Dobbelstemme

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Tue, 14 Oct 1997 16:22:18 GMT

Det har vorte gjort eit stort poeng av at styreformann Rolf Rynning
Hanssen kunne vere så udemokratisk at han ville bruke dobbelstemma si
ved tilsetjing av redaktør i Klassekampen. Tenk noko så uhyrleg! Til
og med i eit demokratisk land som Noreg. Slikt bør berre vere mogleg i
land vi ikkje ein gong torer nemne namnet på. Eit nytt døme på kor
langt det fæle AKP er viljuge til å gå i forsvar for det vonde. Slik
er gnålet vi har vorte tuta øyrene fulle med dei siste dagane frå
demokratiforkjempar Tranøy med fleire. Vel, vel.

I alle lag og organisasjonar eg har vore med i opp gjennom åra - frå
politiske parti og organisasjonar til meir uskuldige båtlag,
velforeiningar eller foreldreutval, har det vore ein paragraf om kva
som skjer i samband med likt røystetal på styremøte. Alle - utan
unntak - har hatt følgjande passus:

"Ved likt røystetal, er det vedteke som leiaren har røysta for."

Altså har den fæle Rynning Hanssen ikkje noko val. Enten røystar han
for det han meiner er rett - eller så må han røyste mot overtydinga
si. Han har ikkje noko dobbelstemme han kan la vere å bruke.

Eg finn det merkeleg at klubbmedlemmene i Klassekampen ikkje har retta
kritisk søkelys på denne udemokratiske paragrafen tidlegare.
Paragrafen terroriserer sanne demokratar i over 100 000 lag, utval og
organisasjonar i heile Noregs land dagleg. Skal verkeleg dette få
halde fram? ;-)

mvh
Sigurd Eliassen