SV og "Nye Nato"

Leif Kjetil Tviberg (leifk@newmedia.no)
Fri, 20 Aug 1999 18:44:13 +0200

Ein litan korreksjon til Mathias Bismo:

SV ER mot Nye Nato, det har vi einstemmig landsm|tevedtak om. ]rsaken til
at Kristin Halvorsen ikkje vil skrive under oppropet, er setninga om krigen
i Jugoslavia, som ho meiner bryt med SVs Kosovo-standpunkt. I avisoppslaget
der Kristin grunnga kvifor ho ikkje ville underskrive, stilte ho seg
positiv til resten av innhaldet i oppropet. Eg er ikkje samd i Kristin si
vurdering av oppropet, og fleire av dei som stod p} hennar side i
Kosovosaka har skrive under p} oppropet. Men rett skal vera rett.

Klassekampen sitt forhold til partia p} venstresida og kva forhold partia
skal ha til kvarandre (samarbeid, konkurrentar eller "taktiske
hovudfiendar") er interessante tema som eg gjerne vil kome tilbake til. Men
no er det valkamp, eg har ikkje tid!

Leif Kjetil Tviberg