Ein provokasjon mot KK-lesarane

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Mon, 17 Mar 1997 20:10:17 +0100 (MET)

Ein provokasjon mot KK-lesarane!

Som eks-abonnent og eks-kommandittist har eg fått tilsendt eit
firesiders skriv med tittelen: "Klassekampen kan ikke fortsette som nå
". Dette startar med at "Styret i Klassekampen inviterer til en bred
debatt om utviklinga av Klassekampen framover - både redaksjonelt og ø
økonomisk." Nei, tenk! Her er vi ganske mange rundt om som har forsøkt
lenge å invitere til ein slik debatt, men da er det taust som i grava frå
både redaksjonen og styret. Kritikk og forslag til forbetringar har
prella av som vatn på gåsa og trass mange purringar har ein tvert nekta
å ha noko offentlig meining. Når ein no "inviterer til debatt" er det
ikkje anna enn ein provokasjon mot oss som lenge har forsøkt å få igang
denne debatten.

Det blir lagt fram tre alternative hovudsyn. Disse er ikkje formulert
av dei som står for disse syna, men er KK-leiinga si forvrenging. Å
kreve klarare politisk profil og satsing på aktivistar blir knytta
saman med nedskjæringar både på journalistar og innkjøpt stoff. Slik
kan vi som har kritisert høgredreiinga og sentraliseringpolitikken til
Klassekampen brennemerkas som folk som ikkje ønsker ei offensiv
utbygging. All politisk kritikk av Klassekampen som har kome fram det
siste året er her forsvunne som dogg for sola. I staden skjønnmalar ein
den borgarlege kulturpolitikken avisa har slått inn på dei siste åra.
Ein hevdar at vi har "eit svært godt rykte" for kulturdekninga" Kor da?
Det må vere hos det intellektuelle borgarskapet i Oslo.

Distriktspolitikken er totalt fråverande med unnatak av at "de store
gruppene i distriktene som ser hele sin livsform truet av
markedsliberalismen" blir omtalt som ein sosial basis for
Senterpartiet. Det er ei fattig trøst at vi er interessante for
Senterpartiet. Vi er i alle fall ikkje interessante for Klassekampen.
Dette skrivet viser det bare alt for tydelig. Avisa er ikkje
interessert i abonnentar i distrikta, ikkje i politiske debattar med
oss og ikkje i skribentar i distrikta.

Så ønskar ein å opprette eit redaksjonsråd. Det kunne vere vel og bra,
men ka skal ein med det når ein på førehand har bestemt seg for å ikkje
lytte til lesarane og ikkje debattere med dei?

Eg har i det lengste vona at det var mogleg å snu avisa, ettersom ho
har svært mange fornuftige abonnentar (sjølv om mange har falt frå) og
også framleis nokre flinke progressive journalistar. Men no markerer
styret og redaksjonsleiinga med dette at ein for godt har forlatt den
nære kontakten med lesarane som før var avisa sitt varemerke og at ein
ønsker å fortsette høgrekursen i fred utan å lytte.

For to månader sidan sa eg opp avisa med ei klar politisk grunngiing,
etter å ha abonnert i 28 år. Eg har og sagt opp kommandittistandelen og
aksja mi utan at avisa har reagert med eit ord. Eg vil gi mi fulle
støtte til dei som ville anmelde Klassekampen for villeiande reklame
gjennom bruken av uttrykket "Venstresidas dagsavis". Om ikkje den
politiske kursen snur er avisa redningslaust fortapt. Avisa sin føremåls-
paragraf er lagt daud og venstresida må sette seg større mål enn å
drive kunstig åndedrett for ei avis på full fart mot høgre.

Svein Lund,
Guovdageaidnu
(Hovudstaden i Sápmi, men usynlig utkant sett frå
Oslo)