Kjekke kvalpar og morske pitbullar

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 10 Sep 1999 16:10:38 +0200

"Gatas parlament" hadde eg knapt høyrt om før denne debatten oppstod, og
eg las ikkje intervjuet i KK. Sannsynlegvis appellerer ikkje musikken
deira til meg.

Men plagar det meg at han har noko å gje til andre? NEI! Gjer det noko
at unge (og eldre) menneske tenkjer uferdige tankar, og attpåtil får dei
på trykk i KK? NEI!!!

Er det noko venstresida treng i dag, så er det eit opent sinn. Marx,
Lenin og Mao hadde ikkje alle svara.

God helg
Helsing Lars Staurset