SV: Ikke alt valgflesk er like fett for KK...

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 18 Aug 1999 09:34:09 +-200

Svar til Hovig og Svorstøl:

RV la valkampopninga si til kl 16.30 fredag.

Det er 2 og ein halv time etter Klassekampen-journalistane si daudline den dagen. Umogleg å høyra Torstein Dahle, umogleg å sjå "auksjonen", umogleg å ta foto... etc. Eigentleg var det umogleg for KK å dekkja denne valkampopninga, på grunn av tidspunktet. Enklare vart det ikkje av at RV ikkje hadde konkrete nye tal eller andre handfaste utspel å presentera for oss. Når vi likevel "latar som", og lagar ein artikkel, er det uttrykk for vår sterke vilje til å skriva om RV i valkampen.

SV hadde si opning på ei tid som gjorde det mogleg for oss å vera med. Eg er samd i at det ikkje kom fram så mykje nytt, men dekkjinga av SV var heilt OK. Det tykkjer eg dekkjinga av RV var òg, slik tilhøva no ein gong var.

Det er sjølvsagt teoretisk mogleg å få RV til å laga ei "valkampopning" til ære for KK. Men det føreset ressursar til å organisera det, midt oppe i Aslaks radio-avtaler, RV-kontorets stress, KKs begrensa ressursar (og ferieavvikling) etc etc etc. Så det er ikkje sikkert at det er PRAKTISK mogleg. Olaf Svorstøl er hjartleg velkomen til å koma ned i redaksjonen og gje oss tips til korleis vi kan løysa slikt. Vi gjer så godt vi kan, ofte ikkje godt nok, sjølvsagt.

Eit anna spørsmål er: Kven har ansvar for at RV kjem på trykk i Klassekampen? KK-redaksjonen eller RV? Når RV legg si valkampopning til ei tid då dei VEIT at den einaste revolusjonære dagsavisa har hatt daudline for lenge sidan (noko RV-leiinga vart gjort merksame på), og deretter ikkje lyfter ein finger for å tilby oss noko vi kan vera med på, er det då redaksjonen si oppgåve å organisera presseutspelet FOR RV? Det er mogleg at Hovig meiner det, i så fall har vi eit godt døme på at det er skilnad på å vera RV-politikar/aktivist og å laga Klassekampen. (Riktignok var fleire i denne redaksjonen med og hjalp til med sjølve arrangementet, det er vel òg eit uttrykk for vår nye "politiske line"?)

Motseiinga mellom RV/AKP og KK vil alltid vera der, inntil vi evt blir organ for Sentralkomiteen. Vi gjer som sagt vårt beste for å løysa ho. Difor blir eg ganske deprimert når Hovig skriv om vår dekkjing av valkampopninga:

"Følgelig heller jeg mot en forklaring om at dette er uttrykk for redaksjonens eller deskens politiske vurdering."

Tenk dykk om karar! Realiteten er:
1 RV lagar valkampstart på eit anti-KK-tidspunkt.

2 KK tek sjølv kontakt og lagar førehandsintervju. (Foto vart forsøkt ordna, eg veit ikkje kvifor det ikkje gjekk i boks.) Lite nytt kom fram i intervjuet, ingen tal, krav, utspel etc. Ergo veldig vanskeleg å laga "stor sak", når vi heller ikkje kunne skriva om sjølve valkampopninga.

3 RV (ved Hovig og Svorstøl) skjeller ut Klassekampen for å ha så lite stoff om valkampopninga, og hevdar at den sitjande redaksjonen har kome over på den høgrevridde lina til den førre redaksjonen, med DETTE EINE DØMET som grunngjeving. (Catch 22.)

Eg kan jo til dømes "hella til ei forklaring" som seier at "RV-leiinga er borgarleggjort og legg seg flate for Akersgata medan dei gjev blaffen i kva høve Den Revvolusjonære Dagsavisa får til å skriva om RV sine arrangement, kvifor i helvete skulle vi gidda å skriva om RV når slikt skjer?". Men noko slikt kunne det ikkje falla meg inn å skriva på alvor

Dersom Hovig meiner alvor med kritikken sin (av redaksjonens "politiske line"), må han koma med meir enn dette eine dømet. Så kan vi diskutera, vi har heilt sikkert noko å læra også av denne kritikken. Men inntil vidare, når det gjeld dekkjinga av RV's tilskiping fredag kl 16.30, er mi melding:

Du må undersøke! Du må ikke prate tull! Det duger ikke!

Mingus

PS
Mitt standpunkt er at KK bør skriva meir om RVs valkampopning enn det vi fekk til i år. Der er vi samde. Men dersom Svorstøl meiner at kritieriet på ei revolusjonær avis er at ho "skriv om revolusjonære parti" er vi usamde. Det er stoffet om SAMFUNNET som er det viktigaste, ikkje stoffet om RV, AKP, eller SV for den sakas skuld.

DS