Re: Gatas Parlament

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 10 Sep 1999 19:21:14 GMT

Morten Falck skreiv:

>GAMLE MENN MED GAMLE HODER?

>Det som forundrer meg mest, er at enkelte gamle menn ser ut til å ha glemt
>at de har vært unge. Ta dere i vare, gamle venner. Det er farlig lett å bli
>latterlig.

Om du tenkte på meg, har eg slett ikkje gløymt "ungdomen". Eg er framleis
ung... eit halvt hundrår er ikkje så gamalt, og skulle det vera det, har eg
aldri vore redd for å gjera meg til lått. Det er menneskeleg å vera
latterleg. Middagshøg eller ikkje middagshøg. Kvifor skulle det bekymre meg?
Kvifor skulle eg orsake meg?

Hadde eg vore redd for å drite meg ut, hadde eg aldri skrive eit ord på
KK-forum. Men eg har ingenting å tape, inga karriere å ta vare på, og eg er
ikkje skuldig for noko som helst, anna enn for slikt som ein helst snakkar om
på kammerset.

Eg likar å halde litt kontakt med gamlelandet. Sjølvsagt er eg ikkje heilt i
fase. Eg snakkar sjeldan norsk, og er sjeldan der oppe. Men eg likar å
diskutere, til og med å krangle, enda det ikkje fører nokon veg.

Medan eg skriv dette, kjem det andre meldingar slengande. Eg ser at det no
er nok... og at ein helst heller ikkje skal pirke borti nye, unge, talentfulle
journalistar. Ein skal sjølvsagt ikkje pirke borti avisa som dette forumet har
namn etter, og slett ikkje harselere med arbeidarklassen sin fortropp... Ein
treng ikkje ein gong stille spørsmål til desse, for ein får ikkje noko svar.
Nei, forteiing skal vera regelen. Overlat jobben til oss, og hald kjeft!

Om eg ikkje er så revolusjonær av meg lenger at det gjer noko, blir eg ikkje
meir revolusjonær av dette! Det gir meg blod på tann, og slett ikkje trong
til å halde kjeft. Men berre slapp av. Eg skal ikkje tvære på gamle
diskusjonar.

God helg,

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : votre agenda online gratuit !