Artiklar i Liberation

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 10 Sep 1999 22:27:09 GMT

Eg hadde tenkt å omsetje ein artikkel av den utsende medarbeidaren til
Libération, Romain Franklin, i Dili. I staden rota eg meg bort i eit
vepsebøle av rap og "revolusjonær" ungdomskultur - for min eigen del ein
diskusjon på sidelinja. Eh bien, no sit eg her og gjespar, og må nok gi opp
prosjektet. Det er vel få av dykk som les fransk, så eg sender berre adressa
til denne artikkelen for dei som er interesserte:

http://www.liberation.fr/quotidien/semaine/990910venh.html

Libération har framleis ein av dei få journalistane som er att i Aust-Timor.
Desse er viktige vitne, sjølv om dei no er forskansa i Unamet-hovudkvarteret
i Dili.

"Det fanst 500 journalistar i Aust-Timor for å «dekkje» folkeavstemminga 30.
august. Torsdag var det mindre enn tjue att, deriblant den utsende
medarbeidaren til Libération, Romain Franklin, den einaste representanten
for ei fransk avis. Han har bestemt seg for å halda fram arbeidet sitt på
plassen så lenge som mogleg. Liksom dei britiske, australske og portugisiske
kollegane som også har blitt verande att, har han mått søkje ly i
FN-hovudkvarteret i Dili etter å ha blitt truga av militssoldatar. Dei ligg
i leir i denne siste «verna», eller «omringa» enklaven som den indonesiske
hæren seier det er umogleg å ta seg ut av utan å bli målskive for
militssoldatar, som ikkje nøler med skyte på alt som liknar ein journalist,
eller ein diplomat. Målet med dette er å jage bort alle sjenerande vitne til
blodbadet som går føre seg. Det blir såleis vanskelegare og vanskelegare,
for ikkje å seia umogleg å gi eit eksakt bilete av situasjonen i hovudstaden
liksom i resten av landet. Militssoldatane er berre nokre hårstrå frå å ha
gjennomført den første fasen i planen: Jaga alle vitne. Det vesle som er att
av FN-representasjon er siste informasjonskjelde i Aust-Timor. Den bør ikkje
forsvinne", skriv Pierre Haski, ein av vise-redaktørane i Libération.

Alt Timor-stoffet til avisa er elles samla i ei "mappe":
http://www.liberation.fr/timor/index.html

Og artiklar i dagsavisa finn ein her:
http://www.liberation.fr/quotidien/index.html

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : votre agenda online gratuit !