Re: Dårleg "Propaganda"

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 10 Sep 1999 16:02:39 +0200

Oddmund Garvik wrote:
>
> Det er sjeldan eg vidaresender noko til forumet, men her om dagen fekk eg
> (for fyrste, og vonaleg siste gong!) reklame i e-postkassa mi. Det svingar
> visst i den norske presseverda, men det svingar ikkje høgt.
>
> Eg hadde eigentleg tenkt å trykkje på <DEL> med det same, men så blei det
> liggjande likevel. Eg har fjerna alle adresser og telefonnummer, for eg vil
> sjølvsagt ikkje reklamere for denne svindelen. Her kjem det:

Eg fekk også denne reklamen for "Propaganda". Har utgjevarane brukt
deltakarlista til KK-forum, tru? Er det prisen vi må betale for å ha eit
opent forum?

Lars Staurset