Redaktørskifte_og_avisstrid_anno_1966

Håkon_Kolmannskog (haakon@mail.feskar.net)
Mon, 13 Oct 1997 13:14:07 +0000

DETTE INNLEGGET ER SENDT TIL KLASSEKAMPEN:

Redaktørskifte og avisstrid anno 1966

For nokre veker sidan, då eg ute på reise, var eg heime hjå ein gamal
målmann. Mannen hadde vore sentral i det meste av det målrørsla dreiv
med på midten av 60-talet. Han fortalde meg ei interessant soge om den
gongen styret i nynorskavisa Dag og Tid avsette redaksjonssekretæren
og redaktøren på dagen, ein novemberdag i 1966. No har eg funne
avisklyppa frå denne avisstriden, og tenkte dei kunne ha interesse for
lesarane av avisa Klassekampen.

"Nynorsken er død"
Me kan starta med det einaste sitatet eg har funne frå leiarartikkelen
som starta det heile:"Nynorsken er snart død, og godt er det. Vi kan
øygne slutten på den nasjonale narreskapen som har kalla seg norsk
språkstrid; som målfolket sjølv har drive, sjølv har forkludra, og
sjølv har tapt. Det er ille for Kaffistoveadelen at nynorsken må døy,
og det skal nok gå lang tid etter gravferda før gråtekonene åt
målfolket har hiksta frå seg". (Sitat frå Dag og Tid i Arbeiderbladet
22/11/1966)

Grunnsyn
Det var redaksjonssekretæren i Dag og Tid, med samtykke frå
redaktøren, som hadde skrive leiarteigen. Den gamle målmannen eg var
på vitjing hjå, var disponent i avisa, og hadde andsvaret for å ordna
med utsending av bladet. Då han var på prenteverket, oppdaga han
leiarteigen i avisa, heldt attende opplaget og kontakta styret for
avisa. Styret meinte leiarteigen stridde mot grunnsynet til avisa Dag
og Tid, og meinte det var rett at redaksjonssekretæren og redaktøren
trekte seg attende.

Mediastyr
Det vart tydelegvis eit valdsamt leven. Styret bad
redaksjonssekretæren og redaktøren om å trekkja seg attende. Media slo
saka stort opp, fjernsynet laga intervju med den avsette redaktøren
som "hevdet..at han ikke hadde opptrådt illojalt overfor Dag og Tids
program" (Arbeiderbladet 22/11/1966). Morgenposten skriv same dag: "En
redaktør og redaksjonssekretær avsatt på stedet og opplaget inndratt,
det er ikke hverdagskost i presse-Norge. Er dette atter et anslag mot
pressefriheten og redaktørens ukrenkelige rettigheter? Et blikk på det
inndratte nummer av "Dag og Tid" kan bare lede til en konklusjon:
Styret har rett. Hvis ikke det hadde skredet inn mot
redaksjonssekretærens lederartikkel i siste nummer, ville det ikke
ivaretatt det som er etvert styres rettighet og plikt".

Redaktørplakaten?
Morgenposten held fram: "Saken er klar. Enhver redaktør skal ha sin
frihet, og intet styre kan legge seg opp i hans virke. Men
forutsetningen er at redaktøren deler bladets grunnsyn og at bladets
meninger beveger seg innenfor dette grunnsyn. "Kommer en redaktør i
uløselig konflikt med dette, plikter han å trekke seg tilbake fra sin
stilling", står det i den såkalte "redaktør-plakat". Her har man et
slikt tilfelle. At den aktuelle artikkel er skrevet av
redaksjonssekretæren endrer intet ved dette".

Etterkvart slutta avisene å skriva om striden. Det einaste eg fann var
sinte lesarinnlegg frå mållfolk. Ein innsendar synte mellom anna til
at at den utskjelde redaksjonssekretæren aldri hadde vore medlem av
mållaget, men tvert om hadde vore medlem av riksmålsforeningen i minst
6 år.

Reorganisering
Men so, eitt år etterpå i eit avisoppslag i Vårt Land 27. oktober
1967, finn eg overskrifta: "Reorganisering av Dag og Tid". Artikkelen
fortel om ein pressekonferanse der den nye redaksjonen i avisa vert
presentert: "Optimisme i Akersgata! Den nynorske vekeavisa "Dag og
Tid" som i det siste har kome ut ein gong i månaden, kjem nå ut på
nytt kvar veke. Det er skaffa ny driftskapital, i alt 235 000 kroner".

Den nye redaktøren fortel at han vil redigera avisa etter "den same
redigeringa som tidlegare, ei line han meinte den siste redaksjonen i
bladets tid som vekeavis hadde gløymt". (Vårt Land 27/10/1967)

Kamporgan?
Eg avsluttar denne soga med det siste sitatet eg fann mellom
avisklyppa: "Det er ikkje meininga at "Dag og Tid" skal vere noko
målpolitisk kamporgan, sjølv om det skal vere ei nynorsk avis.
Redaktør Snerthe kunne likevel ikkje love at avisa ikkje ville ta
stilling i målpolitiske spørsmål".

Det er umogleg å vita kva som ville hendt om styret i Dag og Tid ikkje
hadde handla som dei gjorde. Eitt er visst: Avisa har ikkje vorte noko
kamporgan for målrørsla, sjølv om målrørsla og nynorsken tener på å ha
ei nynorsk riksavis. Ofte tenkjer eg, som målmann og fast lesar av
avisa Dag og Tid, at ho ofte kunne teke meir stilling og vore
"skarpare" og meir interessant. Men når eg no oppdagar denne litle
avis-soga frå 60-talet tenkjer eg at eg er glad for at denne gamle
målmannen, som ikkje var so gamal i 1966, stogga prenteverket av di
han meinte artikkelen braut med grunnsynet til avisa. Om han ikkje
hadde gjort det, kva tru kva grunnsyn avisa hadde hatt i dag?

Håkon Kolmannskog


haakon@feskar.net
Tlf: 22 36 40 43 (a)
92 84 83 60 (mob)
22 36 40 68 (faks)