Re: Nå er det nok

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 10 Sep 1999 20:38:08 GMT

Eline Lønnå, ein av vaktsjefane i Klassekampredaksjonen skreiv:

>Jeg melder meg av forumet. Årsaken er at jeg ikke finner det mulig å
>fortsette å utsette meg for å lese den sjikanen og mobbingen av
>enkeltpersoner som foregår på forumet, med listeadministrator i spissen.

Eg kjenner deg slett ikkje, og veit ikkje om eg har lese noko av det du har
skrive. Men skal du halda fram med avisarbeid, blir du nok nøydd
til å utsetje deg for å lese verre ting enn det som kjem på KK-forum...

KK-forum er det beste norske, politiske diskusjonsforumet som finst på
Internet, uansett politisk tendens. Eg kjenner rett nok ikkje alle, og det kan
hende eg tek feil. Men eg har aldri funne noko betre forum.

Eg er medlem av eit par (lukka) franske politiske diskusjonsforum, og kan seia
deg at KK-forum berre blir barnemat i høve til desse. Same korleis det er,
blir det litt latterleg når ein vaktsjef i Klassekampen stikk nasen i vêret
og smell døra att på denne måten. Eg las dessutan nettopp at:

>Klassekampen er en avis som er avhengig av god kontakt med sine lesere og
>venner. Enten du har tips, kommentarer, kritikk eller bare lurer på adressa
>eller telefonnummeret til Klassekampen finner du det på denne sida. Noe du
>synes mangler? Si ifra!

Det er på tide å stikke fingen i jorda. Kven er det ein tar seg for?

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : votre agenda online gratuit !