Til Erling Fossen og Hermann Hansen

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 30-04-02


Eg har hatt andre gjeremål, slik at denne kommentaren dessverre kjem litt
seint.

Fossen skriv om eigne røynsler med nettbruk:

"Jeg lærte også at du skal gjengi hele avsnittet til din motstander og ikke
bruke selektiv sitat-teknikk. Dette for at en ev. ny leser kan sette seg inn
i
debatten uten å måtte stole på at du gjengir han korrekt."

Det er ofte ein nyttig tanke, men det kjem an på. Praksisen bør vere om lag
den same på nettet som i anna offentleggjering. Det ofte brukte sitatet ”
Noen har snakket sammen” av Einar Gerhardsen vart sagt i ein samanheng eg
ikkje kjenner. Det er ikkje representativt for DNA-leiinga på hans tid, det
er så, men det fortel noko vesentleg om denne leiinga. Gro Harlem
Brundtlands ”Det er typisk norsk å være god” er også rive ut av ein
samanheng i ein nyttårstale. Det fortel like eins noko vesentleg om vår
Rikslady gjennom eit drygt tiår, at ho kunne slå over i dei mest
ukontrollerte og sjåvinistiske synsmåtar.

Det sitatet eg brukte frå Fossen, var slik: ”jeg anser dagens
matsituasjon/befolkningsvekst som bedre enn på svært lang tid. Altså et
bevis for at verden på et viktig område går framover.” Eg brukte det ikkje
til å kommentere Fossens syn på matsituasjonen. Det hadde kravt ei fyldigare
gjengiving. Eg brukte det for å kommentere eit trekk eg oppfattar som
vesentleg ved Fossens argumentasjonsmåte. Vi kan med bakgrunn i det
føregåande kalle det ”jeg anser-hvilket derved er bevist-holdninga”.

Det som gjorde at eg melde meg på denne debatten, var Fossens innlegg ”Brox
på fisketur” presentert både her og i Klassekampen. Fossen har leitt på UB
og funne opptil fleire klønete, reaksjonære sitat frå Brox. Det dreg eg
ikkje i tvil, sjølv om dokumentasjonen hans er tynn. Dei fleste av oss som
skriv ein del, ordlegg oss iblant dumt og klønete og endåtil reaksjonært.
Det gjeld Marx, Fossen og Randen, for å nemne tre nokså ulike personar. Det
hadde vore langt meir oppsiktsvekkjande om Fossen hadde gått gjennom dei
fleire titals bøkene og hundretals artiklane til Brox utan å finne noko. Men
i staden for å vurdere heilheita i tenkinga til Brox bruker han desse
lausrivne sitata - og ser bort frå si eiga oppskrift om å gjengi heile
avsnitt - til å prøve å få lesarane til å tru at Brox er ein ekstremist som
bør ekskluderast frå innvandringsdebatt. Altså ei ”Jeg anser (i dette
tilfellet at Brox er utanfor og/eller framandfiendtleg) - hvilket derved er
bevist-holdning.”

Om meg skriv han til dømes: ”Jeg vet ikke helt hvor mye du følger med i
debatten om arbeidsinnvandring, men det virker som om du har vært for lenge
i det atomvåpensikre skjulestedet ditt i fjellene.” Kva gir Fossen inntrykk
av at eg ikkje følgjer med i debatten om arbeidsinnvandring? Inntrykket
byggjer det eg kan sjå ikkje på påvising av kunnskapsløyse eller andre ting
i det eg skriv, for når han har høve til det, er han svært ivrig etter å
tolke meddebattantar i negativ lei og hengje ut det han kan. Eg spør meg om
det som ligg bak inntrykket, er eit allment negativt og fordomsfullt syn på
folk utanfor Oslo-gryta. Altså den same ”jeg anser-hvilket derved er
bevist-holdninga”.

For ordens skuld: Det kan godt tenkjast at Oslomiljø har ført viktige
innvandringsdebattar som har gått meg forbi. Men eg har også ein del
røynsler, blant anna fordi eg i 2000-2001 arbeidde svært mykje med
innvandringsspørsmål i og med at eg hadde nær kontakt med ein austeuropeisk
asylsøkjarfamilie. Det lærde meg ein heil del om mottak og avhøyr, om tolkar
med provisjon for å formidle advokatar som ikkje får andre oppdrag, om
lettvinte og grundige advokatar, om dei kriminelle bandane som opnar dører
og skaffar falske pass, om gode argument som ikkje nyttar fordi dei gir
presedens og dårlege argument som likevel er gangbare, om utilgjengelegheita
i UDI og ymse slikt.

Slik kunne eg halde på med døme på ”Jeg anser-hvilket derved er
bevist-holdninga” i Fossens innlegg. Men menneskeliv er korte og oppgåvene
mange og eg trur dette er tilstrekkeleg. Eg må berre føye til for å ikkje
vere urettferdig at eg ikkje har lese noko anna av Fossen enn desse
artiklane. Vonleg bruker han meir seriøse metodar på papir enn nett.

Hermann Hansen skriv: ”Fossen, selv om jeg har problemer med å dele hans
blåøyde optimisme (som kanskje er ekte), har et par poenger.
Problembeskrivelse alene skaper i seg selv ingen handling. Videre; det er
gjennom handling at nytenking og ny ideologi utvikles.”

Dette er eg samd i. Enkelt skrive er det to hovudgrunnar for å vere opprørar
og sosialist. Den eine er trua på at menneske utan lekkjer er i stand til å
skape noko meir og betre enn vi gjer med kapitalismens lekkjer på. Den andre
er innsyn i at dette samfunnet går ad undas. Vi kan sjå Fossen som ein
talsmann for det første og Karsten Johansen for det andre synet.

Men det er ein grunnleggjande skilnad mellom dei to. Fossen vil støyte vekk
alle som ikkje ser ting akkurat som han. ”Radikale skal per definisjon være
kulturoptimister”, skriv han og stemplar dei som ikkje fell inn under denne
definisjonen som mørkemenn og bakstrevarar. Johansen har, slik eg tolkar
han, ikkje ein tilsvarande forakt for dei som ikkje er akkurat som han.

Korleis kome framover, spør Hermann Hansen. Det er sjølvsagt det store
spørsmålet. Når eg har brukt såpass mykje plass på å skrive om Fossens
metode, er det ikkje fordi han er interessant, men fordi eit oppgjer med den
metoden han bruker og slett ikkje er åleine om er ein flik av vegen
framover: Vi må utvikle den nøkterne analysen og informasjonssankinga,
sjølvstendige tenkinga og fordomsfrie meiningsutvekslinga vanlege folk
imellom. Og vi må utvikle forum for slik tenking. Om det skal lykkast, kan
vi ikkje ha som utgangspunkt at andre er tullingar (mørkemenn, ignorantar,
på randen av nervøse samanbrot og alt slikt) vi skal distansere oss frå til
dess noko anna ettertrykkeleg er bevist. Vi må i staden gå ut frå at dei
andre har minst like gode argument og god innsikt som det vi har til dess
dei eventuelt viser noko anna. Vi må stutt skrive ta ballen og ikkje
spelaren.

Så får mine innspel til debatten om nasjonalstat og annan
samfunnsorganisering utstå til eit anna høve.

Olav Randen



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST