Re: Avis for folket, etc

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 06 Oct 1997 15:33:50 +0100

Jon Hareide Aarbakke skriv i eit svar til meg:
"Eg las og Gunnar Furuhaugs innlegg i KK laurdag.Eg likte det visst betre
enn Olve Steinset. Poenget er vel enkelt: finst det nok abonnentar til
Olves avis? Gunnar trur ikkje det, og det skulle ikkje undre meg om han har
rett."

Nå ja, no driv ikkje eg nokon avis, og har derfor ikkje så store problemar
knytt til abonnentar, har heller ikkje så store planar om å starte nokon
avis heller. Det som opptek meg er å bevare Klassekampen som avis - ei avis
som blant anna kan innehalde det nettopp du likar ved å lese KK, og
samstundes det du etterlyser/saknar.

Vil oppmode deg og fleire til å lese innlegget til Trond Andresen og Pål
Steigan her på forumet i dag. Det er etter mitt syn ein eksakt vurdering av
kva dette dreiar seg om - utan at Klassekampen vel side har den ikkje noko
eksistens grunnlag i den norske avismarknaden.

MHH Olve Steinset