Rovdyr, erstatningar og biologisk mangfald

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 18-03-02


Anders Ekeland ber meg leggje fram tal om rovdyr og beitebruk. Det kjem eg i
liten grad til å gjere. Han og andre interesserte kan sjå på sidene til
Norsk Sau- og Geitalslag, Direktoratet for naturforvaltning, Folkeaksjonen
for en ny rovdyrpolitikk og Foreningen våre rovdyr, og drukne i tal. Her
nøyer eg meg med nokre få. Men før det litt om prinsippa bakom
rovdyrpolitikken:
Eg er, til skilnad frå ein del yrkeskollegaer i jordbruket, for at vi skal
ha rovdyr i Norge. Det er to grunnar til det. For det første skal det svært
tunge argument til før vi fjernar ein art frå faunaen vår. For det andre
tykkjer eg vi skal ta Bernkonvensjonen om biologisk mangfald på alvor.
Forvaltninga av rovdyra våre bør byggje på to grunntankar. Den første er at
vi held rovdyrtalet nede på det minimumet som er nødvendig for å sikre
reproduktive bestandar. Dette fordi naturen også skal brukast på andre
måtar, først og fremst til matproduksjon. Denne reguleringa er vi berre i
stand til å gjennomføre med lokal innverknad. Slik det er no, at
Direktoratet for naturforvaltning gir eventuelle fellingsløyve og helst skal
ha eigne jegerar, har skadegjerarane vanlegvis sprunge over mange åsar før
fellingsløyvet er gitt og jegerane komne på plass.
Den andre grunntanken må vere at kostnadene med å ha rovdyr i Norge må
berast av samfunnet som heilskap og ikkje av ei enkelt yrkesgruppe.

Så til tala:

I 1990 vart det tapt 83 000 sau på utmarksbeite (snautt 4 % av dyra, det er
eit tap som ligg på eller under nivået i andre kjøtproduksjonar der dyr står
inne heile tida). Då hadde tapsprosenten gått ned nesten år for år i tjue år
på grunn av betre organisert tilsyn og sank, stenging av naturfeller, harde
reaksjonar mot tobeinte sauejegerar, systematisk avlsarbeid for å utvikle
søyer som ikkje vart liggjande på rygg og fleire tiltak.
Så snudde utviklinga. I 1999 vart det tapt 130 000 dyr. Kvifor denne veksten
i tapstal? Tilsynet er minst like godt, sanken like godt organisert, fleire
naturfeller stengde, helsetilstanden hos dyra som blir sleppte på beite like
god osv. Etter det eg skjøner, må det vere ein og berre ein grunn til at
tapet av sau har stige så dramatisk som det har gjort siste tiåret, vekst i
talet på rovdyr. Dei nesten 50 000 sauene og lamma ekstra som går tapt no
jamført med for ti år sidan, blir rovdyrmat.
Samfunnet erstatta i 1990 nesten 6 000 dyr som rovdyrdrepne. I 1999 vart 33
000 dyr erstatta. Det vart altså erstatta 27 000 fleire dyr. Men det vart
borte nesten 50 000 fleire dyr. Då kan vi, Anders Ekeland, spørje kven som
betaler den rovdyrmaten som samfunnet ikkje betaler for. Svaret er at det
gjer den eine yrkesgruppa, sauebøndene.
Kvifor er det slik når målsetjinga er at samfunnet skal betale kostnaden med
å ha rovdyr? Det har å gjere med at krava er så strenge. Det er ikkje nok å
sannsynleggjere tap på grunn av rovdyr, det må dokumenterast. Men ofte er
dokumentasjon uråd. Når eller om bonden finn dyrekadaveret og får
rovdyrkontakten på staden, er spora etter rovdyr borte eller svekka, slik at
han ikkje kan garantere 100 % at rovdyr er syndaren. Og utan garanti, ingen
erstatning.
I tillegg til tapte dyr som ikkje blir erstatta er det slik at sauebonden
ofte bruker dagar og veker på ekstra tilsyn fordi det kan vere rovdyr i
nærleiken. Det er arbeid han ikkje får betalt for.
Kva gjer sauebønder når rovdyr kjem til deira område? Spekulerer dei i
erstatningar slik det vart antyda gong på gong i fjernsynet sist tysdag?
Nei, dei sluttar med sau og kanskje med gardsdrift. Eller dei prøver å
flytte beitet til andre og rovdyrfrie beiteområde. Til dess rovdyra kjem
etter.

Så langt om dette spørsmålet, der ei yrkesgruppe blir uthengt utan sjanse
til å forsvare seg mot medieflaumen. Det kjem til å bli verande slik til
dess medie-Norge tek til å sakne pinnekjøt og fårikål og lammesteik og ser
at dei berre kan få det frå importert, kraftfôrprodusert og overmedisinert
sauekjøt frå mellom-Europa eller Australia. Då kjem dei til å skrive
artiklar om vekstpotensiale i landbruket og om tradisjonsbundne bønder utan
vilje til nytenking og marknadsorientering, og nye sponheimar kjem til å
bruke millionar i prosjektmidlar delt på pengar til dei som startar med sau
og løn til prosjektleiarar.

