflyttinga, fordi køane av
arbeidsfolk var så store. Svenske bedriftseigarar nytta situasjonen til å
drive opp tempoet og hindre velferdstiltak. Finske bygder og byar miste
store delar av si mest arbeidsføre befolkning. Dei unge mennene drog mot
vest, medan eldre og mange kvinner og barn vart att. Sosiale tragediar i
fleng følgde.

La oss tenkje oss at vi, Garvik, Fossen og eg, hadde vore velmeinande,
venstrevridde aktivistar på eine eller andre sida av Torneå i 1954. Kva
stilling skulle vi ha teke til folkeflyttinga og til avtaleutkastet for fri
flyt av arbeidskraft mellom landa? Hylla det som eit steg på vegen til
sosialisme og arbeidarklassens frigjering? Dit kan vi kanskje tøye Garviks
argumentasjon. Sagt at avsondra svenske bygder og byar treng impulsar
utanfrå om dei skal utvikle seg? Der har vi Fossens argumentasjon. Fordømt
det fordi det øydela strukturen og det sosiale nettet i finske og/eller
svenske lokalsamfunn? Dit kan vi kanskje tøye Brox argumentasjon. Fordømt
det fordi finnane kom og tok arbeidsplassar frå svenske arbeidarar og difor
heldt lønnsnivået nede? Slik ville enkelte norske fagforbund ha argumentert.

Nei, eg trur ikkje vi burde ha gjort noko av dette. Vi burde ha registrert
det som skjedde og prøvt å gjere det beste ut av det, prøvt i Sverige å
bremse tilflyttinga slik at svenske lokalsamfunn og arbeidsmiljø hadde vore
i stand til å absorbere dei som kom og såleis prøvt å hindre at finnane vart
svensk underproletariat, eller prøvt i Finland å utvikle alternativ til
flyttinga og tappinga av menneske og å så langt råd lappe på skadeverknadene
av utvandringa.

Ironisk nok er det svenske industriunderet etter nokre tiår over, Nord- og
Mellom-Sverige problemområde av rang og finlandssvenskar må snart på leit
etter nytt levebrød andre stader i Europa. Sverige er berre ein
mellomstasjon for mange av migrantfamiliane. Sådan är kapitalismen.

Frå dette kan vi gå over til Norge anno 2002 og vår innvandringspolitikk. Vi
må bli opnare og ta inn fleire, seier humanistane i SV og RV. Og mønsteret
er som i andre saker, SV er noko mindre ansvarleg og snillare enn DNA og RV
er endå mindre ansvarleg og snillare enn SV. SV nemner på sine nettsider 30
000, RV sa i valkampen om eg hugsar rett 50 000. Men dei fleste velmeinande
politikarar, same kva for parti dei kjem frå, argumenterer så snart dei blir
pressa med våre norske, egoistiske behov. Vi har ei underdekning av
arbeidskraft og treng difor innvandrarar. Vi kan bruke Fossens ord ein gong
til, frå eit tidlegare innlegg her:

”Skal en norsk bedrift klare å produsere varer eller tjenester (det er ikke
alle nordmenn som setter sin ære i å bruke livet sitt til å være sjølberga)
må bedriften ha muligheter til å ansette kvalifisert arbeidskraft utenfor
EØS-området. Derfor må Norge øke arbeidsinnvandringen. Ifjor innvilget Norge
rundt 400 spesialist-tillatelser utenfor EØS-landet. Samtidig har Norge et
underskudd på sivilingeniører rundt 5000. Er det noen som ikke skjønner
hvorfor Norge må lette på restriksjonene når det gjelder arbeidsinnvandring
utenfor EØS-området?”

Det høyrest ut som ein jobbsøknad til finansdepartementet. Eg bryr meg ikkje
det minste om dette perspektivet. Det vedkjem meg ikkje. Har vi ikkje nok
ingeniørar, går det også an å utsetje utbyggingsoppgåver, Snøhvit til dømes.
Har vi ikkje nok sjukepleiarar, går det an å setje opp lønningane, slik at
dei som i dag er heimeverande eller i andre arbeid, vender attende til
sjukepleiaryrket. Har vi ikkje nok servitørar, går det også an å drikke av
flaska og i fri luft.

Det perspektivet som i staden bør liggje til grunn for norsk
innvandringspolitikk, er at vi skal hjelpe dei som treng hjelp, dei som av
politiske, økonomiske eller økologiske grunnar har bruk for ein annan
verestad. Det kjem eg attende til, men først litt om kven som slepp gjennom
nålauget og kven som ikkje gjer det.

Om søkjaren ikkje tvillaust tilfredsstiller asylkrava om å kome frå eit
område i krig og vere forfølgd pga. rase, hudfarge, religion, seksuell
legning etc, er sjansane små for å få innpass i Norge. Kva må til om det
skal lykkast? Det første som trengst, er pengar. Då kan han betale advokaten
for meir enn dei statsbetalde åtte timane og slik få erstatta dei vanlege
advokatfrasene med individuell behandling. Har han attåt kontaktar, kan han
få ein annan advokat enn det lågskiktet som vanlegvis tek asylsaker og skriv
standardklagene. Om asylsøkjaren ikkje har pengar med seg, kan han også
formelt vere på mottaket og reelt på arbeid annan stad og såleis få både løn
og opphaldsstøtte. Den ærlege eller naive oppheld seg på mottaket til han
blir sendt ut. Det andre som trengst, er evne til å ordne seg i byråkrati og
media. Eg opplevde det tydeleg i ei asylsak eg arbeidde med i fjor. Eg
spurde fleire advokatar og ein diplomat eg hadde band til, kva for argument
og dokument som burde leggjast fram for UDI. Alle var samde i at dei det
galdt, burde få opphald, og alle gav same rådet: Det som tel, er ikkje
argumenta og ikkje dokumentasjonen, det gir UDI blanke i. Det kan avgrensast
til å finne ei grunngiving som ikkje gir presedens. Hovudsaka er å rope
høgast, kome inn i Dagbladet og på fjernsynet.

For norske byråkratar og dei politikarane som skal styre dei, er altså
grunnholdninga at vi slepper inn dei det er meir ubehageleg for oss å sende
ut att enn å behalde. Dei medgjerlege, dei det er mogeleg å sende ut att,
kvittar vi oss med på enklast mogeleg vis.

For å bli innvandrar til Norge viss du ikkje er frå EØS-området og ikkje av
dei norske styresmakter vil hente inn for å dempe ubalansen i
arbeidsmarknaden, bør du difor helst vere frå det intellektuelle
småborgarskapet eller borgarskapet og ha trening i å takle byråkrati og
media. Er du proletar eller småbonde, er sjansane minimale. Er du analfabet,
hjelper det ikkje ein gong om einaste alternativet er døden.

Difor opplever også vi som har halde til eller held til i område med
flyktningmottak, at dei vi set pris på fordi dei er vanlege folk som oss,
dei som kjem og spør etter arbeid og glir inn i arbeidet fordi dei har
arbeidd før, dei vi kan skjemte med og diskutere med, dei vi forstår og som
forstår oss endå vi ikkje kan språka til kvarandre, blir sende rett ut. Dei
som er trena i kunsten å orme seg fram og som difor forstår å gjere det meir
ubehageleg for styresmaktene om dei blir sende vekk enn om dei blir her, får
etter ei stund opphaldsløyve på humanitært grunnlag.

Men difor blir innvandringsdebatten ikkje ein debatt om framtida for gode
arbeidskameratar med utanlandsk opphav på slippen eller i sjukehuset og om
solidaritet over landegrensene. Det blir ein debatt der dei skeivheitene i
innvandrarmiljøa som dagens seleksjonsmekanismar fremjar, blir
utslagsgivande. Altså ei tenking om at slik er utlendingar, eller i alle
fall dei aktuelle innvandrarane til Norge. Og når velmeinande parti vil auke
kvotane, men synest det er for ubehageleg å gå inn i dette, er det ikkje
anna å vente enn at vanlege folk reagerer og at reaksjonære, men samtidig i
ord konstruktive politikarar som Hagen og Pia Kjærgaard kan profitere. Så
kan vi etterpå syte over at norske og danske innbyggjarar er i ferd med å
bli rasistar og servere kraftord om at berre tydeleg og konsekvent
antirasisme duger.

Alternativet? Hovudsaka er å prioritere dei som treng hjelp. Frå medmenneske
til medmenneske altså. For dei fleste av oss vil gjerne hjelpe når hjelp
fungerer og dele med andre når vi har noko å dele og dei andre treng det
betre. Garvik skriv med innleving om Mohammad, som kom frå Mali til
Frankrike. Med ei behovsvurdering ville han falle gjennom, meiner han. Men
han hadde større behov enn dei fleste, og oppgåva er å leggje vurderingar
til grunn som gjer at slike som han får kome, medan det kan gå nøyaktig som
det vil med dei med gull i tennene og diamantringar på hendene, dei som kjem
fordi dei vil utvide si forretningsdrift til eit nytt land og samtidig dra
fordelane av den statsstøtta asylet gir.

Innvend gjerne og med rette at denne presentasjonen av eit slikt alternativ
er ufullstendig, at oppgåva å vurdere behova til asyl- og innvandrarsøkjarar
er ei vanskeleg oppgåve på grensa til det umogelege og at seleksjonen
nødvendigvis må bli urettferdig. Men etter mitt skjøn må det til av tre
grunnar, fordi restriksjonar på vandring over landegrenser må til i ei knapp
verd og ei utveljing difor er nødvendig, fordi det for tida rike Norge og
Vest-Europa bør og kan hjelpe dei som treng det og fordi det er den forma
for innvandringspolitikk folk vil slutte opp om.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST