SV: Om historien

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 27 Sep 1999 19:07:27 +-200

Det Mathias skriv kan høyrast vetugt ut, men det står seg ikkje så godt om ein undersøkjer litt.

Han har som premiss at nokon gjer Luxemburg til guru. Utan å argumentera for dette. Altså ein dårleg premiss.

Vidare har han som premiss at Luxemburgs kritikk er mindre relevant pga hennar manglande detaljkjennskap til tilhøva i det revolusjonære Russland. Det kan jo verka som ei seriøs innvending. Men alle som har lese Luxemburgs kritikk vil straks sjå at det er Bismo som er mindre relevant. For ho KRITISERER JO IKKJE TILTAKA TIL BOLSJEVIKANE. Luxemburg driv ikkje og "tek avstand" frå det eine eller andre overgrepet, tvert imot: Ho tek IKKJE avstand.

Det Luxemburg kritiserer er når bolsjevikane, og serleg Trotsky, lagar IDEOLOGI av overgrepa. Når dei freistar framstilla improviserte tvangstiltak som den skjønnaste og mest marxistisk-vitskapleg framstilte SOSIALISME. (Dette er kritikken av spirene til den grusomt stygge planten som Ormåsen utgjer sitt eige lille blad på.) Og for å fremja ein slik kritikk trong jo ikkje Luxemburg ha innsikt i kvar krok av kvart einaste sovjet! Ho trong fyrst og fremst innsikt i kva bolsjevikane sa og skreiv, og DET hadde ho. Ho siterer dei jo! Og det er med utgangspunkt i desse sitata kririkken blir formulert.

Nok om det.

Når det gjeld påstanden om at Tron Øgrim har gjort nybrottsarbeid, må eg uttrykka irritasjon. Det er sant at Øgrim gjorde nybrottsarbeid INNANFOR AKP. Men om vi for ein augneblink skulle finna på å meina at det finst intelligent liv også utom den organisasjonen, trur eg kan henda vi finn at delar av "Stalinismen - en marxistisk kritikk" frå 1974 (serleg Ebbing sine tekstar) er grundigare i sin kritikk av Stalins Sovjet en både Øgrim og heile AKP til saman har vore nokon gong seinare.

1974, folkens!

Ikkje for å vera mot AKP eller noko slikt. Eg har lese øgrim om "Vitenskap eller åpenbaringsreligion" og "Den vestlige maoismens sammendbrudd og krisa i AKP (m-l)" (der det for øvrig står noko om at om ikkje AKP utviklar ein moderne, truverdig visjon for sosialismen ganske raskt vil partiet bli kasta på historias skraphaug - 1982 altså) og "Den flerstemmige revolusjonen" av Ericsson, og eg lærte av desse bøkene (serleg Ericsson), ja eg har til og med lese dei fleire gongar. Men, Mathias: Det er for drøyt å kalla det nybrottsarbeid. Det er meir snakk om reformulering og til dels vidareføring av ml-skeptisk marxisme som det finst mange kjelder til alt før AKP vart født.

Raud Ungdom har trykt opp Stalin-boka til Ebbing og Co, og gjeve ut hefte der både Luxemburg og Hal Drapers "Sosialismens to sjeler" finst (ei grundig formulering av det teoretiske grunnlaget for "Hverdagslivsperspektivet" til Ericsson (minus kvinneperspektivet), meir prinsippielt enn ho fekk til i "Den flerstemmige..." og det på 60-TALET!, nybrott - my ass!). Men altså: Desse tekstane er fullt ut tilgjengelege.

Skriv til raud@ungdom.org

Kramperevolusjonær helsing

Mingus Marsvin

PS
Eg nyttar min demokratiske rett til å ha avslutta ordvekslinga med Ormåsen for lengst.
Men eg skal finna fram Lenin-sitatet han etterlyser i løpet av veka.
DS