Når eg er oppteken av beitebruk, er det ikkje eller i liten grad fordi eg
sjølv driv litt med sau. Geiter er hovudproduksjonen min. Dei 16-17 sauene i
fjøset utgjer eit sjettedels årsverk eller noko slikt, og eg tenkjer kvar
gong eg fyller ut likningspapir eller får eit slakterioppgjer at eg heller
burde levere dei og drive med noko eg tener litt pengar på, hogge ved,
skrive for betaling, leige ut fiske til rikfolk og ikkje til vanlege
småkårsfolk eller eitkvart slikt. Når eg er oppteken av beitebruk, er det
altså ikkje mest av eigeninteresse, men fordi eg er oppteken av miljø og
meiner bruk av utmarksbeite er god miljøpolitikk.
Det er slik i dette landet og denne delen av verda at vi et mykje kjøt,
60-70 kilo pr. innbyggjar i året. Det økologisk mest fornuftige ville vere
at vi alle hadde vorte vegetarianarar, men det er urealistisk. Den beste
løysinga som også er gjennomførbar, er å produsere det nødvendige kjøtet på
måtar som held naturen best råd ved like og som tek vare på det biologiske
mangfaldet.
Konkret står vi overfor valet mellom saue-, storfe- og viltkjøt heilt eller
delvis på utmarksbeite og kylling- og svinekjøt på kraftfôr (korn). Vi kan
kalle det første den (gamle) norske løysinga og det siste den svenske. Kva
for kjøtproduksjon er best for miljøet?
Dersom vi bruker utmarkene landet over til beiting, må vi halde rovdyra i
sjakk. Noko husdyrtap er ikkje til å unngå om vi samtidig skal ha rovdyr,
men med stammer på eit lågmål og stor grad av lokal rovdyrforvaltning vil
tapa bli til å leve med.
Dersom vi vel den svenske løysinga, let rovdyra bli einerådande i utmarka og
produserer kjøtet på innmark, må vi både dyrke meir jord og drive den dyrka
jorda meir intensivt med kunstgjødsel og sprøytemiddel. For kvar kalori
kylling- og svinekjøt som blir produsert, går det med 3-5 kaloriar korn. Det
viktige spørsmålet er kva følgjer kornproduksjonen til dyrefôr får for det
biologiske mangfaldet? Vi veit ikkje så mykje om det. Det finst på kloden
ein stad mellom 8 og 80 millionar typar organismar. Dei fleste av klodens
organismar er mikrobar og ukjende for menneske. Men om vi ikkje veit så
mykje, er det all grunn til å tenkje seg at dyrkinga og monokulturen
øydelegg organismar og at kunstgjødsel og sprøytemiddel øydelegg fleire.
Altså er det liten tvil om at den gamle norske løysinga med utmarksbruk er
den mest fornuftige dersom målet er å oppretthalde biologisk mangfald.
Eg har prøvt å diskutere dette med diverse profesjonelle miljøvernarar, men
opplevd gong på gong at dei kryp i skyttargravene så snart dei innser at eg
har innsikt i det eg snakkar eller skriv om. Ulveforsvar er takknemleg, for
det er samtidig eit åtak på ei yrkesgruppe storkapitalen vil ha vekk. Difor
kan naturorganisasjonar som gjer forsvar av ulven til ei stor sak, både
rekne med annonsar frå Hydro og Statoil, at dei får vere med Knut Olsen i
fjernsynet og at dei får ny jobb i ein offentleg miljøetat dersom dei
ønskjer det. Ulven og dei andre rovdyra er synlege, store og fotogene, og
det er knytt prestisje, kjensler og pengar til dei. Og då blir det viktigare
for dei profesjonelle naturvernarane å forsvare eigne stillingar og
organisasjonar enn å analysere til botnar og forsvare miljøet.
Eg prøvde å diskutere dette i avis med Steinar Lem ein gong. Han hevda at
rovdyra er spesielt viktige fordi dei liknar så mykje på menneske. Med slike
synsmåtar har miljøanalyse vorte erstatta med religion. Dansen rundt (den
menneskeliknande) totempålen. Om vi skal finne spesielt viktige organismar,
kjem truleg mykorrhiza (sopprot ), som gjer planter i stand til å ta opp
næring frå jorda, fremst av alle. Men den liknar svært lite på menneske.
Nyleg las eg i ei svensk avis at elgkvotar no blir sette ned til tredelen av
det dei har vore og til nesten 20 000 dekar utmark pr. dyr. Ulven har
redusert bestanden, slik at det har vore nødvendig.
I staden for åtaka på norsk sauehald og bruk av det svenske førebiletet bør
Killingland og Solheim i Naturvernforbundet og Lem i Framtiden i våre hender
seie: Sverige bør lære av norsk utmarksbruk slik han har vore og ta i bruk
sine rike utmarker til mest mogeleg produksjon av kjøt og annan mat. Det
inneber ei forvaltning der rovdyra har sin plass, men blir haldne nede så
dei ikkje kjem i dominansposisjon. Så bør dei – og vi – trappe ned
produksjonen av kylling og svin på importert og heimeavla kraftfôr.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST